27.07.2013 Views

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 2-09 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Suksess for godnattbok

Barneboka Godnattboka – nynorske forteljingar, som

kom ut på Skald forlag i 2007, er seld i over 5000 eksemplar

og blir no trykt i tredje opplag. Godnattboka er

den første i sitt slag og inneheld 22 nyskrivne forteljingar

på nynorsk av kjende og ukjende forfattarar.

– Eg sakna ei slik høgtlesebok på nynorsk, og etter

at boka kom ut, fekk vi mykje positiv respons, fortel

forlagsredaktør Simone Stibbe. I tillegg til strålande

kritikkar, vart boka heidra med Nynorsk barnelitteraturpris

av Noregs Mållag. I fj or haust kom boka også

som lydbok lesen av Arnhild Litlerè og Anderz Eide. No

jobbar forlaget med ein oppfølgjar som skal koma ut

til hausten.

– Det blir noko nytt og overraskande denne gongen

også, seier Simone Stibbe. (©NPK)

I KVARDAGEN: – Eg trur at ei plate av Side Brok eller Vassendgutane har ti gonger så stor eff ekt som mållagskampanjane. For dei syner at språket

kan brukast i kvardagen, og ein gjer ikkje noko nummer ut av det, seier Rundar Gudnason. Foto: Side Brok

lenge, det er ikkje noko nytt, det er blitt ein

vane. På same måte får ein fram nye rapparar

som har høyrt mykje på norsk rap, som

har lært av det og ikkje ser på det som anna

enn musikk med bra tekstar. Ein annan ting

er at desse rockebanda gjer det på dialekt.

Innan rock har jo døme på at ein syng på

skriftspråk, anten nynorsk eller bokmål.

Det kunne aldri ha skjedd innan rapmusikk.

Det er i større grad ein munnleg og

personleg uttrykksform, så må du bruke

det språket du har.

To prisar til Samlaget

Stein Erik Lunde og Øyvind Torseter

(ill.) har fått Kultur- og kyrkjedepartementet

sin pris for barne- og ungdomslitteratur

2008 med boka Eg kan

ikkje sove no. Kari Stai fekk debutantprisen

for Jakob og Neikob.

(Samlaget)

– Men eg kjenner jo meg igjen i ein engelskspråkleg

tekst òg?

– Alle som høyrer på musikk vil leite etter

noko dei kjenner seg att i. Eg trur dialekt

gjev eit ekstra bonus, eit ekstra steg nærare

noko du kjenner. Det er difor me alltid vil

vere større på Vestlandet enn på Austlandet.

Den nye rocken?

– Blir rap den nye rocken, der ein held på

med noko som i utgangspunktet var ei ungdomsgreie,

når ein er femti?

–Nei, eg det trur ikkje han blir. Rocken

har nemleg synt seg å vere irriterande

levedyktig. Ein har framleis eit koppel av

musikkjournalistar i Noreg som tviheld

på Bob Dylan, Nick Cave og Bruce Springsteen.

Det er fasinerande korleis dei nye

journalistane fort får den same respekten

for desse rockeheltane. Samstundes ser ein

at dei unge, og då særleg ut i distrikta, gjer

det same. Treff eg unge folk i Sogn og Fjordane

som held på med musikk, så er det

ikkje hip-hop som er greia. Dei speler Metallica,

Deep Purple og Led Zeppelin. Det

syner kor levedyktig rock som sjanger er.

Hip-hop er ei ny åre i ungdomsmusikken,

men den kan aldri bli den fyrste ungdomsmusikken

slik rock var.

Gjere det til ditt eige

– Då må ein vel håpe på ein generasjon ungar

som har veks opp med foreldre som høyrer

på hip-hop og ikkje berre rock.

– Ja, men samstundes er hip-hop ein

meir postmoderne sjanger enn det rock er.

Ein blandar og refererer, den er proppfull

av intertekstualitet. Den bygde i utgangspunktet

på gjenbruk og resirkulering gjennom

sampling. Ein kunne jo basere heile

songar på ein rockelåt, eller ein opera eller

ein countrysong. Det handlar om å ha eit

utgangspunkt og gjere det betre, gjere det

tøft og ikkje minst: gjere det til ditt eige.

Dette er sjølve basen i hip-hop-kulturen.

Men dette har forsvunne meir og meir,

hip-hopen har blitt meir og meir konform.

Ungdom som høyrer på det i no, likar ikkje

automatisk det eg høyer på. Dei vil seie at

det ikkje er reint nok, eller at det ikkje er

ekte. For dei har hip-hop blitt noko smalare,

ein klårare defi nert sjanger og buksene

skal vere enormt store. Eg har ikkje noko

problem med dette, det er deira greie. Dei

skal då ha like stor rett til å defi nere sin kultur

som eg defi nerer min.

KJARTAN HELLEVE

kjartan.helleve@nm.no

NORSK TIDEND NR. 2 – 2009 11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!