Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Det er nokre år sidan den

førre plata til Side Brok kom. I

mellomtida har Runar Gudnason

sprunge rundt i klasserom

og snakka om Aasen.

Gudnason, aka Torstein Hyl III, er komen

i siget og vik ikkje unna for å fyre av

ein brannfakkel eller to. Me sit i studioet

til Side Brok aust i Oslo, drikk pulverkaffi

mellom ulike instrument og skal snakke

om den nye plata.

– Eg trur at ei plate av Side Brok eller

Vassendgutane har ti gonger så stor eff ekt

som ein kampanje frå Mållaget. Eg er ikkje

interessert i noka nynorskmisjonering,

seier han.

Ein viss autoritet

Så kan ein spørje seg om dette er ein brannfakkel

eller om det ikkje berre er slikt snakk

som den typiske nynorskbrukaren lirer av

seg, ho som ikkje vil organisere seg og som

berre bruker nynorsk av di det er naturleg

for henne.

Haka er at Gudnason snakkar med

ein viss autoritet. Ein ting er at han er frå

Hovdebygda, har bilete av Ivar Aasenskulpturen

på eit av plateomslaga sine

og har vore omvisar i Aasen-tunet før

Sverre Fehn hadde sett ein strek på papiret.

Men Gudnason har dei siste åra vitja ein

stad mellom hundre og hundre og femti

skuleklassar med Det undrande språket, eit

prosjekt sett i gang av Nynorsk Kultursentrum

og fi nansiert av Den kulturelle skulesekken.

Så mange skulebesøk fører Gudnason

langt opp på tabellen for fl est målferder. Etter

han har halde opplegget sitt på skulane,

går ungdommane inn på YouTube og skriv

«Han va på vår skule i dag!» Eit visst inntrykk

må han då ha gjeve.

– Eg gjekk inn i det med blanda kjensler.

Eg var heller ikkje interessert i noko «Tal

dialekt, skriv nynorsk»-opplegg. Med all

respekt for mållaget, så har eg ikkje noko

tru på desse kampanjane. Eg trur at ei plate

av Side Brok eller Vassendgutane har ti

gonger så stor eff ekt. For dei syner at språket

kan brukast, det kan brukast i kvardagen

og ein gjer ikkje noko nummer ut av

det. Eg held ikkje på med «nynorsk rap»

eller «dialektrap». Me speler musikk med

norske tekstar, og språket mitt fungerer like

godt som andre.

– Kvifor gjorde du det då?

– Det som motiverer meg, er å gjere born

10

musikk

VENTETIDA

ER OVER

Foto: Erik Aavatsmark

SIDE BROK

◆ Hip-hop band frå Hovdebygda

◆ Aktuell med ny plate. Ekte Menn

er i sal 27. april

◆ Gruppa har fi re faste medlemer:

Sjef R, Skatebård og Torstein Hyl III

og Odd G

◆ Har tidlegare gjeve ut Side Brok EP

(2002), Høge Brelle LP (2004),

Side Brooklyn EP (2005), Kar me kjøme frå

LP (2006)

◆ Turid Rogne Filmen lagar no ein dokumentarfi

lm om gruppa med arbeidstittelen

«Heimegutar»

og unge medvitne på språk. Ungar har eit veldig

kreativt språk og ein skal vere varsam med

å blande seg for mykje inn i det. Det er ein fryd

å sjå korleis dei nyttar språket. Men ein kan

forklare dei at det er skilnad på skrift- og talespråk,

ein kan fortelje dei om dialektar og om

kva dei kan ha å seie for identitet og slike ting.

Få dei til å tenkje sjølve og refl ektere. Og eg ser

at dei undrar seg, eg ser det knakar oppe i hovuda

deira og om dei ikkje har fått med seg alt

me har snakka om, så har det sett i gang nokre

tankar og det er det viktigaste. Difor tykkjer

eg det har vore vellukka, seier Gudnason.

Ferdig med Hovdebygda

Men det var ikkje det me skulle snakke om.

For tre år sidan gav Side Brok ut plata Kar

Me Kjøme Frå. Den var meir alvorleg enn

gjennombrotsplata, den var eit forsøk på

gjere noko anna og ei plate som dei freista å

halde skjult og «det lukkast me ganske godt

med». Eigentleg er det fem år sidan dei

Fleirtal for ny folkemusikkorganisasjon

På årsmøtet i Norsk Folkemusikk- og Danselag nyleg vart det fl eirtal for styret sitt framlegg om å

arbeide for å etablere ein ny felles organisasjon for folkemusikk og dans i Noreg.

Det var 17 som røysta for og 9 som røysta mot. – Styret er glade for at årsmøtet har gjeve

oss mandat til vidare arbeid i retninga me har starta på, og no ser me fram til å koma i gang

med arbeidet med framlegg til strukturar, vedtekter og føremål for ein ny organisasjon, seier

styreleiar Åshild Vetrhus i ei pressemelding. Åshild Vetrhus vart attvald som leiar, og med seg i

styret har ho Åse Teigland, Anders Buen, Arnfi nn Bjerkestrand og Tellef Kvifte. (©NPK)

sist gav ut ei langspelplate. «Høge Brelle»

sette Side Brok på kartet og etablerte ein

fanskare som tolmodig har venta på nytt

materiale.

– Eg veit ikkje kor mykje eg har lyst til å

seie om kva plata handlar om. På den eine

sida har eg gjort meg opp nokre tankar om

kva ho handlar om som eg eventuelt kan

dytte på folk. På den andre sida kan eg spele

ei anna rolle der eg seier at «nei, plata den

talar for seg sjølv».

– Men du tek utgangspunkt i deg sjølv?

– Det er jo eg som skriv tekstane. Denne

gongen hadde eg lyst til å bevege meg vekk

frå Hovdebygda. Ho er så godt som ikkjeeksisterande

på den nye plata. Men uansett

om ho handlar om Hovdebygda eller 36 og

eit halvtårskrisa, så handlar det om meg

sjølv. Sjølv dei mest absurde Torstein Hyltekstane

kjem jo ut av meg sjølv, og er i utgangs

like personlege som alle dei andre.

– Det hender kan hender ikkje så mykje

i Hovdebygda lenger. Det er jo ikkje akkurat

Bronx heller.

– Det hender like mykje der som det

gjer i Bronx. Ein kjem jo frå den plassen ein

kjem frå, med alt det inneber. Det handlar

meir om at eg ynskjer å utfordre meg sjølv

som tekstforfattar, anten på innhaldssida

eller på formsida. Det er tre tema på den

plata som eg kjem innom, og eitt av dei er

t.d. korleis det går an å halde på med rap

når ein er så gamal som meg. Korleis kan

ein forsvare å halde på med noko som

mange ser på som barnsleg? Det å aldri ha

hatt ein skikkeleg jobb og slike ting.

– Er du den eldste rapparen i Noreg?

– Eg veit ikkje om Tommy Tee reknar

seg som rappar eller produsent, men det er

vel eg og han som er i det sjiktet. Trur han

er ein månad eldre enn meg.

Dialektrap

Saman med Tungtvann, Onkel P og Jaa9

utfordra Side Brok hegemoniet som Oslo

hadde på rap og hip-hop. Dei kom frå distriktet

og gjorde eit poeng av det. Dei etablerte

sjangeren dialektrap.

– Akkurat det har roa seg, det har vorte

meir naturleg, seier Gudnason.

– Det er nokre som vel engelsk, men det

er ikkje lenger noko nytt at folk rappar på

norsk. Dei fl este som byrjar å rappe no, gjer

det nok på norsk. Eg tykkjer eigentleg at det

ikkje er eit tema lenger.

– Grunnen til eg spør er at det ein ser

ei utvikling innan rocken der mange av dei

banda som gjer det bra syng på norsk.

– Jon Olav Nilsen og gjengen og Fjorden

Baby! har jo sjølve sagt i intervju at dei er

inspirert av rapmusikk og er i same gjengen

som Lars Vaular, som rappar på norsk.

Desse rockarane har jo høyrt norsk rap

NORSK TIDEND NR. 2 – 2009