28.07.2013 Views

Rune Gerhardsen Stanislav Grof Atle Waage World ... - Gateavisa

Rune Gerhardsen Stanislav Grof Atle Waage World ... - Gateavisa

Rune Gerhardsen Stanislav Grof Atle Waage World ... - Gateavisa

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

2

Gateavisa

Hjelmsgate 3

0355 OSLO

Tlf: 22 69 12 84

gateavisa@gateavisa.no

www.gateavisa.no

Redaksjonsmøte hver mandag kl. 18.00

Åpent for alle som vil bidra. VELKOMMEN!

1/08

La dei pule stolt! Innhold:

Prostitusjon er fælslege greier. Det

er nesten alle samde om, særskilt dei

som kallar seg sjølve feministar. For å

redde kvinner frå ei slik skjebne, vil

dei no forsøkje å forby kjøp av sex.

Dette forsøkjet har tydlegvis slått an,

og regjeringa førebur no eit lovforslag

om dette.

Grunngjevinga for å forby sexkjøp

er for å få stopp på hallikverksemd,

menneskehandel og ufriviljug prostitusjon.

Dei fleste sinnsfriske menneske

vil seie seg einige i at dette

er ting det hadde vore kjekt å få ein

slutt på. Allikevel gjeng det an å stille

spørsmålet om dette er den rette vegen

å gå.

Eit motargument mot det føreslegne

forbudet har vore at den skjulte

prostitusjonen vil auke, og dei prostituerte

som allereie har det fælt vil få

det verre. Dette argumentet har vore

so grundig debattera at eg ikkje gidd ta

det noko meir opp her, berre seie meg

einig i det. Eg vil derimot påpeike det

absurde i at sokalla feministar vil ta

eit skritt vekk frå den seksuelle frigjeringa,

og frå kvinna sin rett til å herske

over sin eigen kropp.

Argumentet mot prostitusjon er

vanlegvis at det er kvinnefornedrande,

jentene sel sine kroppar, sel sin eigen

seksualitet, og blottar slik eit særs

sårt område av seg sjølve. Dette kan

sikkert vere sant. For nokon. Eg er

nemleg overtydd om at det finnest

viljesterke prostituerte som ikkje kjenner

det slik, og ser på yrket sitt som

anten ikkje meir enn ein fin måte å

tene pengar på, eller til og med noko

dei verkeleg likar å drive på med. Skal

desse miste høvet til å utøve yrket sitt?

Er det god kvinnefrigjering å blokkere

kvinner frå å gjere den karriera dei

ynskjer?

Dessutan er dette synet seksuelt

reaksjonært. Det inneber nemleg at

kroppen er eit tempel, og at seksualiteten

er noko heilagt ein skal vakte

vel. Sikkert er det at dette med sex

kan vere sårbare greier, men takk og

lov gjeng no verda framover på visse

område, og me har fått lov å styre

sexlivet vårt meir som me vil utan at

stat, kyrkje, familie eller nabo legg seg

opp i det. Kvifor skal det vere skammeleg

å selje eller kjøpe sex? For dei

som ynskjer det, bør det vere mogleg

og akseptert. So lenge det er frivilligt

har ingen andre noko med det. Tenkjer

ikkje “feministane” på at kan hende er

det dei som skapar dårleg magekjensle

hos dei prostituerte grunna alt dette

snakket om utnytjing?

Kvifor skal det vere skammeleg

å selje eller kjøpe sex?

Får dei til å kjenne seg svake og

mindreverdige? Ein bør tenkje seg

nøye om før ein uttalar seg i verdispørsmål

når ein er ein offentleg meinigsberar,

som vel mange politikarar

må seiast å vere. Det er lett å såre og

svekke folk.

Etter mi meining er det beste kortet

“feministane” har på handa argumentet

om kommersalisering av kvinnekroppen,

og at menn ser på kvinna

som ikkje noko anna enn eit kjønnsobjekt.

Uansett er det slik at mange

menn ynskjer å ha seg med damer,

og vil dermed sjå alle kvinner som eit

potensielt ligg.

Dette kan ein ikkje gjere so mykje

med, og det er neppe ønskeleg å gjere

det heller. Det ein må gjere, er å sosialisere

gutungane til å forstå at kvinner

Opplag: 4000

Trykk: Arbeidets Rett, Røros

Redax dette nummer: Bjarne Benjaminsen,

Pål Flakk, Are Hansen, Ray Howard,

Martin Knutsen, Anita Nyholt, Atle Waage

Støttet av Norsk Kulturråd

fyrst og fremst er menneske, og at

uynskja seksuell merksemd eller fokus

på eventuelle attributtar når fokusen

bør vere ein annan stad hjå kvinna,

til dømes på det ho seier, er uakseptabelt.

Kombinera med eit meir naturleg

førehald til seksualitet og høve for

prostituerte til å organisere seg, stå

fram i “selskapslivet” og stolte kunne

seie “eg er prostituert”, ja, generelt få

lov til å verta sett på som ressursterke

tilbydarar av ei teneste, ikkje svake

menneske som må selje kroppe sin, vil

dette vere vegen mot mindre kommersialisering

av kvinnekroppen (at det

trengs endringar ogso i den materielle

delen av politikken vil eg ikkje snakke

om her, det høyrar heime ein annan

stad).

Kjære Storting: Legg

frå dykk ideen om forbud av

sexkjøp, det vil berre føre til

innskrenkning av fridom og

gjere sosiale villkår verre.

Sats heller på å utvide det

sosiale tryggleiksnettet for å hindre

ufriviljeg prostitusjon, og for dei jentene

som verkeleg vil vere prostituert,

opprett bordell jentene styrer sjøl,

med stønad frå Staten til hygiene og

tryggleik. Når me fyrst har denna staten,

som dei fleste som ikkje er heilt

propaganderte i hovudet kan sjå har

både fordelar og ulemper, er det kjekt

dersom den forsøkjer å gjere skikkeleg

sosialpolitikk, og ikkje skru oss

attende til pietismen.

John Magnus Dahl

Provosert?

Se også side 4

Prostitusjonsprovokasjon

s. 2

Kjønnskamp

s .4

Anarki for alle

s. 5

Storebor ser deg!

s. 8

Anarkistisk ABC

s. 10

Psykedelisk frelse

s. 11

Gateavisa kårer Norges

politiske klassikere

s. 19

Hva skal grisen hete?

s. 20

Helse i hver matbit?

s. 22

Snillisme på norsk

s. 24

Avskaff TV-slaveriet!

s. 26

Hjelpe oss

s. 27

Anarki i Noreg

s. 28

Sporten

s. 30

Krigskommentar

s. 32

Takk til alle bidragsytere og gateselgere!

Innsendte bidrag mottas med takk!

(bortsett fra dikt, som brennes ved

en enkel seremoni hver fullmåne. Ta

med eget okseblod.) Artiklene står for

forfatterens egen regning.

Kopier så mye du vil, så lenge du ikke

tjener penger på oss. Men oppgi kilde!

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!