22.08.2013 Views

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html

For Arvid er Arvid. Han er ein gut for seg. Han er mykje til kar, så einslig han

er. Der til er han odelsgut i velstand å kalle, av godt folk, av dei beste, lat så vera

han er litt bortskjemt av denne velmakta. Kar er han ja, står tvert i mot både

foreldra og bygda. Helmer må le: guten er rød kommunist han, skire

rødkløveren, ei ku måtte like han, og Helmer gjer det samme. For gutkroppen

har merg i seg, det er det. Mor hans er motstandaren til Helmer, i frikjerka og

elles, ho er av bror Jørgen-slage, slik.

Han sa det til henne ein gong: — Du er sjølve motmannen min du. Ho lo; det

var ikkje anna råd med ’n Helmer den tida. Ho var ei staut kvinne, litt for staut

kanskje, men mannen var da jamhøg med henne og styrde sitt. Dei let Arvid rå

seg sjøl mykje godt, men det hadde knapt skadd han, tvert i mot, trudde Helmer.

Bror hans, eldsteguten, var død. Han studerte, han, til medisindokter, fortalde

moster hans, og det var ein stor ting for folkehelsa, let ho; men guten døde av det.

Nå var det Arvid dei såg opp til. Og når den guten var ute og synte seg med ei

gjente, da var han heit i bringa. Han fór aldri med vas. Ein kvelden følgde han

Målfrid inn i stua og helsa på Helmer. Målfrid såg ut som ho vilde søkke

nedgjennom golve, men ein blenk frå auga hennes møtte Helmer. Det gjekk han

som vin gjennom blode. Han måtte ut og bortetter vegen ein sving. Der anga det

heggeblom, der og all verda utover, syntes han. Han song ikkje, det gjorde han

sjelden nå, han let berre kvelden synge i seg, lyse og lufta, regnelingen sørpå fjella

og den rare kjeimen av jorda i kring.

Berre ho er fanga godt nok, tenkte han sia. Det såg slik ut, heile sommaren

utetter. Men, Helmer, sa han seg, litt hemnsmak går du og syg på nå: at dei lyt ta

Målfrid god, ta henne i hus med seg. Han retta seg opp og smått lo: Det får vera

meg tilgitt det, som så mangt anna. Det var denne mora han sa det til.

Det var ho som var varig harm på han for dette med vale. Kristenfolke sette

ikkje opp ordføraremne når Helmer slo seg rang, dei hadde ingen til det. Han

hørte ein vakker dag at ho hadde tatt for seg Målfrid og snakka alvor med henne.

Gjenta vilde ikkje ut med stort, men ho hadde det vondt, såg han, var vel bedt om

å halde seg unda.

Han gjekk på den gode kona, han fekk snakke alvor han òg. Nå ja, i

heimvegen stana han og lo høgt med seg sjøl. — Eg skal fortele deg ho ga meg

inn! sa han. Ho ga meg inn med treskjeia gut.

Page 28 of 176

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!