You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
12

kleiva

Anna Kleiva

Your letters they all say that you’re beside

me now (then why do I feel alone)

Eg har lese mykje om gamle dagar i det siste.

Gamle dagar forstått som ca 1950-talet

og bakover – men eg meiner uansett

verkeleg gamle dagar. Antikken, mellomalderen

og så vidare, slik det gjerne er når

ein studerer humanistiske fag. I denne

leseprosessen, full av gammal litteratur,

gammal teori, ny teori om gammal litteratur,

har eg merka eit visst reaksjonsmønster

hos meg sjølv. Visse ord som får

meg til å vri meg rastlaust på stolen.

Ein ting er at litteraturteori endeleg har

begynt å inspirere meg (dette er eg svært

stolt av, eg seier høgtideleg til meg sjølv at

kanskje det har med alder å gjere, for tidlegare

vart eg berre aggressiv og litt redd

av slike tekster). Men det var ikkje det eg

ville skrive om, eg ville skrive om min nye

reaksjon på ordet «brev». Det er eit ord

som dukkar opp relativt ofte i litteratur

om/frå gamle dagar; dei dreiv jo mykje

med slikt, kommuniserte utan telefonliner,

mobildekning, internett-tilgang. Og

det er kanskje det ordet som minner meg

aller mest på at vi snart har levd gjennom

dei første tiåret av 2000-talet. Eller om at

eg sjølv har funnest i denne verda ei god

stund no.

Eg pla skrive masse brev då eg var lita. Eg

kunne alltid velje mellom minst fem

ulike brevpostar (eit ord som i seg sjølv

har blitt så framandt for meg, at eg ein

augneblink lurer på om eg ikkje fann det

opp akkurat no), og la mottekne brev i

ei gammal sko-øskje etter eg hadde lese

dei. (Systematisert, først etter avsendar,

så dato.) Dette var på nittitalet. No er det

eitt år til vi kan begynne å seie tjue-ti

(2010), og eg har heilt gløymt korleis

ein gjer dette med brev.

Det er jo ein heilt eigen skrivemåte, det

merkar eg med ein gong eg set

med ned framfor pulten, etter å

ha komme over ein eller annan

referanse til brevskriving i pensumlitteraturen,

og skal fortelje om livet

mitt. (På kladdebokpapir denne gongen,

eg har ikkje brevpostar lengre.) Ein skrivemåte

som, rart som det enn høyrest ut,

liksom har blitt verande i brevformatet.

Han har ikkje følgt med over i e-postformatet,

sms-formatet; skrivemåten i brevet

mitt til ho som bur langt der borte i

New York, liknar meir på den i dei gamle

breva eg har på pensum. Utgreiande,

høgtideleg, kanskje med ein dråpe vatn

over hovudet; for ein blir meir ambisiøs i

brevskrivinga enn i dei andre formata.

Og språket er annleis. Det er som om tidsaspektet

ved brevprosessen snik seg

inn i formuleringane; for først skal jo

brevet bli skrive, så frankert og putta

i ei postkasse, så frakta av posten, så

opna og lese. Ein kan ikkje berre taste

inn korte setningar i små bokstavar og

trykke «send». Og på den måten er det

kanskje fi nt å skrive eit brev innimellom.

På same måte som eg trur språket

mitt har godt av den fl åsete e-postmåten

å formulere seg på, har det godt

av dei meir høgtidelege (men uakademiske)

setningane frå brevskrivinga.

I mi verd skal tjue-ti også vere eit år

for å hevde nærleik via penn og papir.

Illustrasjonsfoto: Stock.Xchng

o kan innrømma

det no. Det var

ikkje ei oppgåve

som var lett å ta

på seg då ho vart

spurd. Ho måtte

gå fl eire rundar

med seg sjølv for å

fi nna ut om dette var noko

ho kunne gjera. Oppdraget

som leiar i Noregs Mållag var

heller ikkje noko ho såg veldig

fram til då ho gjekk på. Men

Hege Myklebust har brukt ein

svært stor del av det vaksne

livet sitt til å arbeida for nynorsk,

så då tobarnsmora frå

Stord vart beden om å ta på

seg det øvste vervet i rørsla,

kunne ho ikkje seia nei.

– Det gjekk betre en eg

trudde, og det vart kjekt

på ein annan måte enn eg

hadde venta, seier ho.

Nynorsk i Elle

Etter tre år takkar ho for seg

som øvste leiar for organisasjonens

øvste leiar. Norsk

Tidend har bede henne om å

oppsummera leiarperioden

sin.

– Eg har sett stor pris

på å få representera Mållaget

overfor andre organisasjonar

og kontaktar som vi

har hatt. I tillegg har eg sett

stor pris på å få reisa rundt

til alle lokallaga våre, seier

ho.

målpraten

I mål

Etter tre år takkar Hege Myklebust

for seg som leiar.

– Kva har vore den største

sigeren for rørsla i dei åra du

har vore leiar?

– Det er vanskeleg å trekkja

fram ein ting som var ein

ein stor siger. Men må seia

eg var veldig nøgd med nynorskartiklane

i Elle. Det var

ein barriere som vart broten.

På eit seminar arrangert av

Kringkastingsringen vinteren

2007, vart Elle-redaktør

og sogning Signy Fardal

konfrontert med at Elle og

andre dameblad stengjer

ute nynorsken frå blada sine.

Fardal erklærte friskt at det

ville ho ikkje ha på seg, og

lova å følgja opp med artiklar

på nynorsk i Elle. Våren

2007 kunne lesarane lesa

hårstylingtips og intervju

med Jessica Simpson i Elle

på nynorsk. Alt saman omsett

av Hege Myklebust.

– Det har vel kanskje ikkje

sett varige spor, men det

viktigaste var å visa at det

går, seier Hege.

Det som kanskje har vore

den store sigeren har samtidig

vore eit stort tap. Det

handlar om nynorsk i næringslivet.

Mjølk og melk

Akkurat då det byrja gå så

bra for nynorsk i næringslivet,

var det nokon som måtte

snu om på det heile. Røyrleg-

2500 250 språk kan forsvinna

SN sitt

kulturorgan Unesco varslar at 2500 språk står i fare for

å forsvinne. forsvi I løpet av dei tre siste generasjonane har 200 språk

forsvunne. forsvun I dag er om lag 200 språk som berre ti personar

har har som

morsmål. Eitt av dei er livisk, som er morsmål for ein

einaste person i Latvia. Språka forsvinn på grunn av krig og

utdriving utdrivi av folk, og innvandrarane oppmodar ungane sine til å

lære språket sp i det nye heimlandet.

gjarar, butikkar og snikkarar

på Vestlandet tok i aukande

grad nynorsken i bruk. Ikea

og bokstavkjeks køyrde

reklamar på nynorsk. Det

kunne sjå ut til at nynorsken

var på veg inn i ein ny æra,

ein æra der marknadsføring

på nynorsk ikkje lenger var

uvanleg , sært eller noko for

dei spesielt interesserte, men

noko heilt daglegdags. Men

så bestemte Tine seg for at

no fekk det vera nok. Ikkje

meir mjølk. Berre melk.

– Det var svært skuffande

av Tine. Dei fører ein

svært gamaldags språkpolitikk,

seier Hege.

– Elles er eg svært nøgd

med at det såkalla sidemålsforsøket

i Oslo ikkje vart

ført vidare, og med at vi fekk

gjennomslag for fl eire av sakene

som er viktige for oss

i stortingsmeldinga Mål og

Meining. Her vert det slått

fast at alle skal læra nynorsk,

og at nynorsk må diskriminerast

positivt, seier ho.

Hege vart vald til leiar i

2006, midt i hundreårsjubileet,

då rørsla feira seg sjølv

med jubel og festivitas. Ho

hadde alt mange års fartstid

i rørsla. I 1994, midt under

EU-striden vart ho verva til

studentmållaget i Bergen.

Heimefrå, frå Stord, var

ho vand med at nynorsken

berre var der, som noko heilt

naturleg og sjølvsagt. Slik

var det ikkje i Bergen. Her

var nynorsken noko annleis,

uvanleg og noko som det var

svært vanskeleg å ta omsyn

til. Noko måtte gjerast. Hege

vart med i studentmållaget

i Bergen. Sidan har ho hatt

både store og små verv innanfor

rørsla.

Læremiddelsaka

– Kva er du mest skuff a

over?

– At der vi ikkje er komne

nærare ei løysing på læremiddelspørsmålet.

Med den

regjeringa vi har burde vi ha

kome lenger. Vi opplevde

å få svært lite respons då vi

tok opp at nynorskbøkene

ikkje låg føre til skulestart då

Øystein Djupedal var kunnskapsminister.

Det er annleis

med Solhjell, men samtidig

skulle vi ønskt at han hadde

vist meir musklar.

Vinteren 2007 arrangerte

Mållaget ei høyring om

læremiddelsituasjonen på

Stortinget. Her møtte politikarar,

skulelevar, lærarar,

foreldre. Alle kunne fortelja

om det same. Skulebøkene

på nynorsk er ikkje ferdige i

tide til skulestart. Og det får

konsekvensar. Nynorsken

vert marginalisert.

– Korleis har det vore for

NORSK TIDEND NR. 1 – 2009