29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Sjukehusmuseet i Molde

Det var i 1980-åra. Dataalderen var enno ung, og mykje var usikkert. Men

entusiasmen var stor – særleg blant dei yngre. Samfunnet skulle bli papirlaust.

Også sjukehusa. Og når nytt bryt seg fram, skal gammalt forkastast.

Og papir skulle makulerast etter kvart som det nye medium vart teke

i bruk. Dette galdt også register over pasientar og diagnoser. Gamle nedteikningar

stod først for tur. Mange av oss eldre som hadde skepsis i oss

for nytt og uprøvd, vart redde og opprørt. Eg skreiv brev til sjukehusdirektøren.

Det var Per Slettvåg. Her må ting takast vare på. Viktige papir

må ikkje makulerast. Korleis går det dersom dette nye sviktar?

Slettvåg var positiv: Du får få med deg folk og gjera noko. Og så

fekk eg Leif og Kristian og «huset oppi bakkå». Teamet var godt. Leif

Nøsen var sjefsjukepleiar og sat ved styrebordet og kunne dermed få inn

eit ord i rette tid. Han hadde også røynsle frå samlingar han hadde skipa

til på Psykiatrisk avdeling på Hjelset. Kristian Husby var født i gamle

dagar og hadde interesse og godt vet når det galdt gamle ting. Og «huset

oppi bakkå» var gamalt det og. Dette vart ikkje akkurat som eg hadde

tenkt. Det eg hadde attletast for var gamle papir, men dette vart gamle

ting. Men OK, det kunne bli papir i tillegg – og det vart det.

«Huset oppi bakkå» var frå 1907/1908 og hadde si eiga historie som

vi ikkje kan koma inn på her. Sjukehusstyret løyvde kr. 75 000.- for

å gjere huset brukbart til museumssamlingane (60 000 til oppussing og

15 000 til brannsikring). Huset har 2 etg. pluss kjellar.

Så byrja vi å mase, og mas vart det mykje av den første tida. Men det

gjekk lettare etter kvart som vi vart kjent. Eit brev frå museumsnemnda

Sjukehusmuseet i Molde 183

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!