Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag
Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag
Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Spedbarnkontroll på Gadhaugen i 1958. Mødrene frå Venstre: Minda Moen med Inger

Synnøve, Karen Malme med Rune, Gudrun Moen med Atle, Mary Løseth med Einar

Inge. Med ryggen til: Svanhild Gjendem med Sissel. Kontrollør er fru Nekstad.

Foto: Arthur Vederhus. Utlånt av Minda Moen.

På årsmøtet i april 1953 vart det samrøystes vedteke at det skulle byggjast

helsehus. Det vart også laga plass for skuletannrøkta på teikningane,

og bygget vart kostnadsrekna til 118.581 kr. Dette vart eit stort løft

for laget. Det vart søkt om lån på 50.000 kr., tilskot og gåver kom på

43.300 kr, og resten måtte laget sjølv skaffa.

Stadvalet for helsehuset var ei vanskeleg sak som det var mykje diskusjon

om. Men då Johan P. Rødal gav gratis tomt, vart det Sylteosen

som vart staden. Det var usemje om stadvalet. Haukås krinslag var ikkje

samd i plasseringa, og dei skipa sitt eige lag i 1956, Elnesvågen

Helselag. Endå mindre vart Indre Fræna helselag i 1968, då Sande

krinslag gjekk over til Sørsida.

Det vart mykje arbeid med helsehuset i åra som kom, men utleige av

husvære gav også laget fast innkome. Nokre år vart det arbeidd med å få

ei lita pleieavdeling på helsehuset, men desse planane vart ikkje godkjente

av Helsedirektoratet.

Også andre oppgåver gav ein seg i kast med. I 1957 starta laget opp

150 Gammalt frå Fræna 1992