You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
ESSAY

Kjartan Helleve

har oppsøkt ein

situasjon der

absolutt

ingenting skjer,

for kan hende

aller siste gong.

Det skjer ikkje så mykje på kontoret til Agnes Ravatn.

Stillstand

Det er roleg på kontoret

til Agnes Ravatn. Det

er roleg på heile Dag

og Tid. Eg har vore på

vitjing i redaksjonen

til VG Nett. Der sat det

meir eller mindre oppå

kvarandre, skriveborda

var ein halv kvadratmeter og var sette opp i

grupper på fi re. Difor var eg ikkje på vitjing

hjå kompisen min, eg vitja heile redaksjonen.

Dei snudde seg og såg litt skeptisk på meg. Eg

berre lata som om eg var ein eff ektiviseringskonsulent.

Det stoppa blikka.

Snart kjem ei samling av Stillstand-artiklane

frå Dag og Tid i bokform. Der skriv ho mellom

anna om tingretten, klosteret og kjøpesenteret.

«Agnes Ravatn har oppsøkt ein situasjon der

ingenting skjer» stod det i avisa under artiklane.

Dette er ei sanning med modifi kasjonar.

Det skjer jo ein del dei stadene ho vitjar. Men

eg skal like å helse på den journalisten frå VG

Nett som går inn til redaktøren sin og presenterer

ein slik ide.

Det er annleis å arbeide i ei vekeavis enn i

ei nettavis. Det er noko anna å sitje å høyre på

politiradioen for å vere fyrst framme ved eit

ran, enn å sitje å vente på svar på ein e-post frå

Olaug Nilssen. Den tida eg er på kontoret hennar,

ringjer telefonen ein gong. «Oi», seier ho.

Det er redaktøren som ringjer, han er heime

med noko sjukdom og lurer på korleis ho ligg

an med sakene sine. Jo då, det verkar å vere

kontroll. Det er 8. mars til helga, og det blir

både petit og artikkel. Eller det blir vel meir ein

kommentar basert på eigen erfaringar.

Ravatn har nemleg kome i skotlinja til hard-

barka feministar. Dei har fanga

opp at ho har snakka stygt om

ein type damer i ein Stillstandartikkel

frå Rorbua. Desse nyskilde

damene i førtiåra om pyntar

og dollar seg opp for å syne

at det framleis er liv i dei, men

som tek litt for hardt i. «Vent til

du sjølv er 40!» var ein av kommentarane.

Det verka ikkje som

om nokon faktisk hadde lese artikkelen,

dette handla meir om

prinsipp.

Så no skal dei få igjen. Det er

det som er skummelt med å leggje

seg ut med journalistar. Og i

alle fall journalistar som arbeider

i ei vekeavis og kan skrive artiklar/kommentarar

om lag som

dei vil. Ravatn er i gang, men

Olaug har enno ikkje svara. Ho

som alltid er på nettet.

– Kven tykkjer du er den viktigaste

feministen i Noreg?, spør

ho meg brått.

Nei, nei, nei. Det var ikkje slik dette skulle

vera. Eg skulle jo berre sitje her å oppservere,

vere like på utsida som Ravatn er i sine artiklar.

Eg noterer intenst på blokka, freistar å sjå ein

annan veg. Men det er heilt stille på kontoret,

ingen politiradio som skurrar. Det er ingenting

som hastar, det er måndag og artikkelen treng

ikkje å vere ferdig før på torsdag.

– Siv Jensen, prøver eg meg.

– Ho tviheld på formannstittelen og det tyder

vel på at ho ikkje er så opphengd i symbolsaker?

Men det er heilt

stille på kontoret,

ingen politiradio

som skurrar. Det

er ingenting som

hastar, det er

måndag og artikkelen

treng ikkje å

vere ferdig før på

torsdag.

– Ja, he-he, seier Ravatn. Ho

snur seg til skjermen igjen.

Så blir det stillstand igjen.

Berre svak musikk frå datamaskina.

Nei, her skjedde det ikkje

mykje. Så det er slik det er

å skrive essay. Eg sit på ein stol

rett innafor døra. Ein stol som eg

måtte hente sjølv. Det kjem visst

ikkje så ofte folk innom for å slå

av ein prat. Ikkje så lenge at dei

må setje seg ned i ein stol, i alle

fall.

– Du får ikkje mykje besøk?,

spør eg.

Ho svarar ikkje. Her får eg ingenting

gratis. Ho skal vel la meg

prøve korleis det er der ute. Det

er sikkert mange som trur at det

berre er å gå ein stad og notere

og vips har du ein tekst, og så ein

til og vips ringjer Samlaget og vil

lage ei bok ut av det.

Eg byrjar å notere ned det

eg ser: ei fl aske med White Spirit, ein perm

der det står «NJ – Faglig grunnkurs», ein daff

plante, nokre sesongar med Sopranos og ei

usannsynleg stor boskorg full med papir. Tolke,

tolke. Dette må no seie noko om henne. Det

må seie noko om meg. «Essay er eit møte mellom

forfattaren og saksforholdet ho refl ekterer

over» seier Marit Eikemo. Refl ekter, refl ekter.

Eg blir redda av Ravatn.

–Har du sett dette? spør ho. Så syner ho

meg ei gamal utgåve av Dag og Tid, den er frå

1969. Over halve framsida står det: «Einar

Økland dekkjer cupfi nalen for Dag og Tid». Ja,