337 Gaularvassdraget, Nystølen-Sværefjorden-Hårklau-Gjerland ...
337 Gaularvassdraget, Nystølen-Sværefjorden-Hårklau-Gjerland ...
337 Gaularvassdraget, Nystølen-Sværefjorden-Hårklau-Gjerland ...
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
3 VASSKRAFTPROSJEKT VIDAREFORINGSPROSJEKT

TIDLEGARE VURDERT ALTERNATIV I SAMLA PLAN

4

Ved forrige handsaming av Samla plan vart eit utbyggingsalternativ

tilnærma lik det konsesjonsøkte (med justering) vurdert. Det vart

plassert i kategori III (gruppe 11), dvs, prosjekt basert på tekniske

løysingar som ikkje er vurdert aktuelle for kraftutbygging

p.g.a. svært stor konfliktgrad med andre brukarinteresser og/eller

høge utbyggingskostnader. Verdien for området er svært høg når det

gjeld naturvern, friluftsliv, vilt, fisk og kulturminne, og det

var for desse bruksinteressene konfliktane var størst. For naturvern,

vilt og fisk er - bortsett frå reint konkrete skadeverknader

- den store type- og referanseverdien for vassdraget svært viktig.

Dei viktigaste skilnadane mellom forrige samla planprosjekt og

vidareføringa er ei oppdeling i tre alternativ og:

Overføring av eit 80.7 km2 felt på Gaularfjell til Sværefjorden

kraftverk.

Utnytting av fallet mellom Steinbotsvatna/Skarvedalsvatnet og

Nystølsvatnet til kraftproduksjon.

- Overføring til Sværefjorden gjer at Arskog og Myravatn kraftverk

går ut av planen. Det gjer også Vallestadfossen kraftverk (sjøl

om den delvis vert erstatta av Lauvavatn kraftverk).

Også ved Sværefjordprosjektet og utbygging i Haukedalen er type-og

referanseverdi for heile vassdraget med i konsekvensvurderingane.

Når det gjeld det konsesjonssøkte alternativet (forrige Sp-alt.)

samanlikna med samla utbygging av Gaularvassdraget (vidareføringsprosjektet)

er konsekvensvurderingane svært så like. Ved full utbygging

er konsekvensane dei same om feltet frå Gaularfjellet vert

ført til Sværefjorden eller utnytta mot/i hovudvassdraget.