29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Gammaljordmora i godstolen.

Foto: Ottar Ødegård.

ne til. Sjølv kjem ho i andre

rekke. Det ligg god livsvisdom

i det og.

– Men du må fortelje litt

om deg sjølv, og gjerne byrja

med barndomen. Det er lenge

sidan. Kven var foreldra dine?

– Faren min var fanejunker

Mathias Hoemsnes (1868–

1951). Han var elles ordførar i

gamle Fræna frå 1911 til 1922. Mora mi, Inger Anna, var født Kjørsvik

(1866– 1936). Ho var distriktsjordmor i Fræna 1888-1930. Eg vart født

på Løset i 1907. I 7 år gjekk eg på Løset skule. Det var berre 3–4 minutt

å gå frå heimen min til skulen.

– Men korleis kom du på at du skulle verta jordmor? Det var ikkje

mange jenter som skaffa seg utdanning på den tida.

– Det var mor mi då, veit du. Ho var jordmor. Så interessa vart vekt,

sjølv om eg såg ho hadde eit strevsamt liv. Og foreldra mine hadde visst

ikkje noko mot at eg ville på jordmor-skule. Det vart i Bergen, året

1933–34. Jordmorskulen der hadde byrja i 1861.

– Det var vel kustus på jordmorskulen den gong?

– Ja, det er visst! Det var eit strengt, men interessant år. Noko ordna

fri hadde vi ikkje i det heile. Men det hende at overjordmor kom og sa:

«No skal de få fri!». Og så tok ho oss med ut ein eller to timar. Første

dag eg var på post, tenkte eg med meg sjølv: «Nei, kva er det eg har

gjeve meg ut på!». Anna Henriksen heitte overjordmor. Ho var frå Sogn.

Ei svært myndig dame, men kjekk og grei. Ho var på elevane si side.

– Var det spesielt elevar frå Vestlandet som gjekk i Bergen?

– Storparten var frå Vestlandet. Dei fleste var bygdajenter, men byjenter

var det også. Såleis var Cris Bruusgaard på mitt kull, og ho tykte

nok at året i Bergen var i hardaste laget. Heimreise var ikkje aktuelt me-

140 Romsdal sogelag, årsskrift 1988

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!