27.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

På Snøfugl forlag er diktsamlinga Min

løynde blom nyleg utgjeven. Forfattaren er

Kristian Halsa frå Mosjøen. Han har i alle

år vore ein aktiv mann i kulturlivet i Vefsn

og Mosjøen; i tillegg til lærargjerninga har

han i lang tid vore kordirigent og songar i

koret i byen; han har vore føredragshaldar

og prologdiktar til jubileums- og festsamankomer;

han var vararepresentant til

Stortinget frå 1969, han møtte òg ei tid som

fast representant.

Halse seier sjølv at han heilt frå smågutedagane

har levd med lyrikk. I 2001 gav

han ut ei samling prologar saman med ei

rekkje lyriske dikt, Levande tid.

Tittelen til den nye diktsamlinga Min

løynde blom viser til ein useieleg venleik

utanom den kvardagslege røynsla.

Mange av dikta er skrivne til ei kvinne som

bøker

Storveges Goethe-omsetjing

Det var Johann Wolfgang von

Goethe (1749–1832) som i si tid

fann opp omgrepet «verdslitteratur.»

Og bak dette låg tanken om

at dei einskilde nasjonane skulle

medverke til ein felles europeisk

litteratur, kor sjølve berebjelken

var vissa om å høyre saman i ein

vidfemnande kulturelt fellesskap.

I vår globaliserte verd høyrest nok

dette for mange svært så eurosentrisk

ut. Men eurosentrisme eller

ikkje: Skal eit slikt program kunne

verkeleggjerast, treng ein i alle

høve gode omsetjingar av litteraturane

frå dei einskilde landa. Dette

har Jostein Fet skjøna, og difor har

han sete seg føre å gje ei rekkje av

dikta til Goethe norsk språkdrakt.

Dette storfelde arbeidet kan me nå

nyte i boka Natur og Eros – utvalde

dikt, kor Jostein Fet har gjendikta

33 dikt etter Goethe.

Utvalet er tematisk avgrensa

langs aksen «natur og «eros»,

og Goethe var utan tvil ein stor

erotikar, og samstundes ein stor

naturdiktar. Dei tallause kvinnehistoriene

hans er velkjende, og ut

av kvart forhold kom det ei rekkje

dikt, og skulle ein vere interessert

i slikt, er det ikkje noko problem

å fi nne ut kven dikta er stila til.

Det fi nst nok heile bibliotek med

bøker av litteraturforskarar som

berre har vigd seg til denne oppgåva.

Goethe nøgde seg ikkje med

å berre skrive om naturen; gjennom

sine vitskaplege naturstudiar freista

han å avdekkje dei ibuande løyndomane

til naturen. Hans verknad

på europeisk kultursoge kan knapt

vurderast høgt nok. Faust-dramaet

har vorte ein del av vårt kollektive

medvit, og dikta hans vert framleis

lese og høgakta. Og fargelæra hans

står som eit særmerkt bidrag til vitskapen

om fargane.

Som gjendiktar av Goethe plasserer

Jostein Fet seg i eit gjævt sel-

Johann Wolfgang vvon

Goethe

Natur og Eros – utvalde dikt

av Jostein Fet

Høgskulen i Volda

dikt

skap. Ein kan berre tenkje på namn

som André Bjerke, Hartvig Kiran,

Sigmund Skard, Åse-Marie Nesse

og Johannes Gjerdåker. Og Fet gjer

ikkje skam på nokon av dei. Utgåva

er tospråkleg, med den tyske og

norske versjonen plasserte attmed

kvarandre. Dette er eit forvitneleg

grep, sidan det gjer det lett å

samanlikne gjendikting og original.

Og ein merkar raskt at ein

er i trygge hender. Det fi nst ikkje

mykje å setje fi ngeren på når det

gjeld gjendiktingane. Fet har gått

samvitsfull til verks, og har freista

å halde på opphavleg metrikk og

rimmønster. Nokre av vala kan

sjølvsagt diskuterast, og sjølv er eg

ikkje alltid like glad for mengda av

dialektord, eller dialektale vendingar,

som Fet gjer bruk av i boka.

Einskilde plassar fungerer det etter

mi meining berre uestetisk, slik

som til dømes her, i femte strofe av

«Der Zauberlehrling» («Trollmannens

læregut»): «Kjem han enno

fykand’! / Sjå kor vatnet vell / frå

kvar ein trøm! Kor rykand’ fort det

veks og svell.» Formene «fykand»

og «rykand» vert nytta for å få

rimmønsteret til å gå opp, men det

spørs om det fi nst noko grunnlag

i originalteksten som rettferdiggjer

lever ein annan stad, men likevel er

nær diktaren, i takksemda hans og i minnet.

Ein bolk i samlinga er knytt til landskapet

i Vefsn, i endå større mon til fj ellheimen

ein slik bruk av dialektord. Elles har

Fet gjort godt greie for prinsippa

sine for gjendikting i teksten «Å

gjendikte Goethes lyrikk.» Forvitneleg

er også den biografi ske skissa

av Goethes liv som innleier boka,

samt dei fi ne kommentarane som

er gjorde til kvart dikt.

Sjølvsagt inneheld utvalet også

klassikaren «Über allen Gipfeln»

(«Over alle tindar») – sjølve

prøvesteinen for alle ambisiøse

Goethe-gjendiktarar. Dette diktet

har Rolf Vige omtala som eit dikt

«som i særlig grad omgir seg med

en aura av gåtefull klarhet.»

Slik syng diktet i si opphavlege

språkdrakt, og under fi nn me utgåva

til Jostein Fet:

Über allen Gipfeln

Über allen Gipfeln

Ist Ruh,

In allen Wipfeln

Spürest du

Kaum einen Hauch;

Die Vögelein schweigen

im Walde.

Warte nur, balde

Ruhest du auch

Over alle tindar

Over alle tindar

er ro.

Om alle rindar

stilnar no

nattvindens fl òg.

Og fuglane tagnar i lundar.

Vente – snart blundar

ditt auga òg.

Dette er ei vellukka utgåve, men

sjølv er eg svak for Hartvig Kirans

tolking. Kiran femner om dei små

nyansane, noko som vert særleg

merksamt i dei tre siste versa, sjølv

om fl eirtalsforma «småfuglane»

(«Die Vögelein») ikkje kjem med:

«Små fuglen blundar så varleg. /

Vente no! Snarleg / kviler du òg.»

Ny diktsamling av Kristian Halse

Kristian Halse

Min løynde blom

Snøfugl forlag

dikt

Godt år for Skald

Skald forlag omsette for 7,1 mill. kroner i

2008, ein auke på nesten 18 prosent frå 2007.

Overskotet vart på ca. 350.000 kr før skatt.

– Vi hadde ingen store bestseljarar siste

året, men er likevel godt nøgde med salet av

dei fl este av fj orårets 14 bøker. Vi har dessutan

ei god backlist der fl eire eldre titlar selde over

Johann Wolfgang von Goethe (1749-1832). Oljemåleri av Josef Stieler, 1828.

Foto: Wikimedia

Vel, alle har sine favorittar, og

sjølv om eg ved dette høve likar

Kiran betre, er det ikkje noko

tvil om at Jostein Fet har gjort

ein storveges innsats med denne

innanfor; eit anna utsyn vender mot sjøen

og øyar utanfor. I «Framtid med fj ell» seier

diktet:

Den som med fryd har på fj ellet fare,

veit at den ferda all framtida vare.

I eit av dei andre fj elldikta seier diktaren:

... sjå over land frå det granittgråe,

langt ut og inni det lengselsblåe,

kjenne ei solstund at livet har venger,

fare i framsynet høgare, lenger!

Serskilde helsingar frå Øyfj ellet i dikt på

dikt; for mosjøværingen har dette fj ellet

meire å seie enn andre fj ell. To kjende

menn i norsk dikting og musikk voks opp

i Mosjøen, det var diktaren Andreas Haukland

og musikaren og komponisten David

Monrad Johansen. Dei to heidrar Kristian

2000 eksemplar, seier dagleg leiar Lars Nes.

2008 gav mange prisar til Skald, mellom anna

sølv til boka Sogndal, i Grafi lls «Årets Vakreste Bøker»,

Noregs Mållags «Nynorsk barnelitteraturpris»

for Godnattboka og «Gourmand world cookbook

awards 2008» for Fru Ingrid på Røisheim. I tillegg

fekk forlaget Språkrådet sin diplom for godt namnevett

for forlagsnamnet Skald.

boka. Ho vert nok eit standardverk

for både litteraturstudentar

og det ålment litteraturinteresserte

publikum.

Kjetil Berthelsen

Halse i prologen «Møte med grenselandet»

som han heldt i Vefsn Museum i 1980.

I ein merknad opplyser Halse at endå om

David saman med mor si fl ytte frå Mosjøen

for godt då han var 15 år gamal, hadde han

heile livet Mosjøen og Vefsn i hjarta sitt, det

var Øyfj ellet han tenkte på, då han komponerte

«Mot fedrenes fj ell» i klaversuiten

Nordlandsbilleder.

Eit anna dikt som gjev mykje til spennvidda

i Min løynde blom, er den praktfulle

og kulturhistoriske verdfulle prologen

«Bjørnsmarknaden», skriven og framboren

i 2002 til minne om dei tradisjonelle og

gjennom hundretals år årvisse marknadsdagane

på Dønna. Dette er eit stort, strofi

sk dikt, som kan framførast som konsert,

når det får tone.

Johannes Gjerdåker

NORSK TIDEND NR. 2 – 2009 23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!