Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

bokselskap.no
from bokselskap.no More from this publisher
22.08.2013 Views

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html Der gjekk ei tid. For Helmer var det ei god tid, for han hadde ungar i huse. Dei var så småtrollet og rare, dei gjorde han til bestefar og narr; dei styrde huse for han. Og Kari var der. Svarte vinteren var det, snø og fokk, men maken til lyse dagar var det lenge sia han såg. Ho vona at mannen kom etter. Det gjorde han òg, trasen, men han kom og vilde ha lensmanns-ombude, som just var ledig nå. Kari såg bønlig på Helmer. Han forherda hjarte sitt og svara: Var det så sant du som vilde bli lensmann, eg skulde ta ned gamle sverde mitt og dra ut i striden! Dei fór til byen att. Det vart eit uendes tragl med dumheit og kvardags-leitt, frå gale til verre år for år. Stakaren drakk visst òg, nå. Målfrid og Arvid hjelpte dem dei òg. Dei heldt elles til midt i lykkedagen dei. Dei minte ein om gul åker med sol på. Eller om «vanlig folk». Kari var noko anna. Vakker som ulykka, kunde ein mest tenke, Helmer vart rar somtid og tykte han såg lagnaen pekte på henne. Vanlig folk ja. Der var mange av dem, og Helmer hadde ikkje lov til å vasa seg bort frå dem. Der var venneflokken. Kloke snille menneske kvar for seg, og stridde for rette saka, men dei stridde så dumt! Men Helmer sat fast i sitt, han kunde ikkje hjelpe dem. Gud veit når han fekk att den gamle trua si. Og korles var det ikkje i bygda elles? Rettnå kjørte dei heile vognrukle sitt i grøfta, — Helmer fekk ikkje opp røsta si til eit vettugt ord der heller. Kari og mannen hadde flytta utover til ein stad som heitte Øyvære. Han skulde vera der i frå. Helmer bad sterkt at nå måtte det gå vel. Han gjorde som Luther, sette Vårherre stolen for døra. Det vermte han sjøl om ikkje anna. Heile åre gjekk utan han hørte noko frå dem. Ja vel, sa Helmer ein vakker dag, han la heile bygda bakom seg og fór utover til Øyvære. Det var på lag som han hadde venta seg det. Kari sat der åleine med ungane sine. Mannen var ute på forrettningsferd. Ja visst. — Kor held han til nå? spurde Helmer. Kari såg på han. Det var just det ho vilde ha visst. Helmer hørte smått om senn korles det var. Dei flytta hit, for her hørte han heime, og her skulde han skape forrettning med fisk og slikt, det var ting han forstod seg på; så fór han ut og skulde «ordne seg» så han kunde Page 36 of 176

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html komma i gang. Sia hadde ho ikkje hørt noko frå han. Ho trudde ennå at han kom heim att. Her sat ho og leid velgjerningar av grannane, enda dei var da fattige nok. Det var ufattelig kor ho elska dette mannsbillete sitt. Ein dagen tilstod ho det for Helmer. — Det er berre ein ting å seie: For meg er han den einaste mannen i verda. Slik stod det til ja. Og slik står det til her, tenkte han når han såg seg om i være deres. Det var berre levningane av eit vær, han hadde aldri set noko så armodslig, — dauen i gryta, som dei sa. Folk hjelpte kvarandre med å berge live. Hittil hadde det gått på eit vis. Kari vilde ikkje der i frå. Mannen skulde finne henne der. — Ja, sa Helmer, du får vente på han her. Det rykte vondt i hjarte på han. Det vilde ta både mote og mæle frå han. Dette her hadde da ikkje lov til å vera sant? Han snakka litt med folk der ute. Dei var ikkje skyld med rømlingen, men dei sa lite om han. Dei venta han nok ikkje hit meir. Helmer sa da han skulde reise at han kom att. — Eg må sjå hit til småkrypa dine, let han, — enn dei kjente att meg da gut! Store Gud for ein gave dei er! Ho hørte ikkje større på prate hans, ho såg på han. Ho vart litt bleikare enn ho alt var. Ho såg han hadde gitt opp trua på at mannen hennes kom att. Ho ansa knapt han stakk til henne nokre pengesedlar, men ho såg vakkert på han da han gjekk om bord i dampbåten. Egil-guten var ein ovmodig liten knekt, men like vel suttra han litt nå, og spurde: — Kan du ikkje komma att til oss da, Helmer? Du har ikkje set storsjøen her ennå, la han til. Og Solveig sa: — Så ruskar du med deg litt godt til oss igjen! Og så vinka vesle dama etter han. Dei vinka alle tre. Tre vernlausingar på ein svart holme i have. Helmer kjente seg som ei gammal kjerring. Han burde vore ein ung bjønn. Men, tenkte han i heimvegen og sia, så har eg da anna å tenke på enn djupe ting. Djupe ting ja, han gjekk med dem i kring seg, det eine spørsmåle breiddmed det andre. Der var visst særlig eitt som vilde han til livs. Det fekk stå ut til så lenge. Unda vegen her med religiøst samvett og slikt, har de set kor vondt denne gjentungen min har det? Page 37 of 176

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html

Der gjekk ei tid. For Helmer var det ei god tid, for han hadde ungar i huse.

Dei var så småtrollet og rare, dei gjorde han til bestefar og narr; dei styrde huse

for han. Og Kari var der. Svarte vinteren var det, snø og fokk, men maken til lyse

dagar var det lenge sia han såg. Ho vona at mannen kom etter.

Det gjorde han òg, trasen, men han kom og vilde ha lensmanns-ombude, som

just var ledig nå. Kari såg bønlig på Helmer. Han forherda hjarte sitt og svara:

Var det så sant du som vilde bli lensmann, eg skulde ta ned gamle sverde mitt og

dra ut i striden!

Dei fór til byen att. Det vart eit uendes tragl med dumheit og kvardags-leitt,

frå gale til verre år for år. Stakaren drakk visst òg, nå.

Målfrid og Arvid hjelpte dem dei òg. Dei heldt elles til midt i lykkedagen dei.

Dei minte ein om gul åker med sol på. Eller om «vanlig folk». Kari var noko

anna. Vakker som ulykka, kunde ein mest tenke, Helmer vart rar somtid og tykte

han såg lagnaen pekte på henne.

Vanlig folk ja. Der var mange av dem, og Helmer hadde ikkje lov til å vasa seg

bort frå dem. Der var venneflokken. Kloke snille menneske kvar for seg, og

stridde for rette saka, men dei stridde så dumt! Men Helmer sat fast i sitt, han

kunde ikkje hjelpe dem. Gud veit når han fekk att den gamle trua si. Og korles

var det ikkje i bygda elles? Rettnå kjørte dei heile vognrukle sitt i grøfta, —

Helmer fekk ikkje opp røsta si til eit vettugt ord der heller.

Kari og mannen hadde flytta utover til ein stad som heitte Øyvære. Han

skulde vera der i frå. Helmer bad sterkt at nå måtte det gå vel. Han gjorde som

Luther, sette Vårherre stolen for døra. Det vermte han sjøl om ikkje anna. Heile

åre gjekk utan han hørte noko frå dem.

Ja vel, sa Helmer ein vakker dag, han la heile bygda bakom seg og fór utover

til Øyvære.

Det var på lag som han hadde venta seg det.

Kari sat der åleine med ungane sine. Mannen var ute på forrettningsferd. Ja

visst. — Kor held han til nå? spurde Helmer. Kari såg på han. Det var just det ho

vilde ha visst. Helmer hørte smått om senn korles det var. Dei flytta hit, for her

hørte han heime, og her skulde han skape forrettning med fisk og slikt, det var

ting han forstod seg på; så fór han ut og skulde «ordne seg» så han kunde

Page 36 of 176

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!