29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Smittefaren

Særleg uhyggeleg var det at sotta var så smittsam. «Cyklonlignende optræden

», skreiv Ustvedt. Ein rapport frå ei bygd på Nordmøre fortel illustrerande

om smittefaren. Torkel Seip var distriktslækjar i Surnadal. I

ein artikkel «Iakttagelser under influenzaepidemien» 3) , fortel Seip at han

i dei første dagane av november 1918 såg ein eksplosjonsaktig utbrot av

sjukdomen i «den lille avstængte dal Todalen i Stangvik. Der hersket i

de dage en sterk landvindstorm og folk hævdet bestemt, at sygdommen

maatte komme med vinden. Imidlertid fikk jeg rede paa at to ungdomsskoleelever

var kommet derind syke av influenza i slutten av oktober.

Den 2den november avholdtes en auktion derinde, hvorunder hele bygden

var tilstede. 2-3 dage senere optræder influenzaen saa at si i hvert

eneste hus».

Det var diskusjon mellom fagfolka om kva dei kunne gjera for å hindra

spreiing av spanskesjuka, til dagleg gjerne berre kalla «Spanska».

Dei var samde om at sjuka var smittsam, svært smittsam, men dei fleste

meinte det var lite ein kunne gjera for å avgrensa omfanget. Såleis

skreiv dr. A. Magelssen i «Norsk Magazin for lægevidenskapen» i byrjinga

av 1919 4) : «Sygdommens ondartede forløp og det store antal angrepne

satte sindene i stært bevegelse og vakte hæftig diskussion saavel

i fag- som i dagspressen. Paa nogen steder fandt man at man burde lukke

skoler; teatre og forsamlingslokaler; for at undgaa smitte; paa andre

steder ansaa man det håbløst at kjæmpe derimot og foretrakk at lægge

hænderne i skjødet –».

Medisinalmeldingane

Frå 1803 har alle norske offentlege lækjarar vore pålagt å skriva årleg

melding om helsetilstanden i sitt område til sentrale helsestyresmakter.

Desse meldingar gjev sers verdfull informasjon om helsetilhøva. I tillegg

til statistikk finn vi her lækjaren si personlege vurdering av helsetilstand

og sjukdomspanorama. Det skulle også vera med noko om næringsvegar

og klima. Desse rapportar er tekne vare på i Riksarkivet.

1918

Vi skal her ta med utdrag frå meldingane for dei lækjardistrikt som eksisterte

i Romsdal fogderi i 1918/1919. Influensatilfelle er det kvart år.

92 Romsdal sogelag, årsskrift 2000

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!