Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

romsdal.sogelag.no
from romsdal.sogelag.no More from this publisher
29.07.2013 Views

hos oss var det mest av denne sjukdomen i 1950-åra. Tuberkulosen var i sterk tilbakegang før krigen, men i krigstida kom det noko auke igjen. Sunnare kosthald Trass i auka sjukdom og død på grunn av epidemiar, var det likevel færre dødsfall av sjukdom blant vaksne enn før krigen. Forklaringa på dette er det endra kosthaldet. Sjølv om det vart i sparsomaste laget for sume, var det ein stor helsemessig føremon med grovare brødmat, mindre feitt og mindre sukker. Knapt med tobakk var det også. Særleg hjarte- karsjukdomar og lungesjukdomar vart kraftig redusert. Helsetenesta Det var Odd Bryhni som var distriktslækjar i krigstida (1939 -45). Han var ein god diagnostikar og vart ein populær lækjar blant bygdafolket. Mange vil enno hugsa han for hans råkande replikkar. Det var ei krevande tid med mange vanskelege avgjerder. Distriktslækjaren hadde enno ikkje nemnande hjelpeapparat til rådvelde, men ein lette var det at sjukehusbehandling hadde vorte meir tilgjengeleg for folket. Helsetenesta i etterkrigsåra Vårt land var utarma på mange måtar då krigen var slutt, og ei krevjande oppbyggjingstid stod føre. Dette galdt også helsevesenet. Dessutan fekk mange sosiale tiltak og trygdeordningar gjennomslag i denne tida. Epidemiane var ikkje over. Hos oss var det særleg poliomyelitten som herja. Dette galdt særleg 1950-åra, med topp 1952–1954. I 1956 kom poliovaksina, og den sette ein stoppar for sjukdomen. I denne tida fekk ein mange viktige medisinar, særleg mot infeksjonar. Sulfonamid hadde ein hatt under heile krigen, og i 1945 vart penicillinen tilgjengeleg i Noreg. I 1948 kom streptomycin, det første effektive medikament mot tuberkulose. I tiåret 1950–1960 kom ei rad nye antibiotika. Tidsbolken med dominans av infeksjonssjukdomar var no over. I staden byrja sivilisasjonssjukdomane (hjarte-karsjukdom, kreft, trafikkskader, miljøsjukdomar) å melda seg for fullt. Kosthaldet vart fort endra etter krigen, og har noko av skulda for «nye» sjukdomar. Narkotika var enno ikkje noko problem, men bruk av tobakk og alkohol vart skuld i mykje vanhelse. Helseteneste i utvikling 39

Lækjartenesta Odd Bryhni flytta til Reknes sanatorium i 1945. Jens Andreas Steen var konstituert distriktslækjar dei første etterkrigsåra (1946–1952). Han vart seinare barnelækjar. Thor Benkestok Hegbom kom i 1952 og sat til 1965. Han hadde fått hard medfart av Rinnanbanden under krigen og var ikkje full kar lenger. Med betra kommunikajonar vart det også auka samband med Molde. Harøysund låg ikkje så sentralt, og særleg frå indre Fræna vart det naturleg å søkja lækjarhjelp i Molde der det var bra dekning med privatpraktiserande lækjarar. I 1965 kom Svein Tjåland til kommunen med nye idear og mykje initiativ. Lækjarkontoret vart no flytta til Elnesvågen, og ei ny epoke med stor ekspansjon byrja i helsetenesta i Fræna. Etter krigen byrja hjelpepersonell av ulike slag å koma, slik at distriktslækjaren ikkje var så åleine med arbeidet som han hadde vore før. Kjelder: 1) Arne Victor Larssen: Legedekning og distriktsinndeling gjennom tidene i Møre og Romsdal fylke. (Helsetjenester i M.& R. gjennom 100 år. 1986). 2) Norges Statskalender. åra frå 1837. 3) Norges leger, ulike utgåver og redaktørar. 4) Norges Lover. 5) Oppgåver frå Statistisk Sentralbyrå. 6) Tollak B. Sirnes: Fremskritt innen farmakoterapi 1886–1986. Sandoz – Informasjon nr. 4. 1986. 7) I. Reichborn-Kjennerud. Fr. Grön & I. Kobro: Medicinens Historie i Norge. Grøndahl & Søns Forlag. Oslo. 1936. 8) N.O.S. Sundhetstilstanden og Medicinalforholdene i Norge. fra 1837. (Universitetsbiblioteket i Oslo). 9) Statsarkivet i Trondheim: Kyrkjebøker frå Bud. Hustad. Ytre og Indre Fræna sokn. 10) Statsarkivet i Trondheim: Dødsprotokollar frå Vågøy lensmannsdistrikt. 11) Riksarkivet. Oslo: Medisinalmeldingar frå distriktslækjarane i perioden. 12) Odd Karl Jordheim: Med livet i sine hender. Hjemmenes Forlag. 1981. 13) Romsdals Amt – Møre og Romsdal fylke. 100 år under kommunalt folkestyre. Nationaltrykkeriet. Ålesund. 1939. 14) Øivind Larsen. Ole Berg og Fritz Hodne: Legene og samfunnet. Oslo. 1986. 15) Kristina Kjærheim: Mellom kloke koner og hvitkledte menn. Det norske jordmorvesenet på 1800-tallet. Universitetet i Oslo. 1980. 16) Sofie Valle: Personleg kommunikasjon. 17) Jordmorprotokollar for S.Fræna, N.Fræna, Bjørnsund. Bud og Hustad. 18) Den norske Jordmorforenings 2. landsmøte. Tidskrift for Jordmødre, nr. 10. 1910. 40 Fræna kommune 150 år (1837–1987). Jubileumsskrift

hos oss var det mest av denne sjukdomen i 1950-åra. Tuberkulosen var i

sterk tilbakegang før krigen, men i krigstida kom det noko auke igjen.

Sunnare kosthald

Trass i auka sjukdom og død på grunn av epidemiar, var det likevel

færre dødsfall av sjukdom blant vaksne enn før krigen. Forklaringa på

dette er det endra kosthaldet. Sjølv om det vart i sparsomaste laget for

sume, var det ein stor helsemessig føremon med grovare brødmat,

mindre feitt og mindre sukker. Knapt med tobakk var det også. Særleg

hjarte- karsjukdomar og lungesjukdomar vart kraftig redusert.

Helsetenesta

Det var Odd Bryhni som var distriktslækjar i krigstida (1939 -45). Han

var ein god diagnostikar og vart ein populær lækjar blant bygdafolket.

Mange vil enno hugsa han for hans råkande replikkar. Det var ei krevande

tid med mange vanskelege avgjerder. Distriktslækjaren hadde

enno ikkje nemnande hjelpeapparat til rådvelde, men ein lette var det at

sjukehusbehandling hadde vorte meir tilgjengeleg for folket.

Helsetenesta i etterkrigsåra

Vårt land var utarma på mange måtar då krigen var slutt, og ei krevjande

oppbyggjingstid stod føre. Dette galdt også helsevesenet. Dessutan fekk

mange sosiale tiltak og trygdeordningar gjennomslag i denne tida.

Epidemiane var ikkje over. Hos oss var det særleg poliomyelitten som

herja. Dette galdt særleg 1950-åra, med topp 1952–1954. I 1956 kom

poliovaksina, og den sette ein stoppar for sjukdomen.

I denne tida fekk ein mange viktige medisinar, særleg mot infeksjonar.

Sulfonamid hadde ein hatt under heile krigen, og i 1945 vart penicillinen

tilgjengeleg i Noreg. I 1948 kom streptomycin, det første effektive

medikament mot tuberkulose. I tiåret 1950–1960 kom ei rad nye

antibiotika. Tidsbolken med dominans av infeksjonssjukdomar var no

over. I staden byrja sivilisasjonssjukdomane (hjarte-karsjukdom, kreft,

trafikkskader, miljøsjukdomar) å melda seg for fullt. Kosthaldet vart fort

endra etter krigen, og har noko av skulda for «nye» sjukdomar.

Narkotika var enno ikkje noko problem, men bruk av tobakk og alkohol

vart skuld i mykje vanhelse.

Helseteneste i utvikling 39

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!