29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

prestar arbeidde for å få i gang vaksinasjonen. Men det var mykje motstand

mot koppevaksinasjon. Ikkje alle motargument var like saklege,

og vi tek med eit av desse. Det er Thv. Boeck som skriv i «Norden» III,

1867: «At kokoppeindpodningen ogsaa er blevet antaget som Grund til

Sildens og Torskens Bortebliven fra Kysten fortjener fremdeles at erindres.»

På våre kantar var det mykje koppar først på 1700-talet (13). Mange

døydde, særleg småborn, både då og ved seinare epidemiar utover i

same hundreåret. 1772–1780 var ein ille periode med koppar i Romsdalsbygdene

(14).

I 1871 viser medisinalrapporten frå Ytre Romsdals distrikt 77 tilfelle

av koppar med 23 dødsfall. Det var nok Hustad dette gjekk mest ut over,

for i kyrkjebøkene for Hustad finn vi att 22 av koppedødsfalla der i soknet.

I 1872 var det også eit koppeoffer.

Så seint som i 1917 står det i helserådsprotokollane om tilfelle av

koppar på Frøya. Det kom då telegrafisk pålegg til distriktslækjaren i

Bud (Rambech) om å vaksinera. Dette fordi det var mange fiskarar frå

smitta gardar på Frøya som tok del i storsildfisket saman med fiskarar

frå Bud lækjardistrikt. Og vaksinasjonen var vellukka i Bud: «Praktisk

talt hele herredets befolkning var gjort delaktig i den beskyttelse mot

koppesmitten som vaksinasjonen gir» (9). I gamle Fræna vart det vaksinert

1717 i året 1917. Det ser også ut til at det var koppetilfelle i Molde

det året. Rambech fann i sitt distrikt 2 barn i ein vasskoppepidemi som

han var i tvil om, og behandla som koppar for å vera på den sikra sida.

Tuberkulose

Det som var den store mannedreparen framom andre i ein lang periode,

var tuberkulosen. Mest var det lungetuberkulose (tæring), men også i

andre organ. Gjennom fleire generasjonar var tuberkulosen den viktigaste

einskildårsaken til død i vårt land. Særleg var det unge menneske

som vart brotne ned.

I mellomalderen reknar ein med at det har vore lite tæring i Noreg.

Om tida frå 1500–1800 veit ein lite. Kjeldene er nokså tagale. Truleg

spela tuberkulosen lita rolle i vårt land før tida omkring 1800. Men no

gjorde den seg dess meir gjeldande i heile 1800-talet og langt inn i vårt

eige hundreår. Omlag 1/5 av alle dødsfall var tuberkulosedød i den ver-

18 Gammalt frå Fræna 1984

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!