Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

bokselskap.no
from bokselskap.no More from this publisher
22.08.2013 Views

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html slik er det òg, set frå ein annan kant? Han låg still og fann seg i det og var ingenting særlig, hadde ikkje vore noko heller. Anna enn ei tru, ein vane, — som kom bort att. Nå ja, i morgo var ikkje det sant. Han var ansles skapt enn som så. Og ein har da ikkje skapt seg sjøl. III. Helmer møtte vennene da og da utover vinteren. Dei var mildt folk, småvorne og godslige. Ein og annan såg litt skygg på han, kom vel i hug synda hans, ho var så stygg og rar å minnas. Dei tilga han den. Det var nå deres rett. Dei andre, dei som var eldste i frimenigheita, dei såg ansles på det. Feilar og fell det gjer vi alle, meir og mindre, men at Helmer sette seg opp mot dem, sveik dem når dei trong han, det var verre enn synd. Dei vilde han vel, og han vilde dem vondt, det var det som var så sårt. Han hadde gitt fienden sverde sitt politisk set i alle fall. Der var dei som sa at ennå vona dei og venta på han. — Du tar deg sjøl for høgtidelig, sa ein. Helmer svara at det var dei som tok han for høgtidelig. Bror Erik spurde: — Hører du slett ikkje at Gud seier noko til deg nå meir? — Jau, svara Helmer. Men han talar aldri politisk til meg. Ja ja. Vondt er vondt det. Om det så berre er eit brannsår, sa kjerringa. Det vart han ein langvoren vinter. Våren og sommaren gjorde det litt romsligare for han. Mellom anna så krangla han litt med lensmannen, kvifor ikkje med han? Det gjaldt berre ein liten laksrett, og da lensmannen hadde granska dei rette papira ga han seg straks. Men vennene undra seg, for den Helmer dei kjente låg aldri i krangel med nokon, han sa versågod, sitt der med retten din du, eg treng han ikkje. Slik var dei òg, så vidt dei visste. Men Helmer hadde gjort det for gjentungane si skyld, han kom i hug kor fattige dei var, og at lensmannen klara seg utan denne uretten. Helmer sette ut not, og fiska for eit par hundre kroner første åre. Så nå hadde gjentene kvar si bankbok. Målfrid vart konfirmert i frikjerka om hausten. Kari vilde bli konfirmert i statskjerka, ho tykte vel det var grommare det, stakar. Ho var så snarp på skolen, så ho slapp ut og vart konfirmert samme hausten. Stor glede over små ting; det var vakkert å sjå. Page 22 of 176

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html Det hende dem noko leit den hausten òg. Helmer tykte elles det var ein lystig hending, førsteparten av det, gjentungane levde her i verda dei som andre, og Kari var ei lita heltinne i den soga. Det som følgde etter var ei anna sak. Ein målargut frå byen arbeidde i bygda, ein ung og stillfarande ein, og bra å sjå til, det var ikkje fritt for at gjentungane interesserte seg for han, som det heitte nå for tida. Men det vart ymta om at der skulde vera noko i vegen med han. Ein sundagen synte tusslingen kva grisgut han var. Gjentungane og ei frå grannegaren var oppi skogen og såg etter nøtter. Dei var som ikonnen, dei tok helst nøtta ein måna for tidlig. Dei to av dem kom bort frå Målfrid, og da dei fann henne stod gromguten deres der og kledde av seg, slik og slik, og Målfrid stod dødbleik og stiv og klemte seg att-ende mot eit tre. Kari treiv ein staur av skigaren, den andre det samme, der med sette dei på fienden med fullt hærskrik, så han tok rømminga, — dei etter! Dei delja til han så sant dei nådde han, dei jaga han stups ut i bekken, men da berga han seg inn i skogen på andre sida. Det var ein dåd av dem. Folk tykte han burde hatt meir. Men Målfrid kom heim mest så ho sjangla, vilde ikkje sjå nokon av dem. Det tok på Kari òg: ho gret av sinne ho, gjorde visst oppreist mot både Gud og menneske. Til ho lo og sa pytt, ein fann seg alltid ein staur å slå med. Ho fekk snakka mot i Målfrid òg etterkvart. Men Helmer hadde lagt merke til Gisken. Ho var visst nær på å svimre gong for gong utetter kvelden, og ei stund måtte ho legge seg nedpå. Sia om dagane skjønte han at ho var ikkje frisk. Denne rødleten hennes var noko for seg, og auga var ansles blanke enn dei skulde vera. Ho lea trøytt på hovude da han vilde ha henne med til dokteren, det vanta ikkje henne noko. Endelig fekk han henne dit. Tæring, visste Helmer om det ikkje vart sagt. Og det var da ein sjukdom med von i? Dokteren sa der var god von, berre ho levde slik og slik. Gisken gjorde som dei bad henne om. Ho vilde så gjerne leva. Ein sundag utpå vinteren gjekk ho til bedehuse, utan å be Helmer bli med. Han vart harm, og han vart blid att, sat så og las i bibelen eit tak, som vise hans var i det siste. Ei merkelig bok, venner, og ei frammandvori bok for han, enda han hadde lese og prekt bibel så lenge. Om sider kjente han på seg at nå var det slut i bedehuse, — nå slepp dei ut, sa han, tok på seg og gjekk Gisken i møte. Page 23 of 176

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html

slik er det òg, set frå ein annan kant? Han låg still og fann seg i det og var

ingenting særlig, hadde ikkje vore noko heller. Anna enn ei tru, ein vane, — som

kom bort att.

Nå ja, i morgo var ikkje det sant. Han var ansles skapt enn som så. Og ein har

da ikkje skapt seg sjøl.

III.

Helmer møtte vennene da og da utover vinteren. Dei var mildt folk, småvorne

og godslige. Ein og annan såg litt skygg på han, kom vel i hug synda hans, ho var

så stygg og rar å minnas. Dei tilga han den. Det var nå deres rett.

Dei andre, dei som var eldste i frimenigheita, dei såg ansles på det. Feilar og

fell det gjer vi alle, meir og mindre, men at Helmer sette seg opp mot dem, sveik

dem når dei trong han, det var verre enn synd. Dei vilde han vel, og han vilde

dem vondt, det var det som var så sårt. Han hadde gitt fienden sverde sitt politisk

set i alle fall. Der var dei som sa at ennå vona dei og venta på han. — Du tar deg

sjøl for høgtidelig, sa ein. Helmer svara at det var dei som tok han for høgtidelig.

Bror Erik spurde: — Hører du slett ikkje at Gud seier noko til deg nå meir? —

Jau, svara Helmer. Men han talar aldri politisk til meg.

Ja ja. Vondt er vondt det. Om det så berre er eit brannsår, sa kjerringa. Det

vart han ein langvoren vinter. Våren og sommaren gjorde det litt romsligare for

han. Mellom anna så krangla han litt med lensmannen, kvifor ikkje med han?

Det gjaldt berre ein liten laksrett, og da lensmannen hadde granska dei rette

papira ga han seg straks. Men vennene undra seg, for den Helmer dei kjente låg

aldri i krangel med nokon, han sa versågod, sitt der med retten din du, eg treng

han ikkje. Slik var dei òg, så vidt dei visste. Men Helmer hadde gjort det for

gjentungane si skyld, han kom i hug kor fattige dei var, og at lensmannen klara

seg utan denne uretten. Helmer sette ut not, og fiska for eit par hundre kroner

første åre. Så nå hadde gjentene kvar si bankbok.

Målfrid vart konfirmert i frikjerka om hausten. Kari vilde bli konfirmert i

statskjerka, ho tykte vel det var grommare det, stakar. Ho var så snarp på skolen,

så ho slapp ut og vart konfirmert samme hausten. Stor glede over små ting; det

var vakkert å sjå.

Page 22 of 176

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!