27.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

det skulle ha teke seg ut om han hadde dekt fi -

nalen for nokon andre. Inne i bladet er sjølve

artikkelen illustrert med eit bilete av Økland og

familien. Biletteksten seier at han kviler ut etter

den harde innsatsen.

– Det er skrive nett som mine Stillstandartiklar,

seier ho.

Dette er altså ikkje nokon ny sjanger i avisa.

Forfattaren som blir sendt ut på eit oppdrag der

han eller ho skal skrive frekt og med skråblikk

på noko som eigentleg kunne ha vore skrive

om på ein heilt vanleg måte. For Dag og Tid

anno 1969 kunne ha sjølvsagt hatt ei overskrift

som handla om sjølve cupfi nalen, resultatet eller

dramatikken i sluttminutta. Det er derimot

Einar Økland som er det sentrale her. Og av ein

eller annan grunn Dag og Tid.

På same måte kan ein stussa over at Stillstand-artiklane

til Ravatn er i avisa signert

med «Agnes Ravatn er journalist i Dag og Tid

og forfattar». Det er jo ein uvanleg måte å kreditere

journalistane sine på. Kunne det ikkje

ha greidd seg med namnet? Må ein absolutt

nemne at ho er forfattar? Eg kan ikkje heilt sjå

for meg at det er så mange som les Dag og Tid,

som ikkje veit at ho arbeider i avisa. Og at ho

dessutan er forfattar. Vel, eg skal no ikkje gni

det inn. Kast den fyrste steinen, som dei seier

i Bibelen. For denne spesielle krediteringa har

ein funksjon: å seie at dette er noko anna. Dette

er ikkje vanleg journalistikk. Dette er essay.

Eg blir sendt ut for å hente kaffi , eller det er

vel rettare å seie at eg tilbyd meg å gjere det.

Noko må jo skje snart. Ravatn gjev meg kruset

sitt, eit P4-krus. Det er eit slikt du får om du er

på debatt hjå dei. Jens Kihl var litt snurt for at

han ikkje hadde fått det ein gong, så neste gong

Fine lokale dei

har har hjå Dag

og Tid. Ikkje heilt

nyoppussa, men

likevel mykje

betre enn heime

på Mållaget. Eg

registrerer likevel

at golvet er i ferd

med å losne frå

veggen.

han var der, bad han om to. Kva har Ravatn

gjort der? Eg anar ikkje, og eg drøymer meg

attende til vanleg journalistikk, medan eg gjev

henne kaffi i koppen og set meg ned igjen. Kan

hende det er lov med eit lite spørsmål? Kunne

ikkje Olaug ha svara?

Roald Helgheim kjem innom. Så ho får faktisk

besøk. Han lurer på om eg er den nye livvakta

hennar. Nei, det er eg nok ikkje. Me helsar.

– Helleve? Du kjenner ikkje Dag, vel?, spør

han.

– Jau, eg har no helsa på han, seier eg.

– Mmm, seier han og går vidare.

Det byrjar å bli vanskeleg. Eg forstår no kvifor

det er forfattarar som skriv essay. Dei har

orda i si makt, dei treng berre å sjå på ein stein

som ligg i grøfta og vips så blir det ei novellesamling

av det. Og Ravatn har frivillig gått stader

der det i utgangspunktet ikkje skjer noko,

og greier å lage tekstar av det likevel. Ein cupfi -

nale, kor vanskeleg kan det vera?

Eg går på do. Fine lokale dei har her hjå Dag

og Tid. Ikkje heilt nyoppussa, men likevel mykje

betre enn heime på Mållaget. Eg registrerer

likevel at golvet er i ferd med å losne frå veggen,

så her er det nok nokon som har juksa litt

i svingane. Nei, då er det nok mykje betre på

Teatret. Eller Aasen-tunet! Det er jo heilt nytt,

Sverre Fehn og greier. Men Samlaget er jo endå

nyare, men manglar vel særpreget. Eg trur eg

vil rangere lokala til Målrørsla på denne måten:

1 Aasen-tunet

2 Teatret

3 Samlaget

4 Dag og Tid/Norsk Barneblad

6 Mållaget

Lurer på korleis det er hjå NPK? Kan hende

eg må stikke bortom ein dag.

Kontora til Dag og Tid ligg på loftet. Difor

har Ravatn berre eit takvindauge. Snøen glir

sakte nedover i mildveret. Då eg byrja i Mållaget

hadde eg fl ott utsikt; Ekeberg til venstre,

operaen til høgre og Nesodden midt i mot. I

løpet av dei to åra eg har sete her, har Skatteetaten

bygd eit hus på om lag tjue tusen kvadratmeter.

Dermed var det berre å seie «på

gjensyn» til fj ordgløtten. I staden har eg fått

kjempeutsikt til eit fi re etasjar høgt hus med

møterom. Der er det alltid nokon som sit og

fylgjer halvveges med på det møteleiaren seier.

Dei kikkar over til meg og eg kikkar på dei. Kva

kviler Ravatn augo sine på? Snø som smeltar?

Føler ho i det heile at ho er ein del av eit samfunn

når ho ikkje ser andre enn dei som ho arbeider

med? «Sivilisasjonskritikk på lågt nivå»

er undertittelen på boka hennar. Hm, skal tru

om det er ei fi nte her. Kan det vere slik at denne

artikkelsamlinga ikkje handlar om samfunnet,

men Ravatn sin plass i det? Eit slags forsøk på å

fi nne ut kvar det gjekk gale? No ja, no skal det

bli refl eksjonar.

Eg blir avbroten.

– Oi, svar frå Olaug. Ho seier Siv Jensen, ho

òg, seier Ravatn og ser på klokka.

– Og var det ikkje ein time me sa?

Boka Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt

nivå kjem i mai.

Kjartan Helleve er redaktør i Norsk Tidend

og var med i novellesamlinga Signaler 97.

KJARTAN HELLEVE

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!