Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag
Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag
Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
– Kva med eklampsi, fødselskrampe?

– Jau, det hadde eg. Fleire tilfelle – og dramatiske nok. Hugsar særleg

ein gong: Ei førstegongsfødande på Bjørnsund. Fekk eklampsi. Eg

måtte ringje til doktoren. Fortalde han korleis det var. Ikkje anna å gjera

enn å få ho på sjukehuset. Det var berre å setja i gang med transporten:

Båt til Harøysund. Og no var det heldigvis sjuketransport å få derifrå. Få

ho ombord i sjukebil – køyra til Molde. Gjekk etter høva snart det. Ho

vart langt på operasjonsbordet med ein gong. Det gjekk bra – både med

mor og barn. Men spanande var det. Ho hadde mange anfall under transporten.

– Korleis var det på den tida du fungerte. Snakka dei gravide med

jordmora på førehand, tinga på? Slik at du visste om dei og kunne kontrollera

dei?

– Jau, dei var stort sett flinke til det. Gjekk til kontrollar både hos

lege og jordmor. Distriktet var lite, og det var god oversikt. Så eg kunne

gje dei råd og oppfordra til kontrollar. Eg trur dei var flinkare enn i

mange andre distrikt.

Frå Bjørnsund til Aukra

Sigrid vart gift medan ho var på Bjørnsund. Det var under krigen. Det

vart berre eit par år ho fekk ha mannen. Han omkom ved ei ulukke i

Kristiansund. Det vart ei tung ferd til Kristiansund den gongen. Han

heitte Ole Kvalvik. Ho gifta seg andre gongen i 1949. Det var med

Trygve Rasmussen. Han var frå Bjørnsund, men det vart likevel flytting

med dei til Aukra. Og jordmorstillinga der var ledig, så det var berre å ta

fatt. Bjørnsundjordmora hadde vorte Aukrajordmor. Og her vart ho

verande ein enno lengre periode. Men det gjekk ikkje så mange åra før

ho vart åleine att denne gongen heller. Trygve vart sjuk og døydde i

1965. Sigrid heldt fram som jordmor til 1972, formelt. Men ho måtte tre

til mange år etter det når nokon trong hjelp.

– Var det stor skilnad på distrikta, frå Bjørnsund til Gossa?

– Ja, det vil eg seia var stor skilnad! Her kom dei med bil til døra når

dei skulle hente jordmora. Det var noko anna enn å gå i båt i alle slags

ver. Men av og til måtte eg i båt her også – vart tilkalla utanfor øya. Det

var Otterøya, kunne vera ut til Ona, og ikkje sjeldan måtte eg tilbake til

gamledistriktet, Bjørnsund.

Jordmor i øysamfunn 145