Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

romsdal.sogelag.no
from romsdal.sogelag.no More from this publisher
29.07.2013 Views

skipsfart. Heile 2000 norske sjøfolk reknar ein med gjekk tapt dei 4 åra krigen varte. Innanlands derimot merka nordmennene lite til sjølve krigshandlingane. Arbeidslivet gjekk utan for store vanskar, og forsyningane var det ikkje så ille med. På våre kantar var det stort sett kontakten med havet og sjøfolka som gjorde krigen trugande. Men når det galdt sjukdomar, vart det ille nok også i våre bygder. Dette kan vi lese mykje om i medisinalmeldingane etter P. Rambech, som var distriktslækjar i det store Bud lækjardistrikt. Til distriktet høyrde herada Bud, Hustad, Fræna, N. Aukra, S. Aukra og - unnateke perioden 1914–17 – også Sandøy. Tuberkulose Denne sjukdomen herja stygt i Mellom-Europa under første verdskrigen. Hos oss var det også svært mykje tuberkulose. Det var den største einskilde dødsårsak på denne tid (og heilt fram til 1925) i Noreg. I Vaagøy lensmannsdistrikt døydde det i 1914 23 pasientar av tuberkulose, d.v.s. 17 % av alle dødsfall. I 1915 døydde 21 av denne sjukdomen (21 % av dødsfalla). Men det var ikke uvanleg at opp til 1/5 av alle dødsfall var tuberkulosedød på denne tida, og vi kan ikkje sikkert seia at det var auke av tuberkulose på våre kantar under krigen. I rapporten for 1918 skriv Rambech om tuberkulosen: «Av nye tilfælder av smitsom tuberkulose indførtes i aarets løp i alt 28 tilfælder. Av tuberkuløse sykdommer døde i aarets løp i alt 17. Tuberkulosearbeidet vinder mere og mere inpas og forstaaelse; men mange omstendigheter, skikker og uvaner begunstiger fremdeles i høi grad tuberkulosesmitten’s utbredelse. Slik som de festlige sammenkomster utover i bygderne stadig øker i antal, vil det utvilsomt øve sin skjæbnesvangre indflytelse hvis man ikke vinder gehør for og forstaaelse av en nødvendig gjennemførelse av renlighet i servering og opvask ved slike anledninger. I saa henseende lader ialfald forholdene her i distriktet meget tilbake at ønske.» Spanskesjuka Det var særleg dei siste krigsåra det var mykje sjukdom og død, noko først og fremst «spanska» hadde ansvaret for. Dette var ein alvorleg in- Krig og sott – helsetilhøva under to verdskrigar 155

fluenzaepidemi som her på traktene særleg herja hausten 1918 og våren 1919, sume stader også i 1920. Distriktslækjar Rambech behandla 641 tilfelle av spanskesjuka i 1918, og heile 54 døydde. I 1920 vart 97 behandla, og 8 døydde. I heile Europa reknar dei med at denne influenzaepidemi åleine tok livet av fleire enn krigshandlingane. (Meir om spanskesjuka i «Gammalt frå Fræna 1983»). Skabb Dette er ein tilstand ein ser mykje av når hygienetilhøva er dårlege. Vi tek med kva Rambech skriv om dette dei to siste krigsåra: «SKABB, som i tidlegere aar var en meget sjeden foreteelse inden distriktets herreder med høist 1 a 2 tilfælder enkelte aar, optrær i de sidste par aar med tiltagende hyppighet i alle deler av distriktet. I 1917 behandledes 42 tilfælder (mot 30 tilfælder aaret i forveien). Den synes oprindelig at være bragt til distriktet av vernepliktige, hjemvendte fra nøitralitetsvagt og har efterhaanden opptraadt i mange hjem, deriblandt ogsaa hjem med renslige og gode hygieniske forhold. Nabobyernes logisenge synes i nogen tilfælder at ha været smittekilde.» (1917). Og for 1918: «Skab forekommer fremdeles paafaldende hyppig, og der synes at være en stigende tendens i dens optræden. I de siste 3 aar er resep. 30, 42 og 67 kommen under behandling.» Barnesjukdomar og tyfoidfeber var det ein god del av her i distriktet under krigen, men neppe med noko påfallande endring frå åra før eller etter. For å gjeva eit inntrykk av tilhøva i krigstida, tek vi med slutten av Rambechs medisinalrapport for 1918, det siste krigsåret: 156 Gammalt frå Fræna 1985

fluenzaepidemi som her på traktene særleg herja hausten 1918 og våren

1919, sume stader også i 1920. Distriktslækjar Rambech behandla 641

tilfelle av spanskesjuka i 1918, og heile 54 døydde. I 1920 vart 97

behandla, og 8 døydde. I heile Europa reknar dei med at denne influenzaepidemi

åleine tok livet av fleire enn krigshandlingane. (Meir om

spanskesjuka i «Gammalt frå Fræna 1983»).

Skabb

Dette er ein tilstand ein ser mykje av når hygienetilhøva er dårlege. Vi

tek med kva Rambech skriv om dette dei to siste krigsåra:

«SKABB, som i tidlegere aar var en meget sjeden foreteelse inden

distriktets herreder med høist 1 a 2 tilfælder enkelte aar, optrær i de

sidste par aar med tiltagende hyppighet i alle deler av distriktet. I

1917 behandledes 42 tilfælder (mot 30 tilfælder aaret i forveien).

Den synes oprindelig at være bragt til distriktet av vernepliktige,

hjemvendte fra nøitralitetsvagt og har efterhaanden opptraadt i

mange hjem, deriblandt ogsaa hjem med renslige og gode hygieniske

forhold. Nabobyernes logisenge synes i nogen tilfælder at ha været

smittekilde.» (1917).

Og for 1918:

«Skab forekommer fremdeles paafaldende hyppig, og der synes at

være en stigende tendens i dens optræden. I de siste 3 aar er resep.

30, 42 og 67 kommen under behandling.»

Barnesjukdomar og tyfoidfeber

var det ein god del av her i distriktet under krigen, men neppe med noko

påfallande endring frå åra før eller etter.

For å gjeva eit inntrykk av tilhøva i krigstida, tek vi med slutten av

Rambechs medisinalrapport for 1918, det siste krigsåret:

156 Gammalt frå Fræna 1985

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!