27.07.2013 Views

337 Gaularvassdraget, Nystølen-Sværefjorden-Hårklau-Gjerland ...

337 Gaularvassdraget, Nystølen-Sværefjorden-Hårklau-Gjerland ...

337 Gaularvassdraget, Nystølen-Sværefjorden-Hårklau-Gjerland ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

BRWSFORMER OG INTERESSER I VASSORAGET

2 . 1 NATURVERN

Når det gjeld nedslagsfeltet til Gaularvassdraget, viser vi i hovudsak

til tidlegare vassdragsrapport basert på konsesjonssøkt utbyggingsplan.

Universitetet i Bergen har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

føreteke samanliknande undersøkingar og vurderingar av 7

vassdrag i Sunnfjord og delvis Nordfjord ("Sunnfjordpakka") ihnan

fagområda ferskvassbiologi (Raddum og Fjellheim) og botanikk

(Skogen og Aarrestad).Førebels rapportar/samandrag ligg føre.

Raddum og Fjellheim har samanlikna Gaular, Jølstra og Breimsvassdraget,

og finn Gaular mest interessant av desse ut frå 7 av 8 kriterium.

Berre når det gjeld forsuring kjem Gaular dårlegast ut.

Dette gjeld særleg Eldalen, medan det ikkje er forsuringsproblem på

strekninga Haukedalen Osen.

Også Skogen og Aarrestad har forsøkt å verdikvantifisere dei same

vassdraga ut frå botaniske kriterium. Gaular, Jølstra og Breim kjem

i sum nokså likt ut, men Gaular er vurdert høgast ut frå kriterium

som "spesielt verdifulle forhold", "klarhet, sammenheng" og "uberørthet".

Når det gjeld representativitet (typeverdi), er Gaular

vurdert eitt hakk lågare enn Jølstra og Breimsvassdraget. Dette

skuldast først og fremst fattig fjellflora og ein gjennomgåande

mangel på rike skogtypar.

Når det gjeld v er vegetasjonen i følgje Skogen

og Aarrestad artsfattig og triviell. Det er - med atterhald om mangelfulle

undersøkingar særleg av mose og lav - ikkje påvist særleg

rike eller interessante forekomstar.

Ein kjenner ikkje til andre naturvitskaplege undersøkingar i området,

men vassdraget er truleg for lite og fOr lite variert til å

ha interesse som type- og/eller referansevassdrag.

Innan nedslagsfeltet til Sværefjordvassdraget, er området kring

Skardvatn mykje brukt til friluftsliv, med utgangspunkt frå Gaularfjellsvegen.

Sjølve Sværadalen er kort, bratt og V-forma. Langs elva går ein fin

sti (del av gamal ferdselsveg til Eldal og Haukedalen) som er noko

brukt særleg som nedgangsrute frå Gaularfjellet.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!