28.07.2013 Views

Le Skrei, s. 5 - Språkrådet

Le Skrei, s. 5 - Språkrådet

Le Skrei, s. 5 - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

INNSIkt

bøkene. Dersom sjofe (kebabnorsk for

’å sjå’) blir vanleg i norsk (særleg i aviser

og daglegtale), vil det nokså sikkert bli

vurdert som oppslagsord i ei ordbok

også. Særskilt i papirordbøker må ein

likevel ta omsyn til plassen, og det vil

alltid vere minst like mange ord utanfor

dei vanlege ordbøkene som inni dei.

Norsk er eit rikt språk, og spontane ordlagingar

oppstår i tusental kvar dag.

tips til kritisk lesing av ordbøker

Viss ordet neger står i ordboka, kva står

det av andre opplysningar om ordet? I

Bokmålsordboka og Nynorskordboka

står det at neger kjem av ordet for svart

i latinske språk (negro). I tillegg står det

at ordet kan bli oppfatta nedsetjande.

Professor Ruth Vatvedt Fjeld har undersøkt

korleis menn og kvinner blir

behandla ulikt i ordbøkene. Tilfeldige

søk på han og hun i Bokmålsordboka,

meiner Fjeld, viser at hun går att i eksempelsetningar

som «hun kvapp til»

og «hun kvitret og lo hele tiden», medan

pronomenet han går att i setningar

som «det er kvalitet i alt han gjør» og

«han er hvass i regning» (Språknytt

2001/1). Eit «kvinneord» som ammetåke

kom først med i ordbøkene i 2005,

og ordet A­cup er ikkje med. Kvifor

kjem ikkje typiske «kvinneord» med?

Eit anna spørsmål er kva verdisyn

som kan lesast inn i definisjonane av

orda urban og rural. I mange ordbøker

er det å vere urban og frå byen det same

som å vere kultivert, medan å vere rural

og frå bygda er det motsette av urban

– altså ukultivert?

Inger Anne Olsen fortel at ho slutta

å bruke ordet jordeple i ungdommen.

Ho forstod «fort at vi ikke kunne snakke

sånn». Viss det er eit statusmerke for

eit ord å stå i ei ordbok, noko jordeple

gjer, kven «bestemte» at det ikkje var

godt nok eller forståeleg å seie jordeple

i staden for potet? Det var i alle fall andre

enn Språkrådet eller ein bestemt

redaktør. Kan det vere at kaféborda og

sofakrokane rundt om stengjer ute like

mange ord som ein kunne tenkje seg å

gjere i tradisjonelle «raudpenn-miljø»?

Me treng debatt om språklege omgangsformer

og potensielt diskriminerande

språkbruk i ordbøker. Men det er

skilnad på å debattere felles oppfatning

av felles språk og å sensurere kvarandre

i kvardagen.

«dersom kunnskapen om ord forvitrar, blir debatten

uopplyst. difor treng me ordbøker.»

Språkrådet har fått spørsmål frå publikum

om eit ord som tverrfagleg (samarbeid)

er negativt ladd, fordi det har ordet

tverr i seg. (Tverr kan tyde både

’vrang’ og ’gretten’ og ’som går på tvers’.)

Slike reaksjonar kan tyde på eit språkklima

der folk er redde for å bruke heilt

vanlege ord. Ein fare er at dersom kunnskapen

om ord forvitrar, blir debatten

uopplyst. Difor treng me ordbøker.

Du kan lese Inger Anne Olsens kommentar

her:

http://www.aftenposten.no/meninger/

kommentatorer/olsen/article3133154.

ece.

Sigfrid Tvitekkja er fagkoordinator i

Språkrådet

26 SPRÅKNYTT 4/2009

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!