28.07.2013 Views

Last ned PDF - Næringsforeningen i Stavanger-regionen

Last ned PDF - Næringsforeningen i Stavanger-regionen

Last ned PDF - Næringsforeningen i Stavanger-regionen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Kultur og innovasjon

KOMMUNIKATØREN 56—67

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen har arbeidd ved Universitetet i Bergen og Université March

Bloch i Strasbourg. Han arbeidde 1996-98 med kunst- og kulturformidling ved HiS og

har vore professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger (tidl. HiS) sidan 2002. M.a.

leiar for mastergradsprogrammet i lesevitskap og Literacy Studies.

Den nye forskingsmeldinga, ”Klima for forskning” (St.m. nr. 30,

2008-09), er i mangt overraskande. Fyrst og fremst for alt Tora

Aasland og departementet hennar ikkje har funne grunn for å skrive

om. SV-statsråden har her langt på veg levert ein blåkopi av Kristin

Clemets melding frå 2005.

Nokre mindre skilje er der. Kristin Clemet kalla si forskingsmelding

”Vilje til forskning”, og markerte dermed at det handla om

ein viljesakt. Somme ville på den tida også sjå ei oppmoding frå

Clemet i heile utdannings- og forskingsfeltet til større grad av

desisjonisme, altså at ho ynskte å skape nye situasjonar gjennom

å gjere systematiske val på fleire område samstundes og

dermed endre oppfatningane om kva som skulle vere korrekt

og forstandig. Anten ho hadde ein teori om det eller ei, kan vi no

klart sjå at ho oppnådde akkurat dét.

EFFEKTIVE CLEMET

Sidan eg ikkje er høgremann, så likar eg det ikkje, men eg lyt

vedgå at Kristin Clemet var uvanleg effektiv og skapte varige løysingar.

Til den grad at dei politiske motstandarane hennar i den

noverande regjeringa, som eg vanlegvis skulle vere meir samd

med, slett ikkje maktar å varte opp med nye løysingar.

Sjå berre på utdanningssystemet frå barnehagen til universitetet.

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell vil kartleggje

alle barnehagebarn, for å identifisere moglege problem hos

individ som har språkvanskar og åtferdsvanskar. Dette er anten

sosialteknologi av bortimot svensk 1960-tals-merke, eller det er

god gammal høgrepolitikk for å individualisere sosiale problem.

D’er som om Solhjell sit og fyller ut fargebøker han har fått av

Høgre…. No skal han jo også prøve å møte fråfallet i vidaregåande

med å sende ungdomsskuleelevar ikring i yrkesfaglege

studieretningar, koss no det skal kunne verke. Av ein eller

annan grunn har praktisk tenking i utdanninga vore mest umogleg

sidan Gudmund Hernes si statsrådtid, og det er då reint

forunderleg at ein ikkje kan opprette nok lærlingeplassar og

samarbeidsavtalar med verksemder i næringslivet.

TRADISJONELLE LØYSINGAR

Innovasjon for næringslivet seiest stå sentralt i Aasland si forskingsmelding.

Det merkelege er då at det stort sett er tradisjonelle

løysingar ein ser for seg. ”Klima for forsking” er, som så

ofte i titlane på meldingar frå denne regjeringa, meint tvetydig:

Det skal vere godt klima for å forske på klima. Likevel er det

just på klima-området at lesaren av meldinga må undrast: Her

er det meir, mykje meir, av gammal medisin. Såleis vert det lagt

overmåte stor vekt på teknologisk utvikling.

Ja, det seier seg no eigenleg sjølv, at teknologi alltid må fornyast,

men det som vantar, er eit perspektiv EU har lagt større

og større vekt på siste tiåret: Dersom næringslivet har vondt

for å endre seg, og heller køyrer vidare på gamle spor, så må

det komme av at der ikkje er godt nok utvikla kultur for endring.

Altså må det forskast på organisasjonskultur, historiske

føringar, kommunikasjonstilhøve, opplæringsvilkår – kort sagt,

grunnleggjande sosiale og kulturelle føresetnader for at der i

det heile finst omstillingsvilje til.

BLIR SETT TIL SIDE

I Clemet si forskingsmelding var det opningar for slike studier,

i denne meldinga blir humanistiske og samfunnsvitskaplege –

altså alle områda for kulturvitskapleg analyse – sette til sides.

Ein kan lure på om det har noko å gjere med at Aasland ikkje

vil halde oppe kravet til at tre prosent av brutto nasjonalprodukt

skal gå til forsking – det ville vere å gjere forskinga avhengig

av oljeinntektene, seiest det, men det er då ei særs merkverdig

grunngjeving all den tid alle statsløyvingar er avhengig av statsinntektene,

same kva område dei kjem frå.

Eg vert meir og meir overtydd om, at næringslivet sjølv vil bli

nøydt til å drive meir analysar av kva for kulturelle behov dei

har, og skaffe fram forståing av koss kulturelle endringsprosessar

kjem i stand. Berre tenk på bruken av informasjonsteknologien:

Ingen aviser, ingen NHO-verksemder, ingen statlege

kontor eller etatar, ingen fagforeiningar veit lenger kva bruken

av PC og internett gjer med den sosiale organiseringa av arbeidet.

Det burde gje stoff til ettertanke at forskingsmeldinga såleis

ikkje har nokon refleksjon om korleis daglege, grunnleggjande

arbeidsmåtar og kommunikasjonsmåtar fungerer i konkurranseutsette

næringar eller til å oppfylle statlege arbeidsmål.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!