27.07.2013 Views

337 Gaularvassdraget, Nystølen-Sværefjorden-Hårklau-Gjerland ...

337 Gaularvassdraget, Nystølen-Sværefjorden-Hårklau-Gjerland ...

337 Gaularvassdraget, Nystølen-Sværefjorden-Hårklau-Gjerland ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

otsvatnet (austsida) og Trollabotsvotni (vestsida) går ei viktig

trekkrute over til Balestrand og Sværefjorden. Her kan damMen ved

Risbotsvatnet, trafikk i anleggstida og tippen i austenden av

vatnet verke som stengsel. Ut frå dei feltopplysningane vi har, er

det mogeleg at ei demming av Risbotsvatnet på mindre enn 5-10 m

kan tolereast av hjorten. Men med ei planlagt heving på 21.5 m

vert trekket øydelagt, og det er usikkert om hjorten kan leggje om

dei gamle trekkvanane.

Bortsett frå dette siste hjortetrekket der stengslene er mange

og permanent, er det vanskeleg å vite om dyra berre vil reagere i

anleggstida, eller om skadeverknadene vert langvarige.

Når det gjeld hønsefuglar vil dei gode lirype- og orrfuglbiotopane

frå Nystølsvatnet ned mot Myravatnet bli mykje uroa av anleggstrafikk

og kraftliner særleg vil låge kraftliner vere uheldig for

orrfugl. Redusert vassføring i elvane vil gje vegetasjonsendring i

gode beiteområde for lirype, men det er uvisst kva innverknad det

vil få.

Når det gjeld våtmarksfugl er Fyllingsvatnet av stor regional

verdi. I sørenden av vatnet er det godt utvikla strandvegetasjon,

og område har spesielt stor verdi for hekkande ender. Heile

sommaren er det mykje kvinender i vatnet, noko som tyder på ein

rik botndyrfauna. Fyllingsvatnet vil få knapt 50 % redusert

gjennomstrøyming over året og det kan påverke vegetasjon og næringsprodusjon

- noko som igjen kan gå ut over verdien som våtmarksområde.

Ut

Framføring av veg og kraftline til Tredjevatn, samt bygging av ein

lang betongdam og mykje anleggsaktivitet kan kome i konflikt med

viktige hjortetrekk til Jølster og Fjærland. Problema er knytta til

anleggsperioden, og hjorten vil truleg vere i stand til å tilpasse

trekket til den nye situasjonen.

Området nord for Haukedalsvatnet høyrer med til Sunnfjord' villreinområde.

Reinstamma her vil bli påverka av anleggsaktivitet og

den svært sterke reguleringa av Gjerlandsisvatnet. Villreinen i

dette fjellområdet er sårbar p.g.a. terreng, snøforhold og beitetilhøve,

og uroing kan få store negative følgjer. Det er antyda ein

trekkveg over Gjerlandsisvatnet, og med ei så sterk nedtapping og

usikre istilhøve er dette ei farleg felle for dyra.

Endra vegetasjon langs elvar med redusert vassføring vil påverke

orrfuglbiotopane nord for Gjerland. I tillegg vil sterkt trafikerte

vegar og anleggkraftliner verke negativt.

To våtmarker av stor regional verdi, deltaområda ved innlaupet til

Haukedalsvatnet og Grøningstølsvatnet, vert påverka ved dette alternativet.

Det vil særleg gå ut over hekking av andefugl og fossekall.

Desse to deltaene som er lite påverka av menneskeleg aktivitet

vil få redusert verdi som type- og referanseområde. Våtmarkene

yed Frøysland og Myra har stor lokal verdi som trekk- og hekkelokalitet

for ender. Den godt utvikla strandvegetasjonene og vierkrat-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!