27.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

intervjuet

– NTB er bra for NPK

Det nyaste tilskotet

rundt bordet i Nynorsk

Forum er Karoline

Riise Kristiansen. Som

redaktør i NPK skal ho

skal få nynorsk journalistikk

ut til folket.

Det er ikkje så ofte at Norsk Telegrambyrå

(NTB) sender ut

meldingar på nynorsk. Tommelfi

ngerregelen er at meldinga skal

handle om noko nynorsk, t.d. at

songboka til Lurivar i Aasen-tunet

er ferdig. Så når NTB skulle

dele med verda at Nynorsk Pressekontor

(NPK) hadde fått ny sjef,

så fekk Karoline Riise Kristiansen

æra av å bli omtala på nynorsk.

Kan hende var det ein gest til

samarbeidet mellom dei to pressbyråa.

– Eg meiner dei har opna opp

for nynorsk ved å sleppe oss inn.

Dette samarbeidet er veldig bra

for NPK. Det er jo opp til oss å

syne oss fram som dyktige, til liks

med alle dei andre avdelingane.

Det er jo ikkje tvil om dei har fått

nynorsken tettare inn på livet.

Mykje å setje seg inn i

– Har det gått greitt å byrje i den

nye jobben?

– Dagane går rasande fort når

det er så mykje ein skal setje seg

inn i. Ein ting er det tekniske, ein

annan ting er overgangen frå ei

nettside til eit pressekontor. Eg må

jo fi nne ut kva som er vårt fokus,

få ei kjensle for kva som er gode

saker for oss. Så eg har bede dei

som arbeider her om å gje meg

melding om korleis det går, om eg

gjer det rett eller gale.

– Seier dei ifrå?

– Å, ja. Dei er kjempefl inke,

og seier fort ifrå. Det er jo ein av

fordelane med denne samlokaliseringa

med NTB. Det er så

utruleg mange å spørje om råd og

hjelp.

– Korleis fungerer dette samarbeidet

reint praktisk? Har de sams

redaksjonsmøte og slikt?

– Me er ein del av NTB, men

me er samstundes ein sjølvstendig

redaksjon. Dei har det tekniske

ansvaret, dei kan levere bilete, dei

ordnar pensjonsavtalar og slikt.

Journalistane i NPK har dei same

rettane som journalistane i NTB.

Men det er viktig for oss, og for

NTB, at me er sjølvstendige og tek

våre eigne redaksjonelle avgjerder.

Så det er me som avgjer kva som

ender opp som NPK-sak.

Stor skilnad

– Kva er den største skilnaden mellom

å arbeide her og ei nettavis?

– Skilnaden erat ein i staden

ALLE LIKE AVISER VIKTIGE: – Hovudformålet til NPK er jo å få meir nynorsk inn i media, få det ut. Dermed er alle aviser

potensielt like viktige, seier nytilsett redaktør i NPK Karoline Riise Kristiansen Foto: Kjartan Helleve

KAROLINE RIISE

KRISTIANSEN

◆ Fødd og oppvaksen i Volda, bur

i Oslo.

◆ Nytilsett som sjefredaktør i Nynorsk

Pressekontor.

◆ Arbeidde tidlegare som redaktør

for startsida.no.

for å ta ei avgjerd på kva som passar

godt i eit organ som Startsida,

så må me her tenkje kva som kan

høve fl eire stader, for fl eire av kundane

våre som igjen har ulike profi

lar. Eg har teke meg sjølv i å sjå

ei sak og tenkje at den er perfekt,

for så å kome på at den var perfekt

for Startsida, men ikkje for NPK.

Så utfordringa er å kunne ta den

aktuelle saka og gje henne ei form

som kundane våre kan bruke.

– Kva kundar er det de har? Er

det ei homogen gruppe?

Rasmus Løland-stipend til Ewo

– Prisen inneber at eg kan ha fullt fokus på

det som er viktig – å skriva gode bøker for

det meste kresne, men samstundes mest

takksame publikumet – unge menneske.

Jon Ewo er ein av dei beste og mest

produktive forfattarane som skriv for born

og unge, heiter det i grunngjevinga frå

– For det fyrste så er det alt ei

blanding av ulike type aviser. Men

eg prøver å ikkje berre tenkje på

dei me har, men òg tenkje på dei

som me ikkje har som kundar.

Finne saker som både er aktuelle

for dei som kjenner oss og samstundes

gjere at fl eire vil kjøpe

tenester frå oss. Me må ikkje låse

oss fast. Hovudformålet til NPK

er å få meir nynorsk inn i media,

få det ut. Dermed er alle potensielt

like viktige.

Nynorsk på dagsorden

– Korleis skal du få det til?

– Det som er fl ott er at me har

tilgang på mykje ressursar, både

våre eigne og NTB sine. Det betyr

at det går meir på å kome på idear

som gjer seg nytte av desse ressursane

på best mogleg måte.

– Har du noko døme?

– Tja, eg har mine idear, men

eg trur ikkje eg vil fortelje dei til

deg no.

– NPK er vel veldig for at ein

juryen. Stipendet er på 100.000 kroner

og skal stimulera til auka produksjon av

barne- og ungdomslitteratur.

Norsk barne- og ungdomsbokforfattarar

sitt litterære råd grunngjev tildelinga

med at bøkene til Ewo held høg kvalitet,

og han meistrar ulike sjangrar. Han har

motteke ei rekkje prisar. (Nashornet.no)

koplar nynorsk opp mot pressestøtta.

Det ville ha betydd ein

auke i etterspurnad etter nynorsk

stoff .

– Sjølvsagt er me for det.

Men eg må innrømme at eg ikkje

er heilt sikker på om det skal

vere tvang eller ikkje. Uansett

har dette ordskiftet sett nynorsk

på dagsorden i redaksjonane

og det er eit pluss for oss. Det

er blitt eit aktuelt tema som

folk har meiningar om. Det ville

vore trist om det berre var du

og eg som sat her og meinte det

var viktig. No er det slik at eg kan

treff e folk på gata og dei har meiningar

om det. Det gjer oss relevante.

– Du føler ikkje at det er ein

brot mot din redaksjonelle fridom

at statsstøtta NPK mottek er knytt

opp til bruk av nynorsk?

– Nei, det opplever eg som

uproblematisk.

KJARTAN HELLEVE

kjartan.helleve@nm.no

folk

Ny redaktør i Pirion

Kulturavisa Pirion har fått ny

redaktør. Astrid Eidhammer

Hjelmeland har vore ein del av

Pirion-redaksjonen dei tre siste

åra. Hjelmeland har utdanning

innan kulturarbeid, teatervitskap

og journalistikk og er prosjektleiar

for det pedagogiske Lølandprosjektet

Kvitebjørnen. Astrid

Eidhammer Hjelmeland tar over

etter Toyni Tobekk. (Norsk Plan)

Fuglevik vraka

Tor Fuglevik, styremedlem i

Språkrådet og direktør i MTG, var

innstilt som vara til styret i Oslo

Redaktørforening. Det vart han ikkje.

Grunnen var at han har kome

med framlegg om å knyta bruk av

nynorsk opp mot momsfritaket til

avisene. Oslo Redaktørforening er

eit lokallag av Norsk Redaktørforening,

og

valnemnda

hadde

innstilt Fuglevik

som

fj erde vararepresentant.

Men

då vart det

Foto: Kjartan Helleve

ordskifte på

årsmøtet.

Tidlegare

Aftenposten-redaktør Einar Hanseid

tok ordet og sa ifylgje NA24.

no klårt frå om at det ville han ikkje

ha noko av. Han meinte at folk

som ville opna for at staten kunne

bryta seg inn i den redaksjonelle

fridomen til avisene ikkje burde

sitja i styret. Og slik vart det.

Fuglevik var ikkje sjølv på møtet

og seier til NA24 Propaganda

at han ikkje tek nederlaget så

tungt.

– Etter det eg har fått referert

i ettertid prioriterte eg tydelegvis

feil i år.

Meir heider til

Paal Helge Haugen

Gyldendalprisen for 2008 er tildelt

forfattaren Paal Helge Haugen.

Prisen blir

delt ut årleg

til ein forfattar

med

ein særleg

viktig norsk

forfattarskap.Pris-

Foto: Cappelen/Damm

komiteen

seier at dei

denne gon-

gen ynskjer å framheva ein forfattar

som heilt sidan debuten som

20-åring i 1965 har markert seg

med arbeid av særleg høg kvalitet.

Med Kvartett – som er

dei fi re diktsamlingane Gs bok,

Dantes oske, Passasje og

Visum, har Haugen slått fast at

han har ein viktig plass mellom

dei aller fremste forfattarane i

Noreg, heiter det frå priskomiteen.

Prisen er på 300.000 kroner.

(©NPK)

NORSK TIDEND NR. 2 – 2009 3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!