29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

medisinalmeldinga for Ytre Romsdal 77 koppetilfelle med 23 dødsfall.

Det var nok Hustad dette gjekk ut over, for i kyrkjebøkene for dette soknet

finn vi att 22 av koppedødsfalla. 1872 var også eit koppeår (9,10).

Koppevaksine vart tilgjengeleg alt i 1803, og i 1810 vart vaksinasjon av

skuleborn påbode, men det var mykje motstand blant folk mot vaksinasjon.

Tuberkulose var gjennom fleire generasjonar den sjukdom som tok

mest liv. Omlag ein femtedel av alle dødsfall var tuberkulosedød på den

verste tida rundt hundreårsskiftet. Det er i våre dagar sjeldan ein ser nye

tilfelle av tuberkulose.

Spanskesjuka var ein influenzaepidemi som herja over store deler av

verda ved slutten av første verdskrigen. Her på traktene herja «spanska»

særleg hausten 1918 og våren 1919, sume stader også i 1920. I 1918 vart

det i Romsdals amt meldt 24950 tilfelle av epidemiske sjukdomar med

892 dødsfall. Av desse var spanskesjuka åleine skuld i 17965 tilfelle

med 532 dødsfall. Det er enno mange mellom oss som hugsar denne

fælslege sjuka (11).

Difteri vart i Noreg første gong omtala i 1822. Utover på 1800-talet

var det så både sporadiske tilfelle og epidemiar. I vårt eige hundreår var

det topp under begge verdskrigane. Dei siste tilfella vi sikkert veit om i

vårt distrikt, var i 1946.

Poliomyelitt kom i store epidemiar i vårt land rundt 1912, under siste

krig og i 1950-åra. Denne sjukdomen fekk ikkje herja så lenge, for i

1956 var vaksina i bruk, men polioen tok livet av mange og invalidiserte

enno fleire. Frå vårt distrikt er det særleg 50-åra vi hugsar med svære

epidemiar og mange dødsfall.

Tyfoidfeber var det ein del av, stundom som epidemiar. Den vart kalla

nervefeber før det vart kjent at det var ein bakterie som var årsak til

sjukdomen. Dei såkalla barnesjukdomar, særleg skarlagensfeber, kikhoste

og meslingar, kunne også vera alvorlege sjukdomar før i tida, og

tok mange liv.

Jordmortenesta

Jordmora var den første offentlege yrkeskvinna i Noreg. Ho og distriktslækjaren

utgjorde åleine den primære helsetenesta heilt til 1930-åra

(12).

Helseteneste i utvikling 35

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!