29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

I ein artikkel «Iakttagelser under influenzaepidemien» (3), fortel Seip at

han i dei første dagane av november 1918 såg eit eksplosjonsaktig

utbrot av sjukdomen i «den lille avstængte dal Todalen i Stangvik. Der

hersket i de dage en sterk landvindstorm og folk hævdet bestemt, at

sygdommen maatte komme med vinden. Imidlertid fikk jeg rede paa at

2 ungdomsskoleelever var kommet derind syke av influenza i slutten av

oktober. Den 2den november avholdtes en auktion derinde, hvorunder

hele bygden var tilstede. 2–3 dage senere optræder influenzaen saa at si

i hvert eneste hus.»

Helserådsprotokollane

Det er skrive mykje om «spanskesjuka» i vårt land. Men det er helst i

dei store byar og frå dei store sjukehusa det er skrive artiklar og laga statistikk.

Men korleis har så denne sjuka fare fram i bygder som vår? Det

er enno mange gamle blant oss som tydeleg hugsar denne farsotta, og

langt fleire er det som hugsar å ha høyrt om sjukdomen, og veit at den

og den døydde i «spanska», og at andre dei veit om vart svært sjuke av

den.

For å finna meir ut om sotta er det nærliggande å spørja seg kva distriktslækjaren

seier om sjuka, han som vi må rekna med hadde mest

med pasientane å gjera. Ved å gå gjennom protokollane for helseråda

(sundhedskommisjonerne) (4) er det ikkje hjelp å få. Det som opptok

helseråda i desse åra, er tuberkulosen, om omsut, stell og plassering av

tuberkuløse, og om kommunale løyvingar til dette. Vidare privet til skulane,

koppevaksinasjon etc. I 1917 var distriktet truga av koppar. Det var

eit lite utbrot på Frøya, og også eit tilfelle i Molde. Storvaksinasjon av

folket både i Bud og Fræna vart då sett i gong. I 1920 var dei i Fræna

opptekne av difteri. I referat frå helserådsmøte 7. mai 1920 står det:

«Formanden omtalte den inden herredet opdukkede difteriepidemi.»

Men det står ikkje noko i helserådsprotokollane korkje for Bud eller

Fræna om den farsotta som rasa over landet i dei mellomliggande åra.

Litt merkeleg er dette, men kanskje grunnen var at dei ikkje fann det

føremålstenleg å setja i gong hygieniske tiltak for å prøva å avgrensa

sotta. Rambech, som var distriktslækjar i denne perioden, hadde sikkert

fylgt med i det som vart skrive om spanskesjuka. Fagfolk var samde om

at sjuka var smittsam, svært smittsam, men dei fleste meinte vel at det

Spanskesjuka 75

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!