27.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ORTINGET

enn det arbeidet som blir gjort for

at den lokale bensinstasjonen skal

bruke meir nynorsk?

– Begge delar er like viktig. Men

det har jo vore meir naturleg for meg

å arbeide opp mot Stortinget sidan

eg arbeider der. Eg har vore oppteken

av å sikre posisjonen til nynorsk

i lokalsamfunn der det er fl eirtal for

det, gjere han sterk og synleg. Samstundes

kan ein sjå på soga at det har

vore eit vellukka fokus på nasjonale

styresmakter, på maktsentrum, eit

fokus inn mot lovgjevande og løyvande

statsmakter. Heilt i starten

var jo dette overtydeleg sidan det sat

stortingsmenn i dei styrande organa

i målrørsla. Så eg trur det må vere ei

viktig oppgåve å arbeide inn i mot

styresmaktene for å halde på rettar

og for å skaff e seg fl eire rettar.

– Men lærebokkaoset, som fyrst

dei seinare åra har gått mot ei løysing,

syner jo at sjølv ikkje ei lov sikrar

rettane til nynorskbrukarane automatisk.

– Ja, det er eit paradoks. Diverre

er det jo av og til slik at intensjonane

med ei lov ikkje alltid når fram. Ein

ser jo det same t.d. innan narkotikalovgjevinga.

Du treng berre ta deg

ein tur nedst i Karl Johansgate før du

ser at ho ikkje blir fylgt opp i praksis.

Det kokar ned til er at me har hatt

politikarar og talspersonar som til

dei grader har hatt dette som si sak.

Skal ein få gjennomslag for ei sak, så

treng ein heilhuga ein-sakspersonar.

Det er ingenting som rører seg av

seg sjølv. Dette er ein tydeleg lærdom

som ein ser gong på gong. Er

det ein politikarar som har ei klår

sak som ho eller han brenn sterkt

for, så aukar sjansen for at den saka

går i gjennom dramatisk. Det nyttar

ikkje å tru på at det skal ordne

seg med ein slik generell halvhjarta

velvilje hjå politikarane. Dei store sigrane

til målrørsla syner at ein treng

slike sterke personar, og trur det er

ein fordel å ha statsrådar som har

hatt nynorsk som hovudmål. Slike

sterke personar må identifi serast,

støttast og dyrkast.

Må dyrke eldsjelene

– Har du fått auge på mange slike

eldsjeler, om ein då ser vekk i frå dei

openberre, t.d. ministrane?

– Det er ikkje lett å få auge på

skogen sidan det er så få tre. Det har

sjølvsagt ein samanheng at det ikkje

er ei like viktig sak no som det var for

hundre år sidan. Ho har mist noko

av sprengkrafta, ein har mist dei

klåre konfl iktlinjene og ein har mist

grobotnen for nynorsk som eit sosialt,

kulturelt og nasjonal prosjekt.

Ein må jo innrømme at noko av lufta

har gått ut av ballongen. Difor blir

det viktigare å sjå dei trea som fi nst.

– Det er jo ein balansegang. På

den eine sida er ein glad for at nynorsk

er vorten avideologisert, det

har blitt mindre farleg å ta i og ein

kan seie at alle kan bruke han når

som helst og kvar som helst. På den

andre sida må ein jo argumentere

for nynorsk ideologisk, det kan ikkje

berre vere ein grammatisk variant av

norsk.

– Men slik har det jo alltid vore.

Desse føregangspersonane har jo

som oftast vore meir opptekne av

saka, enn mange av dei som har

røysta på dei ved val. Så eg trur det

alltid har vore ulike meiningar om

korleis ein skal tolke det nynorsk

prosjektet. Det er ein styrke at det er

såpass heterogent og mangfaldig at

nokon kan meine at nynorsk høver

best til å selje bensin medan andre

meiner at han høver best til fi losofi .

Lite forsking på nynorsk

– Kunne du ha skrive dette som noko

anna enn essay? Du streifar jo innom

som kunne ha passa betre i ei politisk

memoarbok eller ei større avhandling.

– Eg streifar nok innom emne

som kunne ha blitt til noko meir, til

dømes kunne det ha vore mogleg å

i alle fall konstruert ein generasjon

nynorskpionerar og sett nærare på

MÅ IDENTIFISERAST: -Dei store sigrane til målrørsla

syner at ein treng slike sterke personar. Slike sterke personar

må identifi serast, støttast og dyrkast, seier Morten

Søberg. Foto: Trude Heggheim Nilsen

dei. Eg tenkjer på t.d. Kjetil Skogen

som var aktor under den siste riksrettsaka

og som var den fyrste som

tok eksamen i juss på landsmål,

fylkesmann Schei som med si store

kommunereform endra både kart

og terreng, og du har Lasse og Nils

Trædal som innførde nynorsk sedvane

både her og der. Ein kunne ha

sett nærare på ei samling personar

som kopla nynorsk til den politiske,

sosiale og kulturell soga. Det hadde

vore spennande å skrive dei saman

og ut til noko meir. Det har slått meg

at det nynorsk prosjektet er lite forska

på med tanke på kor mykje det

har hatt å seie for samfunnsutviklinga.

Den forskinga som er gjort,

har vore dominert av fi lologar og

ikkje samfunnsvitarar. Det har vore

mykje data og fakta, og nynorsk har

vel vore sett på som eit fi lologisk

prosjekt og ikkje så mykje eit sosialt

prosjekt. Eg tykkjer det er slåande

at Viljen til språk av Ottar Grepstad

fyrst kom for nokre få år sidan, og eg

tykkjer det rart at det ikkje er fl eire

bøker som har samla fi gurar, bilete,

vedtak, personar for å gje eit bilete av

kva nynorsk har vore, kva det er no

og kva det kan bli. Eg trur det kunne

fått litt helium inn i ballongen slik at

me lettar og skaff ar oss nye blikk.

KJARTAN HELLEVE

kjartan.helleve@nm.no

NORSK TIDEND NR. 2 – 2009 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!