27.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

media

Tarjei Vågstøl

I mars kom nyhenda om at NorDubb skal

etablera eit studio i Volda. Dei bør få

ordrebøkene fulle.

Det har vore sagt at dei som vågar

satsa i krisetider, er dei som kjem til å

tena pengar på sikt. Ikkje veit eg om

det stemmer, men eg vil likevel ta hatten

av for NorDubb Studios, som no

i mars gjekk i gang med å etablera eit

dubbing-studio i Volda. Eg vonar verkeleg

at dei lukkest. Vilkåra burde vera

til stades.

Dubba teiknefi lmar er kanskje ikkje den

programsjangeren som har høgst prestisje.

Likevel er det eit utruleg viktig

programsegment for barn. Dersom vi

ser på «kjernetida» på barnefj ernsyn,

mellom klokka seks og halv sju på

kvelden, er over halvparten av sendetida

teiknefi lm: vanlegvis produsert i

utlandet, og vanlegvis med austlandske

bokmålsrøyster.

I Kringkastingsringen har vi ofte spurt

NRK kvifor det må vera slik at bjørnar,

kongroer, bilar, båtar og menneske

på teiknefi lmane må snakka slik. Det

burde då vera den enklaste saka i verda

å få desse til å snakka nynorsk og dialekt?

NRK på si side har skulda på at

dubbingverksemdene ikkje har vore i

stand til å levera noko anna. Dubbingverksemdene

har skulda på at det er

vanskeleg å få tak i røyster.

No fi nst det ingen orsakingar lenger. I

Volda har NorDubb hatt over førti

born og vaksne på opptaksprøver, og

halde kurs for omsetjarar. Alle skjønar

at det kjem til å vera litt innkøyringstid

når ein skal etablera eit nytt produksjonsmiljø,

men no byrjar iallfall infrastrukturen

å koma på plass.

Det er på tide. Dersom NRK Super skal

greia kravet om å nytta minst 25 prosent

nynorsk i sendingane sine, er det

diverre ikkje nok med gode dokumentarhistorier

frå Sogn og Fjordane og

artige programvertar frå heile landet.

Nei, vi må høyra fl eire bilar og rosa

bjørnar snakka nynorsk og dialekt.

Samtidig opnar denne etableringa opp for

meir nynorsk «der det ikkje er så viktig».

Når NRK har hatt store problem

med å få nynorsk tale når dei har bede

om det, er det ikkje så rart at dei kommersielle

barnekanalane som Disney

Channel og Cartoon Network (for å

plukka frå kundelista til NorDubb)

ikkje har hatt nynorsk heller. Når ein

no kan dubba i Volda like lett som i

Oslo, burde vegen liggja open for meir

språkleg mangfald her òg.

Eg ønskjer NorDubb til lukke med

nyetableringa, og lukke til!

6

Ordreboka

full

Dubbing i nyn

NorDubb Studios AS

vil etablere distriktsstudio

i Volda. Dei

trur det fi nst ein

marknad for nynorsk

dubbing.

– Jeg synes prinsesser er skikkelig

teite! brølar Morten

Lange på oslodialekt, og slår

seg på brystet. Staden er Studio

2 i kjellaren på Høgskulen i

Volda, og det er «audition» for

nynorsk-dubbarar. NorDubb

Studios AS, med Lange i spissen,

vil etablere distriktsstudio

i Volda. No er dei på jakt

etter nynorske røyster til to

nye NRK-seriar.

– Du må overdrive og bli

ei skikkeleg klyse, seier Lange

til Ivar Hustadnes Muren, 13,

som står i kontrollrommet i

radiostudioet.

– Eg synest prinsesser er

skikkeleg teite! prøver han seg,

litt forsiktig, på voldadialekt.

Kunsten å dubbe

Over tre dagar skal i alt 40

personar prøvast ut til ti roller.

Ivar og klassekameraten

Emil Lewe, 12, er to av dei.

Dei melde seg på fordi læraren

deira oppfordra dei til

det. Ivar har vore i studio før,

men då som songar, men ingen

har dubba før. Gutane er

litt spente, og ser blygt ned til

å byrje med. Ivar skal i elden

først. Han stiller seg inne i

studioet og tek på seg høyretelefonar.

Framfor seg har

han manuset, ein skjerm med

teiknefi lmen på og sjølvsagt

ein mikrofon. Kunsten med

dubbing er, ifølgje Lange, å

treff e replikkane i sync, gå

skikkeleg inn i rolla, vere fl ink

Abelone

Ågotnes

Eiklid vart

svært overraska

over å

få eit journaliststipend

på 10.000

kroner.

Foto: Sigmund

Krøvel-Velle/

Hallingdølen

A, ikkje å i Sandnes

Kultur- og oppvekstutvalet i Sandes

har bestemt at gatenamn i bunden form

skal heite «gata» og ikkje «gatå», slik mellom

andre mållaget i Sandnes ynskte.

Overordna reglar frå Kultur- og kyrkjedepartementet

seier at stadnamn

i hokjønn som ein hovudregel skal ha

a-ending, men at det er rom for eit visst

lokalt skjønn. Før jul 2008 bad kultursjefen

i Sandnes bydelsutvala uttale seg om

kva praksis ein burde å leggje seg på i

framtida, a-ending eller å-ending, og 70

prosent av bydelsutvala gav uttrykk for

at dei ynskte å-ending, melder Stavanger

Aftenblad. Sandnes Mållag har òg gjeve

med pausar, og overdrive akkurat

passeleg.

– Du må leggje igjen røysta

di, og bli Humphrey, rettleier

Lange.

– Om du kjem inn for seint,

er det berre å fortsetje.

Følgjer fi lmen

Klokka i radiostudioet er litt

over eitt, torsdag 19.mars.

Medan Ivar prøver å følgje

den engelske talen best mogleg,

følgjer Lange med på teiknefi

lmen og lydfi lene på dataskjermen.

Litt tydelegare, ver klar på

alle orda, seier Lange til Ivar.

- Vel ... fordi ... fordi eg skal

bli astronaut! leverer sjuandeklassingen,

med trykk på siste

staving. Han er byrja bli varm

i trøya no, og vågar litt meir.

– Veldig bra! Morten Lange

er begeistra.

– Du må berre stramme

inn litt til, det blir for langt,

oppfordrar han.

Fri dialektbruk

Så er Ivar ferdig, og det er

Emil sin tur. Han har sete og

sett spent på kameraten, og

gliser då det er hans tur. Emil

får prøve seg på ein vond latter.

– Sjå på kroppsspråket til

personen! seier Lange. Emil

er litt for snill i stemma for

karakteren Humphrey. Han

får prøve seg på ein annan karakter.

– Heiter det ikkje morosamt?

lurar Lange på plutseleg.

– Jo, men eg seier

«morsomt» på dialekten min,

forklarar Emil.

Dubbinga er nemleg basert

på nynorske manus, men det

Fyrste journaliststipend

Mållaget i Kristiansand

har delt ut dei fyrste

stipenda til journaliststudentar

som nyttar

nynorsk.

Mållaget i Kristiansand arbeider

for at nynorsk mål skal takast i

bruk på så mange samfunnsarenaer

som mogeleg. Det er svært

få nynorskbrukande journalistar

frå Agder. Som eit tiltak for få

meir nynorsk i media, spesielt på

Agder, vedtok årsmøtet i 2008 å

opprette ei stipendordning for

uttrykk for at dei ynskjer å-ending som

hovudform.

I kultur- og oppvekstutvalet sitt møte

måndag 16. mars landa likevel utvalet på

eit vedtak om at a-ending framleis skal

vere hovudregel, men at å-ending kan

brukast viss det er særlege grunnar som

talar for det. (LNK Nytt)

journaliststudentar som ynskjer

å nytte nynorsk i arbeidet sitt.

Stipendet er på 10.000 kroner i

semesteret inntil seks semester,

og det må søkjast på nytt kvart

semester.

– Det kom inn seks søknader,

og me gav tre av dei støtte, sa leiar

i juryen, Øyvind Grov til Sørnytt

då stipenda var klare. Dei utvalde

er Sian Constance O`Hara, journaliststudent

ved Høgskulen i

Oslo, Iselin Nevestad Øvrelid,

journaliststudent ved Høgskulen i

Volda og Abelone Ågotnes Eiklid

som studerer ved radio og tv-linja

NORSK TIDEND NR. 2 – 2009

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!