29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Så vidt vi veit var det ingen frå vårt område som fall i trefningar på

landjorda då tyskarane okkuperte landet. I marinen veit vi iallfall om ein

som omkom. I sabotasjeaksjonar bak linene seinare under krigen gjekk

det også med ein del nordmenn. Mange omkom i fangelæger eller vart

avretta på anna måte, men det ser ikkje ut til at nokon herifrå var blant

desse. Våre fangar kom attende i levande live.

Dei krigen gjekk hardast utover, var sjøfolka. I handelsflåten tapte

Noreg 708 skip og 4650 sjøfolk. I Romsdal var det 30 som let livet på

sjøen p.g.a. krigen. I Bud og Hustad var det 9 krigsomkomne på sjøen.

Sverre Vågen meiner at dei to første ofra i den sivile skipsfart ved krigsutbrotet

var Ole Tornes og Hans Frisnes frå Bud (Stim, 9. mai 1985). I

gamle Fræna var det færre som omkom. To av desse, Paul P. Ødegård og

Sivert K. Sylte, har fått ein minnestein i Malmefjorden. Det var også

auke av dødsfall ved «vanlege» ulykkeshendingar under krigen. Sjølvmord

derimot var det mindre av.

Epidemiar tok mange liv under krigen. I 1943–44 herja såleis den

største difteriepidemi vi har hatt i Noreg. Dei vaksne overlevde i større

grad enn borna. I vårt distrikt ser dødsfalla av difteri ut til å vera nokså

spreidd over det meste av krigstida. Frå Hustad vart det sendt til

Epidemilasarettet i Molde 8 difteripasientar i 1941, 11 i 1944 og 7 i

1945. Av difteridødsfall vart meldt til lensmannen i Vågøy: 1 i 1942, 3 i

1943, 2 i 1944, 3 i 1945 og 3 i 1946.

Poliomyelitt var det også auke av under krigen, men i vårt distrikt var

det mest av denne sjukdomen i 1950-åra.

Tuberkulosen herja for fullt langt inn i vårt hundreår, men før krigen

kom var den i sterk tilbakegang. Under krigen kom det så noko auke

igjen, men i vårt distrikt var ikkje auken overtydande.

Av skabb var det sterk auke også under andre verdskrigen. Dette

framgår av figur 2. Mykje av infeksjonssjukdomane kom okkupasjonsmakta

med. Kjønnssjukdomar vart det meir av, både på landsplan og i

vårt distrikt. Auken galdt særleg syfilis. Medan det før krigen vart meldt

dobbelt så mange menn som kvinner med syfilis, vart det under krigen

meldt omlag dobbelt så mange kvinner som menn. Årsaka til dette var

nok at det ikkje var meldeplikt for dei tyske soldatane til norsk helsevesen,

og at dei derfor ikkje kom med i statistikken.

Men trass i auka sjukdom og død på grunn av epidemiar, var det

Krig og sott – helsetilhøva under to verdskrigar 159

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!