Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

romsdal.sogelag.no
from romsdal.sogelag.no More from this publisher
29.07.2013 Views

– Kva med eklampsi, fødselskrampe? – Jau, det hadde eg. Fleire tilfelle – og dramatiske nok. Hugsar særleg ein gong: Ei førstegongsfødande på Bjørnsund. Fekk eklampsi. Eg måtte ringje til doktoren. Fortalde han korleis det var. Ikkje anna å gjera enn å få ho på sjukehuset. Det var berre å setja i gang med transporten: Båt til Harøysund. Og no var det heldigvis sjuketransport å få derifrå. Få ho ombord i sjukebil – køyra til Molde. Gjekk etter høva snart det. Ho vart langt på operasjonsbordet med ein gong. Det gjekk bra – både med mor og barn. Men spanande var det. Ho hadde mange anfall under transporten. – Korleis var det på den tida du fungerte. Snakka dei gravide med jordmora på førehand, tinga på? Slik at du visste om dei og kunne kontrollera dei? – Jau, dei var stort sett flinke til det. Gjekk til kontrollar både hos lege og jordmor. Distriktet var lite, og det var god oversikt. Så eg kunne gje dei råd og oppfordra til kontrollar. Eg trur dei var flinkare enn i mange andre distrikt. Frå Bjørnsund til Aukra Sigrid vart gift medan ho var på Bjørnsund. Det var under krigen. Det vart berre eit par år ho fekk ha mannen. Han omkom ved ei ulukke i Kristiansund. Det vart ei tung ferd til Kristiansund den gongen. Han heitte Ole Kvalvik. Ho gifta seg andre gongen i 1949. Det var med Trygve Rasmussen. Han var frå Bjørnsund, men det vart likevel flytting med dei til Aukra. Og jordmorstillinga der var ledig, så det var berre å ta fatt. Bjørnsundjordmora hadde vorte Aukrajordmor. Og her vart ho verande ein enno lengre periode. Men det gjekk ikkje så mange åra før ho vart åleine att denne gongen heller. Trygve vart sjuk og døydde i 1965. Sigrid heldt fram som jordmor til 1972, formelt. Men ho måtte tre til mange år etter det når nokon trong hjelp. – Var det stor skilnad på distrikta, frå Bjørnsund til Gossa? – Ja, det vil eg seia var stor skilnad! Her kom dei med bil til døra når dei skulle hente jordmora. Det var noko anna enn å gå i båt i alle slags ver. Men av og til måtte eg i båt her også – vart tilkalla utanfor øya. Det var Otterøya, kunne vera ut til Ona, og ikkje sjeldan måtte eg tilbake til gamledistriktet, Bjørnsund. Jordmor i øysamfunn 145

Det er mangt ein hugsar – Er det noko du hugsar spesielt frå din jordmorpraksis? – Ei hending frå Bjørnsundstida hugsar eg ekstra godt. Det var forresten den andre forretninga eg var ute i (Eldre jordmødre talar gjerne om «forretningar» når dei var ute og hadde fødslar). Det gjekk fint med den første. Eg hugsar det så godt. Ho hadde to jenter før, og no vart det gut. Og då sa mannen: «Ta va nokko te jordmor det, som kom mæ gut åt oss». Men så var det den andre forretninga. Var berre 3 dagar mellom. Eg vart henta ut på Hammarøya ei natt. Og der var det placenta previa (forliggande morkake). Det er ei alvorleg sak å koma borti for ei distriktsjordmor. Og her var det ikkje berre å sende bod på lege. Hadde nok ynskt at ho kunne leggast i bil og køyrast til sjukehuset. Men vi var på Bjørnsund! Vi måtte ta pasienten ombord i ei skøyte. Båten heitte «Ruth», hugsar eg. Og så inn Julsundet til Molde. Det tok 3 1/2 time. Det var ikkje artig! Pasienten blødde stygt. Heldigvis gjekk det bra. – Med mora? – Med både mor og barn! Det var ei natt som har brent seg inn i minnet. Eg må seia om att det eg har sagt så mang ein gong: Hadde eg ikkje hatt ein allmektig Gud å gå til så hadde eg ikkje våga å vera jordmor! Det var ofte i mitt arbeid at eg måtte be om Guds hjelp. Og hjelp fekk eg også, det er eg viss om. – I våre dagar stiller folk svært store krav til helsevesenet, men er mindre innstilt på eigeninnsats, både når det gjeld seg sjølv og andre. Dette var sikkert annleis før. Har du ei oppleving på det området? – Ja, det har eg. Det var her på Aukra. Ein vinter det var så mykje snø. Vegane var ikkje brøytt, og vi kom ikkje fram med bil. Måtte ty til hest og slede, så det gjekk seint. Og når eg kom fram dit eg skulle, var barnet født. Og der i huset sat det ei kone på 84 år med ein liten fin plugg i armane sine. Då hadde ho ordna opp og navla av, og alle dei andre som skulle passa på denne fødekona til jordmora kom, hadde reist sin veg. Og alt var bra med både mor og barn. Det tykte eg var imponerande av ei 84 år gamal kvinne. Roleg og trygg sat ho der. Sigrid Rasmussen har gjeve oss gløtt inn i eit spanande og rikt liv. Ho har mykje å fortelja, men vi får gje oss med dette her. Det var ein tøff jobb å vera distriktsjordmor i gamle dagar. Ho var åleine og hadde kon- 146 Romsdal sogelag, årsskrift 1988

Det er mangt ein hugsar

– Er det noko du hugsar spesielt frå din jordmorpraksis?

– Ei hending frå Bjørnsundstida hugsar eg ekstra godt. Det var forresten

den andre forretninga eg var ute i (Eldre jordmødre talar gjerne

om «forretningar» når dei var ute og hadde fødslar). Det gjekk fint med

den første. Eg hugsar det så godt. Ho hadde to jenter før, og no vart det

gut. Og då sa mannen: «Ta va nokko te jordmor det, som kom mæ gut åt

oss». Men så var det den andre forretninga. Var berre 3 dagar mellom.

Eg vart henta ut på Hammarøya ei natt. Og der var det placenta previa

(forliggande morkake). Det er ei alvorleg sak å koma borti for ei

distriktsjordmor. Og her var det ikkje berre å sende bod på lege. Hadde

nok ynskt at ho kunne leggast i bil og køyrast til sjukehuset. Men vi var

på Bjørnsund! Vi måtte ta pasienten ombord i ei skøyte. Båten heitte

«Ruth», hugsar eg. Og så inn Julsundet til Molde. Det tok 3 1/2 time.

Det var ikkje artig! Pasienten blødde stygt. Heldigvis gjekk det bra.

– Med mora?

– Med både mor og barn! Det var ei natt som har brent seg inn i minnet.

Eg må seia om att det eg har sagt så mang ein gong: Hadde eg ikkje

hatt ein allmektig Gud å gå til så hadde eg ikkje våga å vera jordmor!

Det var ofte i mitt arbeid at eg måtte be om Guds hjelp. Og hjelp fekk eg

også, det er eg viss om.

– I våre dagar stiller folk svært store krav til helsevesenet, men er

mindre innstilt på eigeninnsats, både når det gjeld seg sjølv og andre.

Dette var sikkert annleis før. Har du ei oppleving på det området?

– Ja, det har eg. Det var her på Aukra. Ein vinter det var så mykje

snø. Vegane var ikkje brøytt, og vi kom ikkje fram med bil. Måtte ty til

hest og slede, så det gjekk seint. Og når eg kom fram dit eg skulle, var

barnet født. Og der i huset sat det ei kone på 84 år med ein liten fin

plugg i armane sine. Då hadde ho ordna opp og navla av, og alle dei andre

som skulle passa på denne fødekona til jordmora kom, hadde reist

sin veg. Og alt var bra med både mor og barn. Det tykte eg var imponerande

av ei 84 år gamal kvinne. Roleg og trygg sat ho der.

Sigrid Rasmussen har gjeve oss gløtt inn i eit spanande og rikt liv.

Ho har mykje å fortelja, men vi får gje oss med dette her. Det var ein tøff

jobb å vera distriktsjordmor i gamle dagar. Ho var åleine og hadde kon-

146 Romsdal sogelag, årsskrift 1988

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!