Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

romsdal.sogelag.no
from romsdal.sogelag.no More from this publisher
29.07.2013 Views

«Den kvite pesten» Litt om tuberkulosen i vår lokalsoge Tuberkulosen er ein svært gamal sjukdom. I Heidelberg er det funne eit skjelett frå den yngre steinalder (omlag 5000 år før Kristus) som var tydeleg merkt av tuberkuløs sjukdom (1). Liknande funn er gjort på mumier i Egypt frå omlag 3000 år f. Kr. I Noreg er nok også denne sjukdomen gamal, men det ser ut som det særleg er i tida frå omlag 1800 til omlag 1950 den har herja mest. Tuberkuloseperioden i vårt land kulminerte rundt hundreårsskiftet, då kvart 5. dødsfall var tuberkulosedød. Ein stor del av dei som vart revne bort var unge folk. På den verste tida døydde omlag 310 pr. 100 000 menneske av tuberkulose. I 1946–1950 var talet 47 pr. 100 000, og i 1953 berre 16, altså ein nedgang på heile 95% (2). I mange andre land i verda er tuberkulosen enno ei av dei viktigaste dødsårsaker. Mange av dei gamle trugande sjukdomane (lepra, pest, koppar, radesjuke, dysenteri) hadde dramatiske og fælslege symptom. Det var ikkje slik med tuberkulosen, når ein tek unna blodstyrting. Her var det meir at dei sjuke falmast eller tærdest bort (jfr. uttrykket «tæring»). Dei tæringssjuke var bleike og tynne, kvite i hamleten. Kvitt er fargen ein forbind med tuberkulose, derfor har den også vorte omtala som «Den kvite pesten» (3). Vi skal så koma inn på tilhøva på våre kantar. Det er fleire kjelder vi kan nytta oss av. Dei mest verdfulle er medisinalmeldingar frå distriktslækjarane. Dødslister finn vi også i kyrkjebøker og lensmannsproto- «Den kvite pesten» – litt om tuberkulosen i vår lokalsoge 41

NORGE 1872–1911 Dødsfall av lungetuberkulose pr. 10 000 innbyggjarar rundt hundreårsskiftet. Plansje frå skulemuseet på Eide. (Foto: Eivind Kringstad). kollar, men dødsårsakene manglar ofte her, eller er usikre. Vi tek for oss tida rundt hundreårsskiftet, som er den mest interessante i denne samanhengen. Nokre definisjonar kan vera nyttige før vi går laus på årsmeldingane frå distriktlækjarane: «Svindsot» er eit ord som går på det å talmast vekk, svinna. Det var eit mykje brukt ord for tuberkulose, særleg lungetuberkulose. I same tyding vart «tæring» brukt. Miliærtuberkulose er spreiing av talrike små Christian Krohg: Syk pike. 1880–81. Kor kvitt alt er på dette biletet kjem nok best fram i fargar, men det er lite tvil om at det var tuberkulosen Krohg hadde i tankane då han skapte kunstverket. 42 Gammalt frå Fræna 1990

NORGE 1872–1911

Dødsfall av lungetuberkulose pr. 10 000 innbyggjarar rundt hundreårsskiftet. Plansje

frå skulemuseet på Eide. (Foto: Eivind Kringstad).

kollar, men dødsårsakene manglar ofte her,

eller er usikre. Vi tek for oss tida rundt hundreårsskiftet,

som er den mest interessante i

denne samanhengen.

Nokre definisjonar kan vera nyttige før vi

går laus på årsmeldingane frå distriktlækjarane:

«Svindsot» er eit ord som går på det å

talmast vekk, svinna. Det var eit mykje brukt

ord for tuberkulose, særleg lungetuberkulose.

I same tyding vart «tæring» brukt.

Miliærtuberkulose er spreiing av talrike små

Christian Krohg: Syk pike. 1880–81.

Kor kvitt alt er på dette biletet kjem nok best fram i

fargar, men det er lite tvil om at det var tuberkulosen

Krohg hadde i tankane då han skapte kunstverket.

42 Gammalt frå Fræna 1990

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!