You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
18

nmu

Jens Kihl

Ingen slepp unna

språkpolitikken

Det går langt betre med nynorsken enn kva føresetnadene

skulle tilseie: Jamvel om Senterpartiet

og SV sit i regjering, bur vi altså i eit

land utan ein kraftfull distriktspolitikk, der

distrikts-Noreg blir sett på som ulønsamt

og ein klamp om foten. Då Stjernø-utvalet

la fram innstillinga si om korleis dei ville

høgskulane og universiteta i Noreg skulle

sjå ut i framtida, var planen deira å rasere

høgskulane i distrikts-Noreg. I Noreg har

staten ordna seg slik at alle fl yplassane blir

eigde av selskapet Avinor, som igjen er eigd

av staten. På grunn av fi nanskrisa tilrår

Avinor no å fryse investeringar, og eventuelt

å leggje ned trafi kken på ein del av dei

minste fl yplassane. Korleis blir framtida for

Sogndal, Florø, Førde, Sandane eller Ørsta

og Volda om dei mistar fl yplassane sine?

Norsk Målungdom har ikkje vedtak for eller

imot fl yverksemd i Noreg. Men eg trur vi

kan vere samde om at kortbanenettet – altså

småfl yplassane i Noreg – har vore eit viktig

distriktspolitisk verkemiddel.

Vi må altså utvide horisonten, både hjå oss

sjølve og hjå samfunnet elles. Det fi nst ingen

felt i politikken som ikkje involverer språkpolitikk.

Norsk Målungdom kan ikkje stå og

sjå på at vedtak blir fatta utan at omsynet til

nynorsk er med: Når folk spør meg kvifor

Norsk Målungdom er mot EU, bryr seg om

tenestedirektivet eller engasjerer seg i distriktspolitikk,

har eg mest lyst til å berre sjå

dumt på dei. Dette handlar rett og slett om

at språket vårt – nynorsken og dialektane –

fi nst i eit samfunn, ikkje i eit vakuum. Når

grunnen under føtene våre blir riven bort,

forsvinn òg fundamentet for målsaka.

I vinter kom det ein ny statistikk som syner at

det har blitt 1880 færre nynorskelevar på

eitt år. Dette er dramatisk, men ikkje verre

enn at vi kan leve med det. Poenget er likevel

kvifor pila går feil veg: Då journalistane

ringde meg var dei veldig opptekne av at

bokmålet til og med et seg innpå nynorsken

i Sogn og Fjordane. Men faktum er at det i

trivselsfylket blei 227 færre nynorskelevar

og 23 færre bokmålselevar. Nynorsken

taper meir enn bokmålet. Men det er jo

ikkje språklege årsaker til at dette skjer! Vi

veit framleis for lite på dette området, men

min hypotese er at det handlar om fl yttemønsteret

i Noreg. Nynorskkommunar er

distriktskommunar. Skal det vere ei framtid

for nynorsken må det vere ei framtid for distrikta,

i tillegg til at vi sjølvsagt skal kjempe

med nebb og klør for meir nynorsk i byane.

Gjennom heile historia vår har vi engasjert oss i

det samfunnet vi er ein del av, av di «alt heng

saman med alt», som landsmora Gro ville

sagt det. Språket er ein del av samfunnet

og samfunnet er ein del av språket. Anten

det handla om kampen for sjølvstende i

1905, kampen mot EEC i 1972 eller mot

EU i 1994 – målungdomane var viktige for

resultatet. I dag trengst kanskje denne breie

orienteringa meir enn nokon gong: For det

er ikkje målrørsla som øydelegg for nynorsken,

slik Unge Høgre likar å påstå. Det er

heller det at vi har måla oss inn i eit hjørne,

og innskrenka området for språkpolitikk.

Dette hindrar oss i å bli tekne på alvor når vi

ytrar oss i andre ordskifte enn dei som har

ordet «nynorsk» i overskrifta. Dei sigrane vi

har vunne dei siste åra, har vore viktige for

nynorsken. Eg meiner vi har lagt inn innsatsen

på dei rette stadene og valt dei viktigaste

kampane. Men dersom rommet for nynorsk

skal auke skikkeleg i dei neste åra, trur eg

vi treng å setje målsak på dagsorden på ein

heilt annan måte.

«Okke to»

Plata har 12 melodiar i ulike

sjangrar, alt frå roleg visepop

til ein og annan bluesprega

låt og fengjande songar

med svingande rytmar.

Sams for alle tekstane er at

dei er på nynorsk og/eller

dialekt. Tittelen avslører temaet

for plata; Okke to gjev

klåre assosiasjonar til kjærleik.

– Er det kjærleik som er

hovudtemaet?

– Ja, men òg store og små

ting i kvardagen, om gleda,

saknet og sorga, om nytt liv

og døden, kort sagt dei nære

ting, forklarer Inger Lise

Stulien.

– Men ja, Okke to er absolutt

ein hyllest til den store

kjærleiken.

– Du har vore med på

å gje ut plater før («Steikeplatå»),

men dette er den

fyrste soloplata; korleis kjennest

det?

Ny Stavangerfi lm

I vinter har fi lmen

Jernanger synt at

ein kan bruke dialekt

som meir enn

eksotisk krydder.

Til hausten kjem

Rottenetter, ein fi lm

som prøver på noko

av det same. Ikkje

overraskande blir

han laga i Stavanger.

Det er ikkje så veldig lenge

sidan at det vart opna for

dialekt i norske spelefi lmar,

men no ser ein fi lmskaparar

som tek i bruk dialekt som

verkemiddel. Jernanger av

Pål Jackmann handlar om

ein kar frå Nord-Noreg som

har blitt sitjande fast med

båten sin Stavanger. Og her

har han sete lenge. No byrjar

både helsa og båten å skrante

og karen skjønar at om det

nokon gong skal bli ein tur

heim, så må det skje no. Hovudrolla

blir spelt av Bjørn

Sundkvist og han snakkar

sin eigen dialekt. Dette syner

at han er på bortebane i høve

Inger Lise Stulien frå Byremo

i Vest-Agder har gjeve ut si fyrste

soloplate med sjølvskrivne

tekstar.

– Det kjennest godt, eg

har jobba fi re år med dette

prosjektet og har fått lov å

føde barn i mellomtida, noko

som vert spegla att i teksten.

Lukka er ikkje eit mål i livet,

men ein måte å vandre på.

Det har vore ein del kompromissar

på vegen i høve

til t.d. tekstane, slik at eg har

teke nokre rundar med meg

sjølv – men no er den jobbinga

ferdig og eg kan på ein

måte skumme fl øyten av all

jobbinga. No kjem det som

eg tykkjer er veldig moro: Å

vitje ulike stader i Noreg og

møte publikum.

– Er det ikkje samstundes

skræmande, det å gje ut ei

plate heilt på eiga hand?

– Jau, det er klart; ein gjer

seg sjølv sårbar med å stå

fram slik med eigne tekstar

og eiga røyst. Men det gjev

òg utruleg mykje energi.

Hugs no på at eg har fått god

til dei andre som er med i

forteljinga. Bortsett frå den

gamle venen som nett har

vore heime i Nord-Noreg og

bed karen reise heim ein tur

før det er for seint. Denne

venen legg til alt overmål inn

nokre samiske gloser.

Arild Rein

Til hausten kjem Rottenetter,

den tredje langfi lmen

til Arild Østin Osmundsen.

Han er mannen bak den

banebrytande Mongoland

og den ikkje fullt så banebrytande

Monstertorsdag.

Mongoland var nyskapande

på fl eire måtar. Han ikkje var

laga på Austlandet og var

fi lma med eit mikroskopisk

budsjett. Dette gjorde at han

vart sett på noko anna, noko

som var i opposisjon til den

etablerte fi lmindustrien.

Dette var eit stempel som

Østin Osmundsen har slite

med sidan.

– Det har teke meg

mange år å bli kvitt ryktet

om at eg hatar austlendingar,

seier han.

– Eg gjer ikkje det.

Filmen Rottenetter har

hjelp frå musikarane, lydteknikarane

og plateselskapet

MTG. På plata er det tre melodiar

frå andre kjende artistar,

resten av melodiane er

det Kim Roger Larsen som

har laga, så han har ein stor

del av heideren for at plata

er vorten så godt motteken

med fl eire fyrsteplassar på

Sørlandstoppen.

– Korleis går det å kombinere

lærarjobb, familie og

konsertar?

– Å jobbe med barn og

unge i utvikling er eit privilegium,

dét vil eg ikkje slutte

med. Eg kjenner eit sterkt

formidlarbehov – som syner

att i yrkesvalet mitt, for i

både læraryrket og musikaryrket

står formidlarbehovet

sentralt, men på ulike måtar.

Eg vert rett og slett rastlaus

om eg ikkje får sunge. Å

kombinere dei to yrka og familien

går heilt fi nt, når ein

Arild Østin Osmundsen

gjorde stor suksess med

fi lmen den banebrytande

fi lmen Mongoland.

Foto frå fi lmen

han skrive i lag med Arild

Rein. Rein har gjeve ut ein

serie røff e sosialrealistiske

bøker på Samlaget, og det

er ikkje berre hyggjelege

folk me treff er i fi lmen heller.

Den handlar om ei verd

der pengar og status er alt,

men nokon må til slutt sitje

igjen med svarteper. Pussig

nok er dei største skurkane

spelte med skodespelarar

med austlandsdialekt.

Dialekten eit poeng

– Skodespelar Fridtjov Såheim

kommenterte jo dette,

han tykte det var litt stigmatiserande.

Det er eit poeng

at dei har ein annan dialekt.

Jonny Kristiansen som blir

spela av Christian Rubeck

har budd i Stavanger før,

han fl ytta til Oslo då han var

berre legg til rette for det.

– Må me vente fi re år før

det kjem ei ny plate frå deg?

– Eg kan ikkje seie kor

lang tid det tek; men eg

har alt byrja å skrive på nye

songar, smiler Stulien, som

gjerne vil takke Audnedal

kommune, Evje Utvikling,

Setesdal Regionråd, Marnar

Mållag, Mållaget i Kristiansand,

Landvik Mållag og

Vest-Agder fylkeskommune

for god støtte.

BORGHILD LØVER

seks. På eit tidspunkt kritiserer

han bror sin for ikkje

å ha kome meir på vitjing.

Det har ikkje berre vore lett

å vekse opp og bli banka av

di ein har Stavanger-dialekt.

Han kunne hatt bruk for litt

hjelp.

I slutten av mars synte

Osmundsen nokre klypp frå

fi lmen i Oslo.

– Det var ein fyr som

kom opp til meg og sa at han

hadde noko å utsetje på ein av

skodespelarane. Han trudde

ikkje noko på dialekten til

han som hadde sete i vindaugskarmen.

Den var ikkje

truverdig. Skodespelaren var

Espen Hana, som snakkar

den klåraste Stavangerdialekten

av oss alle!

KJARTAN HELLEVE

kjartan.helleve@nm.no

NORSK TIDEND NR. 2 – 2009