29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Då det første «formanns- og representantmøte» i gamle Fræna vart

halde 28. april 1840, var første vedtak tilsetting av Berthe Wedbjørnsdatter

Nygaardsvoll som jordmor i «Waagoe Sogn» (13). I rapportane er

ho også omtala som Birthe, Berit eller Beret, og etternamnet vart seinare

Tverrlie. Ho hadde vore jordmor før dette. Vi veit i alle fall at ho fungerte

i 1829, men no vart ho formelt tilsett av kommunen. Før 1837 var

det amtmannen som skulle stå for distriktsinndelinga, men i praksis vart

kvart prestegjeld eit jordmordistrikt. I «Boe» prestegjeld sat då Anne

Nielsdatter Sunde. For 150 år sidan var det altså 2 jordmødre i det område

som no er Fræna kommune (11).

I 1810 fekk Danmark/Noreg eit jordmorreglement som på papiret ga

utdana jordmødre monopol på fødselshjelp. Men Noreg hadde då berre

nokre få jordmødre som hadde gått jordmorskule i København. Då vi

vart skilt frå Danmark i 1814 skal det ha vore 65 (14). Her i landet fekk

vi vår første jordmorskule i 1818 (15). Vår eigen distriktslækjar, Jakob

Ludvig Hoffmann, oppga i sin rapport for 1837 at det var 12 jordmødre

i distriktet. Men det var heile Romsdal fogderi som var hans distrikt på

den tida! (11).

Dei fleste fødekonene måtte derfor framleis greia seg utan utdana

jordmor. Hjelpekonene vart også nytta av mange etter at det kom jordmor

til bygdene. Det var ofte dårleg likt av dei fagutdana, som ikkje alltid

hadde så flust om levemåten. Innkomene dei hadde var ei lita fast

godtgjersle, så kunne dei krevja ein liten stykkpris per fødsel, og endeleg

var det ymse «emolumenter» (fritt hus, fri brensel, beite for ei ku).

Betalinga frå fødekona måtte jordmora ofte avstå frå i dårlege tider. Ei

kjærkomen ekstrainntekt vart det for mange jordmødre at dei tok del i

den lovfesta koppevaksineringa som hjelpevaksinatørar.

Trass i kontinuerleg vakt og tungvinte tilhøve heldt distriktsjordmødrene

lenge ut i tenesta. Aldersgrensa fungerte berre på papiret. Om

Anna Nielsdatter Sunde, gift Rytter, står det i medisinalmeldinga for

1858 at ho søkte om å få gå av, men det ser ikkje ut som dette vart innvilga

før i 1860. Og ein kan lese at Berthe Tverrlie framleis var i full

sving.

Lista over jordmødre i vårt område gjennom 150 år vert lang.

Funksjonstida har i mange høve vore usikker, då dei ofte vart tilkalla

både 10 og 15 år etter at dei eigentleg var pensjonistar (11,16,17).

36 Fræna kommune 150 år (1837–1987). Jubileumsskrift

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!