Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

romsdal.sogelag.no
from romsdal.sogelag.no More from this publisher
29.07.2013 Views

God hamn og sentral stad Men Bud heradstyre meiner det berre kan bli tale om Harøysund. Den staden har ei framifrå hamn. Der kan ein nå distriktslegen «ad sjøveien i snart sagt hvilketsomhelst veir og til alle døgnets tider». Og nettopp dette med hamn er viktig fordi nær heile Aukra herad og ein stor del av Fræna (Bjørnsund med om lag 500 innb.) berre har sjøveg til legen, «og at en stor del av befolkningen i Bud, fiskere, som ikke eier kjøretøi, vil være henvist til at søke eller hente lægen pr. baad». Tornes manglar hamn, der kan ein ikkje trygt legge til, eller la båten liggje og vente på legen. Dessutan er Harøysund den mest sentrale staden. Den ligg på grensa mellom dei to fastlandskommunane. Frå den indre del av Fræna og dei sørlegaste øyane («Otterø, Miøen, Tautra»), er Tornes litt nærare, men folk derifrå kan også reise til Molde, som er nærare, og der er det fleire legar. Ordføraren nemner også fiskeria, særleg vårtorskefisket. Då er mykje av mannfolka samla i ytre del av distriktet, «Rindarø, yttersiden av Gossen, Bjørnsund, Bud fiskevær samt kystlinien nordover derfra». For desse vil verdfull tid bli spart med kort veg til legen. Kommunikasjonstilhøva talar også for Harøysund: «Harøysund anløpes av Romsdals d/s selskaps skibe - - og der vil intet være til hinder for at skaffe telefonforbindelse til lægen –». Bud legedistrikt – distriktsinndeling og kontorstad 89

Heradstyret trur også at legane vil vere samd i valet av Harøysund, men det ser ikkje ut som dei har vorte spurt: «Saavel distriktets nuværende distriktslæge (hr. distriktslæge Parelius, Molde), saavelsom stedets mangeaarige privat praktiserende læge (hr. dr. Rambech, Bud) vil formentlig ut fra indgaaende kjendskap til forholdene samstemme i de ovenfor fremholdte synsmaader.» Og Harøysund vart bustad og kontorstad for desse distriktslegar: Peter Rambech 1915–23. Egil Christian Svaar knapt eit år (1922–23) då Rambech hadde permisjon. Hans Tobias Tønnesen Arntzen 1924–25. Johan Jebsen Krohn 1925–30. Carl Heinrich Thomassen 1930–38. Odd Bryhni 1939–45. Jens Andreas Steen (konst.) 1946–52. Thor Benkestok Hegbom 1952–65. Oddvar Otterlei konst. nokre månader i 1965. I 1965 kom Svein Tjåland,og legekontoret vart i Elnesvågen. Det heitte no Fræna lækjardistrikt. Kjelder 1) Carøe, Kristian (red.): Den danske Lægestand og Licentiater 1479–1788. København og Kristiania: Gyldeldalske Boghandel og Nordisk Forlag 1909. 2) Dahl, Bastian: Læger i Romsdalen 1784–1892, kapittel i boka Molde og Romsdalen 1892. 3) Larsen, Arne Victor: Legedekning og distriktsinndeling , kap. i jubileumsboka Helsetjenester i Møre og Romsdal gjennom hundre år. 4) Kiær, Frantz C. (red.): Norges Læger 1800–1908. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1908-1912 (bd I), 1915 (bd II). 5) Norges Statskalender, åra frå 1895. 6) Norges Leger, ymse utgåver og redaktørar. 90 Gammalt frå Fræna 2002

God hamn og sentral stad

Men Bud heradstyre meiner det berre kan bli tale om Harøysund. Den

staden har ei framifrå hamn. Der kan ein nå distriktslegen «ad sjøveien i

snart sagt hvilketsomhelst veir og til alle døgnets tider». Og nettopp dette

med hamn er viktig fordi nær heile Aukra herad og ein stor del av

Fræna (Bjørnsund med om lag 500 innb.) berre har sjøveg til legen, «og

at en stor del av befolkningen i Bud, fiskere, som ikke eier kjøretøi, vil

være henvist til at søke eller hente lægen pr. baad». Tornes manglar

hamn, der kan ein ikkje trygt legge til, eller la båten liggje og vente på

legen. Dessutan er Harøysund den mest sentrale staden. Den ligg på

grensa mellom dei to fastlandskommunane. Frå den indre del av Fræna

og dei sørlegaste øyane («Otterø, Miøen, Tautra»), er Tornes litt nærare,

men folk derifrå kan også reise til Molde, som er nærare, og der er det

fleire legar.

Ordføraren nemner også fiskeria, særleg vårtorskefisket. Då er mykje

av mannfolka samla i ytre del av distriktet, «Rindarø, yttersiden av

Gossen, Bjørnsund, Bud fiskevær samt kystlinien nordover derfra». For

desse vil verdfull tid bli spart med kort veg til legen. Kommunikasjonstilhøva

talar også for Harøysund: «Harøysund anløpes av

Romsdals d/s selskaps skibe - - og der vil intet være til hinder for at

skaffe telefonforbindelse til lægen –».

Bud legedistrikt – distriktsinndeling og kontorstad 89

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!