Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

romsdal.sogelag.no
from romsdal.sogelag.no More from this publisher
29.07.2013 Views

Dødelighet pr. 1000 av infeksjonssykdommer i USA 1900–1973 (Mekiniay 1977). Farlege farsotter i gamal tid 29

Var det desse oppdagingane som stoppa epidemiane? Det hjelpte mykje. Ein kunne no kome med tiltak for å hindra smitte (vatn, mjølk, fødevarer, kontakt). Ein kunne avgrensa, isolera. Men likevel var det langt att til ein kunne førebyggja og behandle desse sjukdomane. Dette kom først med dei ulike antibiotika, som kunne tyna bakteriane, serum med antistoff mot dei, eller vaksine til å førebyggja med. Dette vart ein ny æra i kampen mot epidemiane. Men kanskje er ikkje dette heller heile forklåringa. Den siste figuren viser boterådene mot ei rad infeksjonssjukdomar, ulike antibiotika, serum og vaksiner. Den viktigaste årsaka, ja visst, men mange andre ting kjem inn og spelar ei rolle: Betre sosiale kår, meir skjøn på hygiene og reinsemd, betre kosthald, meir helseopplysning, ulike former for helsekontroll. Kanskje kan også somme av sjukdomane ha endra karakter. Kva har mest å seia? Det er neppe nokon som kan svara. Det er vanskeleg å vega det som ikkje står på vekta. Nye tider, nye sjukdomar Dette var soga om sjukdomar som vart borte – eller nesten borte i Fræna og andre stader i landet vårt. «Hur farsoterna ingripit i människornas øden», har svensken Matts Bergmark (3) brukt som undertitel på si bok «Från pest till polio» –. Noko av dette har vi prøvd å gje eit oversyn over frå våre eigne bygder. Menneska har slite hardt gjennom tidene med lagnad og liding, med sotter og saknad. I vår tid er levemåten betre, helsetilhøva også. Vi har rydda vekk nokre epidemiar, men folk er sjuke framleies. Og folk døyr framleies, av «nye» sjukdomar. Får vi bukt med noko, kjem andre ting til. Av dei knapt 42 000 som døyr årleg i vårt land, døyr 47% av hjarte- og karsjukdomar, 22% døyr av kreft, og 6% av valdeleg død. Vi har også fått nye infeksjonssjukdomar, til dømes AIDS og legionærsjuke. Natur og menneskekropp lir under gifter av mange slag. Somme tyner seg sjølv og andre med narkotika. Det er nye sjukdomar å kjempe mot, nye utfordringar for dei som har kampmot. 30 Gammalt frå Fræna 1984

Dødelighet pr. 1000 av infeksjonssykdommer i USA 1900–1973<br />

(Mekiniay 1977).<br />

Farlege farsotter i gamal tid 29

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!