29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

for desse to sjukehusa, tel «sykdommens avskyelige beskaffenhet» med

i vurderinga (17). Desse sjukehusa vart nedlagde rundt 1850.

Luftvegsinfeksjonar (lungebrann, plevritt (som før ofte var tuberkulose),

bronkitt, luftvegskatarr) har det alltid vore mykje av. Slike infeksjonar

har variert noko i tal frå år til år, men har vore årsaka til mykje

vanhelse og mange dødsfall årleg.

Influensa har det vore ein del av årleg, men med toppår under og like

etter første verdskrigen (Spanskesjuka, ein viser her til Gammalt frå

Fræna 1983). Men i mindre farleg form loga influensa opp mange gonger,

til dømes 1890–91, 1894, 1903 og 1936. Seinare har vi så hatt Asiasjuka

og andre influensatyper.

Tarminfeksjonar har også vore hyppige. Ute i verda har kolera vore ein

av dei viktigaste epidemiske sjukdomar (India, Kina osv). I Norge har

det vore koleraepidemiar heilt til rundt 1850 (1853 var det store koleraåret).

Det var mest heilt sør i landet koleraen herja, truleg ikkje på våre

kantar. Diagnosen «kolerine» finn vi ofte i gamle medisinalmeldingar.

Eigentleg skulle det ha vore ei lettare form for kolera, men det vart nok

brukt om vanleg infeksiøs diare. Dysenteri (blodgang) var også ein farleg

epidemisk sjukdom attende i soga, men i nyare tid har den vore både

sjeldnare og mindre farleg.

Når det gjeld epidemiske sjukdomar spelar hygiena ein stor rolle. Ikkje

minst gjeld dette skabb. Ein stort sett ufarleg, men plagsom tilstand. Før

1914 finn vi den omtala som fnat i medisinalmeldingane. Somme år var

den svært utbreidd.

Koldfeber. Denne diagnose finn vi nokre gonger på listene. Dette fanst

«kun hos Søefolk og Fremmede». Ein stad står også febris intermittens

(intermitterande feber), og det er truleg at dette kan ha med malaria å gjera.

Lemensyge eller lemenfeber høyrest framandt ut for oss. Ein skulle få

denne infeksjonen etter lemenbit. Nokre få gonger finst dette på diagnoselistene.

Farlege farsotter i gamal tid 27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!