16 rapport Inger Johanne Sæterbakk 2. serierunde Eg var klar over at vintersportsesongen var på hell, men eg hadde ikkje tatt innover meg at sommaridretten var i gang igjen. Ikkje før ein måndagskveld i halv sju-tida. Eg såg ut vindauget. Alt var kvitt. Bortsett frå nokre fi gurar i raudt, kvitt og blått som gjekk oppover bakken utafor vindauget mitt. Blå skuterdressar med raude og kvite TIL-skjerf. På veg mot årets første heimekamp. Like etter ringde telefonen. «Vil du ha ein billett til TIL-Rosenborg om ein halvtime?» 10 minutt seinare gjekk eg etter lyden. Av fotballspeaker i snøstorm. Eg var kledd til trengsel. I mangel av ein skuterdress hadde eg tatt på meg alt anna som er varmt, vindtett og vasstett. Eg sleit med å røre armane. Og eg var meir nærsynt enn nokon gong før; brillane var fulle av dogg og eg såg berre min eigen nase. Oppe på Alfheim prøvde eg å fi nne plassen min mellom bannande skuterdressar. Banen var kvit. Ein mann gjekk fram og tilbake og kosta sidelina. Gjennom doggen kunne eg så vidt sjå at den oransje ballen bevega seg mot bortelaget sitt mål. Lyden av applauderande ullvottar hørtest ut som teppebanking. I småskala. Og alt eg greidde å tenkje på var korleis heimelaget kunne spele i berre kortbukser. Bortelaget leidde stort til pause. Ein traktor brøyta banen mens eg prøvde å få kontakt med nedre del av kroppen min. Det var dessverre ikkje teikn til liv inni selskinnsskoa. Heimelaget fekk straff e. Dommaren fann ikkje straff emerket. Det hadde snødd ned. Spelarane var kvite i håret. TIL-supportaren til høgre for meg hadde slutta å snakke. Eg var usikker på om det var på grunn av baklengsmåla eller temperaturen. Kampen vart blåst av. RBK-supporteren på mi venstre side jubla ein stad bakom skjerfet og boblejakka. TIL-supporteren til høgre snøfta. Han levde iallfall. 5000 utmatta skuterdressar gjekk i samla fl okk nedover mot byen. Ei einsleg røyst brumma gjennom lyden av tap, frost og skuterdress: «Vi spelte no iallfall ikkje med stillongs». Og ein stad innimellom blaut ull, neddogga briller og iskalde kinn måtte eg innrømme det for meg sjølv. At det er noko eige med sommaridrett. LAUV: Det er nynorsk me nyttar heime i Valle, så kvifor skulle det vere annleis her? spør Gunnhild Ørnulfsdotter Hasla (til høgre). Her er ho saman med Liv Bakke Kvinlog i butikken på Grünerløkka i Oslo. Begge ber smykket «Lauv» med spesialskrivne vers av Paal-Helge Haugen. Foto: Kjartan Helleve - Folk må få bruke bunadssylvet sitt som dei vil Den vesle butikken Hasla på Grünerløkka i Oslo sel varer som kombinerer tradisjonen og det moderne. Faktisk. Hasla AS vart etablert i 1984 av Ørnulf Hasla som framleis driv verksemda saman med kona Grete Fossen. Verksemda held til i Valle sentrum der dei har både verkstad og butikk. Hasla har 15 tilsette som lagar og sel smykke med moderne og tradisjonell design, og har mellom anna spesialisert seg på sylv til bunadane i Agder, Telemark, Rogaland, Trøndelag og Gudbrandsdalen. I 2005 fekk dei Merket for God Design for det visuelle uttrykket i logoen og på nettstaden, og no i mars vart dei kåra til Årets Handverksbedrift 20<strong>09</strong> av NHO. – Det var fantastisk morosamt og ein stor motivasjonsfaktor, seier Gunnhild Ørnulfsdotter Hasla. Kjend merkenamn Ho er dotter til Ørnulf og Grete og vart fort dregen med inn i butikkdrifta, men enda opp som student i Oslo. Der treivst ho såpass godt at tanken om ein eigen Haslabutikk dukka opp. Ideen fall i god jord heime i Valle og september i fj or opna ho dørene til butikken sin på Grünerløkka i Oslo. – Det har vore eit utruleg innhaldsrikt halvår, seier Gunnhild Ørnulfsdotter Hasla og seier at salet har vore godt. Hasla-smykka blir produserte ved verkstaden i Valle i Setesdalen. Foto: Hasla – Det er ikkje nokon tvil om at me har drege fordelar av å ha eit kjent merkenamn. Det er jo sørlendingar her i byen òg. Samstundes trur eg at det er ein marknad for ein slik type butikk her i Oslo. Det verkar som om folk er opptekne av tradisjonar og at særleg sylv har ei historie bak seg. Me skal vere ein butikk der alle skal kunne kome inn, det skal vere noko som alle kan like og det skal fi nnast varer i alle prisklassar. Og om det er nokon som har lyst til å setje ein bunadsølje på dressen sin, så legg ikkje me oss opp i det. – Så de tilhøyrer ikkje bunadpolitiet? – Eg har respekt for at nokon ikkje vil ein skal gjere for mykje nytt med bunader og bunadsylv, men ser altså annleis på det. Det må vere lov å bruke noko som er såpass fl ott og dyrt på andre dagar enn 17. mai. Me veit kva tradisjon me står i og det er difor me lagar og sel såpass mykje bunadssylv. Men samstundes ynskjer ein jo å utvikle seg, og då må det vere greitt å bruke element og teknikkar som har lange tradisjonar. Denne kombinasjon gjer jo berre at folk får augo opp for kva folk har pynta seg med i mange generasjonar og det må berre vere bra, seier ho. Paal-Helge Haugen Ein av bestseljarane deira er serien Nostalgi. Den kombinerer fi ligran-teknikken, der ein loddar saman små delar til ein smykke eller sølje, med moderne innslag. Ein annan serie som sel bra er Cross my heart, der dei har eit etter måten enkelt kryss som ornamentikk, men om ein ser nærare dukkar det opp gravert mønster i sylvplata som ein skimtar gjennom epoksien, og som ein kjenner att frå brokadevove stoff . Med denne blandinga av tradisjon og modernitet, var det heilt sjølvsagt å nytte nynorsk. – Det var aldri noko val. Det er nynorsk me nyttar heime i Valle, så kvifor skulle det vere annleis her? Samstundes markerer det oss som noko anna, og eg har hatt fl eire i folk i butikken som kjem av di dei har sett at me nyttar nynorsk i lysingar eller på plakatar. Eg skreiv mykje bokmål både på skulen og som student, men no går det berre i nynorsk, både her i butikken, og i korrespondanse med leverandørar, seier Hasla. Noko av det siste dei har utvikla er serien Lauv, der kvart smykke har ein liten tekst på baksida. Dette verset er spesialskrive av Paal-Helge Haugen. No skal dei til med ny serie som heiter Dråpe. – Det er fantastisk artig å samarbeide med han. Me set oss ned og snakkar om kva tekst som kunne høve til smykket, og korleis det bør skrivast i høve utforminga av dette . Det er ikkje så lett å sjå at det står noko på smykke sidan det er på baksida, men du som pyntar deg med det, veit det, og det gjev ei ekstra kjensle for brukaren. KJARTAN HELLEVE kjartan.helleve@nm.no NORSK TIDEND NR. 2 – 20<strong>09</strong>
NORSK TIDEND NR. 2 – 20<strong>09</strong> 17