29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Jordmora hadde i gamle dagar berre seg sjølv og sin eigen dugleik å

stola på. Som regel hadde ho ingen til å hjelpa om noko utvikla seg galt

under fødselen. Sume stader var distriktslækjaren såpass nær at han

kunne bodsendast, men med vegløyse og lange avstandar gjekk timane

fort. I slike tilfelle vart det ofte døde barn, og at mora strauk med i barnseng

var heller ikkje så uvanleg.

Faren var ikkje over om barnet var født. For mora var det særleg barselfeber

som tok mange liv. Og for barnet var det mange farer som truga,

og som gjorde dødsprosenten høg blant spedbarna. På 100 år har

denne gått ned til tiandeparten.

Rundt siste krig kom det aukande tilbod om sjukehusfødslar og fødestover

rundt om i landet. Hos oss kom det ikkje fødestover, men sjukehuset

vart det fleire og fleire som nytta seg av, særleg etter krigen.

Fødeavdelinga på sjukehuset har brukande kapasitet til å ta alle fødekoner,

og i dag er det svært sjeldan at nokon ynskjer å få sine born heime.

Det er no dei færraste kommunar som har distriktsjordmor, og i Fræna

har ingen vorte tilsett sidan 1978. Ordninga med distriktsjordmødre eksisterte

på papiret frå 1810 til Lov om kommunal helseteneste vart sett i

verk 1/1 1984. Stader med noko avstand frå fødeavdelingar saknar nok

framleis distriktsjordmora, og mange meiner ho kan gjere nytte i det aukande

tilbod av svangerskapskontroll og fødselsførebuing.

Takk til jordmor Sofie Valle for god hjelp med oppsetting av liste over jordmødrene.

Helsetilhøve i krigstida

Sjukdomar

Det var meir sjukdom enn vanleg under krigen. Særleg galdt dette epidemiske

sjukdomar som difteri og poliomyelitt, som det hadde vore lite

av i åra før. Med krigen fylgde også skabb og kjønnssjukdomar. Akutte

mage- og tarminfeksjonar var det mykje av. Smittsam gulsott såg ein

ofte. Epidemisk meningitt var det meir av enn vanleg. Infeksjonssjukdomar

går særleg ut over borna, og dødstala viser ein topp mellom 5

og 10 år. Dette gjeld ikkje berre sjukdom, men alle dødsårsaker. Av

epidemiar var det særleg difterien som herja i vårt område med nokre

dødsfall kvart år, mest born. Ein svær difteriepidemi gjekk over landet i

1943. 23 000 tilfelle vart registrert i Noreg det året.

Poliomyelitt var det også auke av under krigen på landsplan, men

38 Fræna kommune 150 år (1837–1987). Jubileumsskrift

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!