29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

så roleg og fint. Det hadde gått på gutar før, og derfor sa eg: «Kanskje

du no får to jenter?». «Hoi, ja, det skulle verta greier», sa ho. Ikkje noko

syting der. Og to jenter fekk ho! Eg lærte mykje av henne. Dei tok mot

dei borna dei fekk, den gongen, og var glad til.

– Du måtte vel vera nokså sjølvstendig som distriktsjordmor den

tida. Legehjelp var det sikkert ikkje så enkelt å få til Bjørnsund om det

var noko som sto på?

– Nei, det var ikkje lett å få tak i lege. Eg måtte ofte gjera legearbeid

også. Dei kom til meg når det var noko gale. Når dei hadde skore seg

eller slege seg, så var det jordmora. Ho måtte sy, bandasjere skader, stelle

svullfingrar. Trøystar måtte eg ofte vera, av og til eit slags sjelesørgjar

også.

– Var det heilt uråd å få lege frå Harøysund når det oppsto farlege situasjonar

under ein fødsel?

– I hastesituasjonar ville det ta for lang tid. Blødning til dømes. Så eg

måtte ofte hente ut fastsitjande morkaka sjølv, når det blødde. Vendingar

av fostret gjorde eg mange gonger.

– La du tong nokon gong? Eg spør fordi eg veit at særleg Bergensjordmødrene

hadde fått noko opplæring for å kunne leggja tong i ein

nødsituasjon. Det var mykje strid om dette mellom fødselslegane.

Mange distriktslegar som kjende til vanskelege tilhøve og lange avstandar

i utkantane, hadde tru for at jordmødre skulle læra tongbruk, såleis

Edvard Kaurin, som etter si distriktslegetid vart overlege i Molde.

– Nei, tong la eg ikkje. Då hadde eg heldigvis lege. Men det var ikkje

sjeldan det vart lagt tong ute i distriktet i mi jordmortid.

– Var det nokon gong du angra på at du hadde valt jordmoryrket? Det

er vel kjent at det er eit hardt og krevande yrke å vera distriktsjordmor,

kontinuerleg vakt og mykje nattearbeid.

– Aldri! Om eg skulle få byrja på att i dag hadde eg valt det same. Det

var mykje som kunne henda under ein fødsel før, for ein generasjon eller to

sidan. Mange born som døydde under eller etter fødselen. Mødre som fekk

barselfeber eller andre komplikasjonar. Det hender enno, men sjeldan.

– Korleis var det i di jordmortid? Hende det at du mista både mor og

barn?

– Barnet hende det at eg mista. Men ikkje ofte. Nei, det var sjeldan!

Og barselfeber var ikkje lenger noko problem i mi tid.

144 Romsdal sogelag, årsskrift 1988

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!