30.07.2013 Views

kystglimt - Kystverket

kystglimt - Kystverket

kystglimt - Kystverket

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Vraket ”Murmansk”

• Den utrangerte russiske kryssaren ”Murmansk”

sleit seg under eit slep frå Murmansk hamn til

opphogging i India. Ferda endte i fjøre steinane

utanfor Sørvær på Sørøya i Finnmark 24.

desember 1994.

• I 2008 avgjorde fiskeri- og kystministeren at

vraket skal fjernast.

• Våren 2009 inngikk Kystverket og AF Decom

avtale om å fjerne vraket. Kontraktsummen er på

om lag 240 millionar kroner (eks. mva.).

• I prosjektet skal det ved hjelp av spunt etablerast

ein tørrdokk der ”Murmansk” ligg. Det tørrlagte

vraket skal så i 2011 rivast og fjernast. Sommaren

2012 skal moloar som er oppretta for å verne

vraket også vere borte.

Rust-kjempen som snart er historie

På finnmarkskysten pågår eit spektakulært kystverkprosjekt; fjerninga av vraket ”Murmansk”.

Noregsopphaldet nærmar seg slutten for den raudbrune kjempen.

Tekst/foto: Olav Helge Matvik

– Pass på kvar du trakkar!

Beskjeden frå anleggsleiar Trond Søberg er både klar og

tydeleg før Kystglimt skal stige ombord på det raudbrune

vraket av den russiske kryssaren ”Murmansk”.

Utfordrande prosjekt

Sidan julaftan 1994 har den russiske kjempen lege i

fjøresteinane utanfor vesle Sørvær på Sørøya i Finnmark.

Der ligg vraket på skrå, med Lopphavet som næraste

nabo.

No får den ikkje liggje stort lenger. Om vel eit år

skal vraket vere borte. Sidan i fjor har AF Decom, på

oppdrag frå Kystverket, arbeidd med fjerninga av vraket.

Utfordringane har vore mange – og vêret den største.

To moloar er bygd for å verne mot Lopphavets røffe

på verknad, og arbeidet med å omringe vraket med spunt

er godt i gong. Når spuntveggane er tette skal sjøvatnet

pumpast ut slik at heile vraket blir tørrlagt. I denne tørrdokka

skal så vraket plukkast frå kvarandre og fraktast

vekk, bit for bit.

Tørrlagt neste vår

– Den store finalen er til våren, når vraket blir tørrlagt.

Men grunnlaget for at det skal lukkast legg vi no i

førekant, fortel Atle Barstad frå Kystverkets senter for

utbygging. Han er etatens representant på anleggs-

plassen, sjølv om prosjektet sorterar under beredskapsavdelinga

sin vrakseksjon.

– Dette er eit prosjekt der beredskapsavdelinga har vore

heilt avhengige av den faglege bistanden og kompetansen

vi har fått frå Kystverkets senter for utbygging, ved Atle

Barstad, understrekar leiar for Kystverkets vrakseksjon,

Hans Petter L. Mortensholm.

Rust over alt

Vel ombord skjønar vi raskt at åtvaringa frå Søberg

er på sin plass. Vêr og vind på finnmarkskysten har

gjennom 16–17 år gjort sitt beste for å bryte ned

vraket av den 211 meter lange krigsmaskinen. Rust i

alle farge nyansar mellom raudt og brunt dekkjer det ein

gong så stolte fartyet, og rusthola er mange, både på

dekk, veggar og tak – kort sagt er det rust og rusthol

over alt. Ledningstumpar dinglar frå taket, trapper

inne i vraket går rett ned i det mørkegrøne sjøvatnet,

rekkverka er gjennom rusta og har fleire stadar losna frå

festa sine. Ute på dekk står kanonstillingane med dei

raudbrune kanonløpa formålslaust retta mot skyene.

Dei har forlengst avfyrt sine siste salvar, rusten har

nedkjempa dei.

Forsiktig utforskar vi dei delane av kryssaren som er

tilgjengelege og prøver å få med oss så mange inntrykk

som mogleg, vel vitande om at dette sannsynlegvis er

første og siste gong vi er ombord. Det er berre dei øvre

dekka som ligg over vassflata. Det utgjer 5 prosent av

det om lag 14 000 tonn tunge fartyet, får vi opplyst.

Vi er innom fleire av romma. Alle, med eitt unntak, er

sterkt prega av åra ved Sørvær. Unntaket er kommandosenteret.

Som ein bunker med tjukke panserstålveggar

ligg det i bakkant av styrhuset – dei som til ei kvar tid

var der inne skulle tydelegvis klare seg gjennom dei

fleste typar angrep. Då passar det godt at det er denne

delen av fartyet som har klart seg desidert best gjennom

rustangrepet under opphaldet ved Sørvær. Her er veggane

framleis grå – ikkje rustbrune – og gjer at ein dannar seg

eit inntrykk av korleis kryssaren ein gong har vore.

Stolt av prosjektet

– Eg har ein god følelse for dette prosjektet. Eg merkar at

det herskar ei god stemning blant dei som arbeider med

vraket. Arbeidarane er stolte over å vere med på dette,

fortel Barstad. Det bekreftar også anleggsleiar Søberg.

– Det er eit lærerikt prosjekt, men det spørs kor mykje av

det vi lærer vi vil få bruk for seinare, for dette er eit unikt

prosjekt. Det er ikkje sikkert fleire slike prosjekt blir gjort.

Nettopp derfor er vi som arbeider med det stolte over å

vere med på det, seier Søberg.

At det er eit spektakulært prosjekt som vekkjer

oppsikt også utanfor landegrensene vert underbygd

av det faktum at National Geographic Channel vil vie

ein episode av sin populære Break it down-serie på

Murmansk -prosjektet. Då får heile verda eit innblikk i

fartyet sin skjebne og måten det endar sine dagar.

KYSTGLIMT 3 2010 I SIde 10 KYSTGLIMT 3 2010 I SIde 11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!