You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
16

rapport

Inger Johanne Sæterbakk

2. serierunde

Eg var klar over at vintersportsesongen

var på hell, men eg hadde

ikkje tatt innover meg at sommaridretten

var i gang igjen.

Ikkje før ein måndagskveld i

halv sju-tida. Eg såg ut vindauget.

Alt var kvitt. Bortsett

frå nokre fi gurar i raudt, kvitt

og blått som gjekk oppover

bakken utafor vindauget mitt.

Blå skuterdressar med raude

og kvite TIL-skjerf. På veg mot

årets første heimekamp. Like

etter ringde telefonen. «Vil du

ha ein billett til TIL-Rosenborg

om ein halvtime?»

10 minutt seinare gjekk eg etter

lyden. Av fotballspeaker i snøstorm.

Eg var kledd til trengsel.

I mangel av ein skuterdress

hadde eg tatt på meg alt anna

som er varmt, vindtett og

vasstett. Eg sleit med å røre armane.

Og eg var meir nærsynt

enn nokon gong før; brillane

var fulle av dogg og eg såg

berre min eigen nase.

Oppe på Alfheim prøvde eg å fi nne

plassen min mellom bannande

skuterdressar. Banen var kvit.

Ein mann gjekk fram og tilbake

og kosta sidelina. Gjennom

doggen kunne eg så vidt sjå at

den oransje ballen bevega seg

mot bortelaget sitt mål. Lyden

av applauderande ullvottar

hørtest ut som teppebanking.

I småskala. Og alt eg greidde å

tenkje på var korleis heimelaget

kunne spele i berre kortbukser.

Bortelaget leidde stort til pause.

Ein traktor brøyta banen mens

eg prøvde å få kontakt med

nedre del av kroppen min. Det

var dessverre ikkje teikn til liv

inni selskinnsskoa. Heimelaget

fekk straff e. Dommaren fann

ikkje straff emerket. Det hadde

snødd ned. Spelarane var kvite

i håret. TIL-supportaren til

høgre for meg hadde slutta å

snakke. Eg var usikker på om

det var på grunn av baklengsmåla

eller temperaturen.

Kampen vart blåst av. RBK-supporteren

på mi venstre side jubla

ein stad bakom skjerfet og

boblejakka. TIL-supporteren

til høgre snøfta. Han levde

iallfall. 5000 utmatta skuterdressar

gjekk i samla fl okk

nedover mot byen. Ei einsleg

røyst brumma gjennom lyden

av tap, frost og skuterdress:

«Vi spelte no iallfall ikkje

med stillongs».

Og ein stad innimellom

blaut ull, neddogga briller

og iskalde kinn måtte eg

innrømme det for meg sjølv.

At det er noko eige med sommaridrett.

LAUV: Det er nynorsk me nyttar heime i Valle, så kvifor skulle det vere annleis her? spør Gunnhild Ørnulfsdotter Hasla (til høgre). Her er ho saman med Liv

Bakke Kvinlog i butikken på Grünerløkka i Oslo. Begge ber smykket «Lauv» med spesialskrivne vers av Paal-Helge Haugen. Foto: Kjartan Helleve

- Folk må få bruke

bunadssylvet sitt som dei vil

Den vesle butikken

Hasla på Grünerløkka i

Oslo sel varer som kombinerer

tradisjonen og

det moderne. Faktisk.

Hasla AS vart etablert i 1984 av

Ørnulf Hasla som framleis driv

verksemda saman med kona

Grete Fossen. Verksemda held til

i Valle sentrum der dei har både

verkstad og butikk. Hasla har 15

tilsette som lagar og sel smykke

med moderne og tradisjonell

design, og har mellom anna spesialisert

seg på sylv til bunadane

i Agder, Telemark, Rogaland,

Trøndelag og Gudbrandsdalen.

I 2005 fekk dei Merket for God

Design for det visuelle uttrykket

i logoen og på nettstaden,

og no i mars vart dei kåra til Årets

Handverksbedrift 2009 av

NHO.

– Det var fantastisk morosamt

og ein stor motivasjonsfaktor,

seier Gunnhild Ørnulfsdotter

Hasla.

Kjend merkenamn

Ho er dotter til Ørnulf og Grete

og vart fort dregen med inn i

butikkdrifta, men enda opp som

student i Oslo. Der treivst ho såpass

godt at tanken om ein eigen

Haslabutikk dukka opp. Ideen

fall i god jord heime i Valle og

september i fj or opna ho dørene

til butikken sin på Grünerløkka i

Oslo.

– Det har vore eit utruleg innhaldsrikt

halvår, seier Gunnhild

Ørnulfsdotter Hasla og seier at

salet har vore godt.

Hasla-smykka blir produserte ved verkstaden i Valle i

Setesdalen. Foto: Hasla

– Det er ikkje nokon tvil om

at me har drege fordelar av å

ha eit kjent merkenamn. Det er

jo sørlendingar her i byen òg.

Samstundes trur eg at det er ein

marknad for ein slik type butikk

her i Oslo. Det verkar som om

folk er opptekne av tradisjonar

og at særleg sylv har ei historie

bak seg. Me skal vere ein butikk

der alle skal kunne kome inn,

det skal vere noko som alle kan

like og det skal fi nnast varer i alle

prisklassar.

Og om det er nokon som har

lyst til å setje ein bunadsølje på

dressen sin, så legg ikkje me oss

opp i det.

– Så de tilhøyrer ikkje bunadpolitiet?

– Eg har respekt for at nokon

ikkje vil ein skal gjere for mykje

nytt med bunader og bunadsylv,

men ser altså annleis på det. Det

må vere lov å bruke noko som

er såpass fl ott og dyrt på andre

dagar enn 17. mai. Me veit kva

tradisjon me står i og det er difor

me lagar og sel såpass mykje

bunadssylv. Men samstundes

ynskjer ein jo å utvikle seg, og

då må det vere greitt å bruke element

og teknikkar som har lange

tradisjonar. Denne kombinasjon

gjer jo berre at folk får augo opp

for kva folk har pynta seg med i

mange generasjonar og det må

berre vere bra, seier ho.

Paal-Helge Haugen

Ein av bestseljarane deira er serien

Nostalgi. Den kombinerer

fi ligran-teknikken, der ein loddar

saman små delar til ein smykke

eller sølje, med moderne innslag.

Ein annan serie som sel

bra er Cross my heart, der dei

har eit etter måten enkelt kryss

som ornamentikk, men om ein

ser nærare dukkar det opp gravert

mønster i sylvplata som ein

skimtar gjennom epoksien, og

som ein kjenner att frå brokadevove

stoff .

Med denne blandinga av tradisjon

og modernitet, var det

heilt sjølvsagt å nytte nynorsk.

– Det var aldri noko val. Det

er nynorsk me nyttar heime i

Valle, så kvifor skulle det vere

annleis her? Samstundes markerer

det oss som noko anna, og

eg har hatt fl eire i folk i butikken

som kjem av di dei har sett at me

nyttar nynorsk i lysingar eller på

plakatar. Eg skreiv mykje bokmål

både på skulen og som student,

men no går det berre i nynorsk,

både her i butikken, og i korrespondanse

med leverandørar,

seier Hasla.

Noko av det siste dei har utvikla

er serien Lauv, der kvart

smykke har ein liten tekst på

baksida. Dette verset er spesialskrive

av Paal-Helge Haugen. No

skal dei til med ny serie som heiter

Dråpe.

– Det er fantastisk artig å

samarbeide med han. Me set

oss ned og snakkar om kva tekst

som kunne høve til smykket, og

korleis det bør skrivast i høve

utforminga av dette . Det er ikkje

så lett å sjå at det står noko på

smykke sidan det er på baksida,

men du som pyntar deg med

det, veit det, og det gjev ei ekstra

kjensle for brukaren.

KJARTAN HELLEVE

kjartan.helleve@nm.no

NORSK TIDEND NR. 2 – 2009