27.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Inger Lise Stulien har gjeve

ut ei nydeleg soloplate med

namnet «Okke to».

Foto frå fi lmen Rottenetter,

som får premiere til hausten.

Foto: Anne Lise Norheim

NORSK TIDEND NR. 2 – 2009

Klepp sa nei til

medlemskap i LNK

Kommunestyret i Klepp har sagt nei til

å melde seg inn i LNK. - Vi tapte dessverre

med 14 mot 17 stemmer, seier

forslagsstillar Torbjørn Hovland (Krf).

Det var Klepp Mållag som oppmoda

kommunen om å melde seg inn i LNK, og

Hovland seier til LNK.no at han ser mange

gode argument for å bli medlem i interesseorganisasjonen.

– Klepp er ein nynorskkommune med

ein dialekt som ligg mykje nærare nynorsk

enn bokmål. Skulane våre har nynorsk

som hovudmål. Å vere med i LNK er ein

naturleg følgje av det.

Hovland peiker dessutan på at Klepp

er ein kommune som trekkjer folk frå dei

kringliggjande bokmålskommunane

Sandnes og Stavanger, og at det i ein slik

samanheng blir viktig å ta vare på språket.

– Språk har med identitet og kultur å

gjere, seier varaordførar Hovland. Han ser

ikkje bort frå at saka om medlemsskap i

LNK kan kome opp att ved eit seinare høve.

(LNK-Nytt)

Hugs

landsmøtet

Noregs Mållag skipar til

sitt 93. landsmøte

i Oslo 24. –26. april.

Sjå heimesida www.nm.no

for meir informasjon.

Landsmøte med

tid til ordskifte

Korleis skal regjeringa

greia å følgja opp

den målpolitikken

som stortingsmeldinga

Mål og meining

legg opp til?

Det får du kanskje greie

på på landsmøtet i Noregs

Mållag 24.–26. april. Då

skal nemleg statssekretær i

Kulturdepartementet, Wegard

Harsvik tala om dette

emnet.

I tillegg til dei vanlege

landsmøtesakene er altså

den off entlege målpolitikken

eit emne møtet skal

drøfta. Andre sentrale tema

er nynorsk i lærarutdanninga

og nynorsk i barnehagen.

– Dette er elles eit møte

utan dei store vedtaka, det

gjev oss høve til å setja av tid

til å diskutera slike sentrale

emne, seier leiar Hege Myklebust.

Landsmøtet vert i år

halde i Oslo, nærare på

Quality Hotell 33 på Økern.

Hit kjem Ole Danbolt Mjøs

for å motta diplomet frå

målblomen han fekk i samband

med den siste utdelinga

av Nobels fredspris, og

vinnaren av Målprisen 2009

skal off entleggjerast. Dei to

årlege arbeidsstipenda som

Mållaget fekk i jubileumsgåve

frå Kulturdepartementet

skal òg delast ut.

Fredagskvelden er det

kulturquiz, med Ragnar

Hovland som quizmeister,

og landsmøtemiddagen skal

vera på Det norske teatret,

der blir det dans til levande

musikk etter bordsetet.

– Eg gler meg til å møta

utsendingane frå alle lokallaga

igjen – det er alltid inspirerande

og kjekt å møta

organisasjonen på landsmøtet,

seier avtroppande

leiar Hege Myklebust.

MAGNUS BERNHARDSEN

magnus.bernhardsen@nm.no

Nynorskpris for journalistar 2009

Kven fortener Kulturdepartementet sin nynorskpris

for journalistar i år ? Det er fjerde året Kulturog

kyrkjedepartementet skal dele ut denne prisen,

som er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

1. mai er fristen for å kome med framlegg til prisvinnar.

Alle framlegg må ha ei skriftleg grunngjeving.

Vinnaren vert peika ut av ein ubunden jury, som på

fritt grunnlag vel kven som får prisen.

Nynorskprisen skal fremje bruk av nynorsk i

media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit

føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som

har utmerka seg med bruk av levande og god

nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har

gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

Prisen vert delt ut under Dei Nynorske Festspela i

Ørsta 25. juni 2009.

Spørsmål kan stillast til leiar for juryen, Gry

Molvær, telefon 73 88 12 00, eller skrivar Magni

Øvrebotten, telefon 57 72 42 30.

Merk forslaga “Nynorskprisen 09”,

og send dei til:

Nynorsk mediesenter, boks 100, 6801 Førde,

eller på e-post : nynorskmediesenter@nrk.no

www.gasta.no

19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!