Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
4

helseproblem

Regionale helseføretak skal følgje mållova, har

Kultur- og kyrkjedepartementet slått fast for

fl eire år sidan. Men det er visst berre på papiret.

I 2004 hadde Kultur- og kyrkjedepartementet

fått nok. Omlegginga

av verksemdene i helseføretaka

hadde utløyst ein årelang

strid om kva reglar som gjaldt for

språk i helsevesenet. Mellom annan

truga Telemark Mållag i 2002

med søksmål då Telemark Sjukehus

endra namn til Sentralsykehuset

Telemark HF. Striden enda

i ei ny forskrift, vedteken ved kongeleg

resolusjon. Ho slo fast at regionale

helseføretak skal reknast

som organ for staten, og dei skal

difor fylgje mållova. Det betyr

igjen at tenestemålet skal avgjerast

alt etter kva tenestespråk som

er i dei kommunane som sorterer

under det regionale føretaket.

Den nye forskrifta gjorde at

nynorsk skulle vere tenestespråket

på Haukeland Sjukehus. Slikt

vert det rabalder av. I Bergen

gjekk diskusjon høgt om det var

rett å nytte 25 millionar kroner

på å byte namn. I Stavanger stilte

FrP-politikarar seg opp utanfor

Universitetssjukehuset og samla

underskrifter for å halde på bokmål

som administrasjonsspråk.

Det vart til og med eit skriftleg

spørsmål i Stortinget om kor vidt

pasientar måtte døy av di pengane

heller skulle gå til å byte skilt.

Haukeland Sjukehus

Då striden stod på som hardast i

Bergen i 2004, var Mållaget utolmodige

etter vedtaket i departementet

og kalla somlinga sabotasje.

Helse Bergen lova at dei skulle

byrje å bruke nemninga sjukehus,

Stopp for TV-serie

Det britiske selskapet ITV har

stoppa innspelinga av «Heartbeat»,

eller «Med hjartet på

rette staden» som NRK har

døypt den populære britiske

serien. Årsaka skal vera at ein har

ei lang rekkje usende episodar

Helseføretaka

treng målmedisin

dei trong berre litt meir tid på seg.

I september 2004 sa Mona Høgli

som var informasjonsdirektør

at «det blir ikkje aktuelt å bruke

pengar på å byte om til skilt med

nynorsk tekst.» Ein månad seinare

kom det ei litt spakare melding:

«Vi har heile tida sagt at vi skal

følge pålegget frå Kulturdepartementet

om å endre tenestemål frå

bokmål til nynorsk, men vi treng

litt tid. (...) Vi ønsker at det som

går ut frå oss skal vere så språkleg

godt som mogeleg. Derfor meiner

vi det er riktig å bruke noko tid på

Me M har ikkje høyrt noko frå sjukehusleiinga.

i Dei prøver nok å oversjå oss

Turid Th une, leiar i Medisinsk Mållag

liggjande, som ITV vil ha sendt.

Serien har vore send sidan 1992,

og har framleis høge sjåartal,

men er dyr å produsera. I 2001

var det nesten 14 millionar som

såg på serien i Storbritannia, i fj or

var tala nede i 5,5 millionar. (NRK)

NYNORSKSERUM: Dei regionale helseføretaka har store problem med å følgje mållova. Dessverre ser det ut til at det

enno ikkje er funne opp medisin som verkar godt mot denne sykja. Illustrasjonsfoto: Stock.Xchng

overgangen. Vi trur dette tener

nynorsken best. Kvalitet er betre

enn kvantitet».

No har det gått fi re og eit halvt

år. I februar i år sende Medisinsk

Mållag eit brev til styret i Helse

Bergen der dei bad om å fylgje

opp vedtaket i Kulturdepartementet

og slutte med å veksle

mellom bokmål og nynorsk. Når

tenestespråket er nynorsk, må regelen

vera at namnet Haukeland

universitetssjukehus i all hovudsak

vert nytta.

Det var ikkje det einaste brevet

Medisinsk Mållag sende leiinga ved

sjukehuset. I to andre brev uroa dei

seg over at teknologiske nyvinningar

som elektronisk pasientjournal

og taleattkjenningsutstyr ikkje tek

høgde for nynorskbrukarane. Taleattkjenningsutstyret

skal gjere det

mogleg å diktere og automatisk få

diktatet lagra skriftleg. Det taleattkjenningsutstyret

som allereie

er teke i bruk ved Radiologisk avdeling

på Haukeland Universitetssjukehus

skjønar ikkje anna enn

«stivt bokmål».

– Me har ikkje høyrt noko

frå sjukehusleiinga, seier Turid

Th une leiar i Medisinsk Mållag.

– Dei prøver nok helst å oversjå

oss.

Sjukehuset Innlandet

«I og med at nynorsk og bokmål

er offi sielt likeverdige og likestilte

målformer, kan man på landsbasis

vanskelig tenke seg at det off entlige

kan ta i bruk talegjenkjenningssystemer

som ikke kan håndtere

begge målformer.» Dette skriv

Kultur- og kyrkjedepartementet

i eit brev til Sykehuset Innlandet.

Brevet er det førebels siste i ein

korrespondanse mellom departementet

og sjukehuset som byrja

med ein klage frå lækjar Ottar

Rekkedal. Han hadde sett seg lei

NORSK TIDEND NR. 2 – 2009