29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Dysenteribasillen Shiga i 1898 og Kruse i 1900.

Men lenge før bakteriane vart oppdaga var ein klar over at det var eit

eller anna som gjekk frå mann til mann, og frå grend til grend. Miasmer

var eit gamalt namn på smittestoff før ein kjende til bakteriar. Ein meinte

at dette kom frå luft eller jord og kunne overførast til menneske. Det

er interessant å legge merke til i medisinalmeldingane kor ivrige

distriktslegane var for å påvise smittevegar.

Det var eit godt steg framover då bakteriane vart oppdaga. Ein kunne

no koma med tiltak for å hindra smitte. Men likevel var det langt att før

ein kunne førebyggja og behandla desse sjukdomane. Dette kom først

med dei ulike antibiotika som kunne tyna bakteriane, serum med antistoff

mot dei, eller vaksiner til å førebyggja med. Dette vart ein ny æra i kampen

mot epidemiane. Men heile forklaringa er dette neppe heller. Andre

ting kjem inn og spelar ei rolle: Betre sosiale kår, meir skjøn på hygiene

og reinsemd, betre kosthald, meir helseopplysing, ymse former for helsekontroll.

Kanskje kan også somme av sjukdomane ha endra karakter?

Vi har rydda vekk nokre epidemiar, men folk vert sjuke framleis. Og

folk døyr framleis. Vi lever betre, men neppe sunnare. Livsstilsjukdomane

herjar. Om lag halvparten av dødsfalla i vårt land er hjarte/kardødsfall,

nær fjerdeparten døyr av kreftsjukdomar. Narkotika tek mange

liv. På verdsbasis er AIDS den store mannedreparen, ei katastrofe som

kanskje kan samanliknast med Svartedauen. Det går ut over borna no

og, ikkje minst fordi dei vert gåande att foreldrelause.

Det er nok av oppgåver.

Litteraturliste:

1) Reichborn-Kjennerud i Reichborn-Kjennerud, Fr. Grøn. I. Kobro: Medicinens

Historie i Norge, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1936.

2) Riksarkivet, Oslo: Medicinalberetninger fra distriktslægene i Romsdal fogderi,

1878–1890.

3) Årsmeldinger frå Fylkessjukehuset i Molde, 1950–1956. Redigert av John Rø.

4) Norges Leger, redaktør Øivind Larsen. Den Norske Lægeforening, Oslo, 1996.

5) Bjarne Skorgen: Gards – og ættesoge for Nesset, bind 7, Tingvoll, 1991.

Smittsame barnesjukdomar 175

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!