27.07.2013 Views

Regionalhistoriske forskningsoppgaver 07 - Universitetet i Agder

Regionalhistoriske forskningsoppgaver 07 - Universitetet i Agder

Regionalhistoriske forskningsoppgaver 07 - Universitetet i Agder

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

73

KULT-P.13 Thorvald Heiberg og heia

Kontaktperson Leonhard Jansen

Institusjon Setesdalsmuseet

Fagområde og periode Kulturhistorie / økonomisk historie, 1900-talet

Bakgrunn for emnet, begrunnelse for prosjektet

Kring 1904 begynte oslomannen Thorvald Heiberg å kjøpe opp store heieområde i området

mellom Setesdal og Sirdal/Ryfylke. Det vart tilsett vaktoppsyn som også hadde ansvaret for

systematisk utrydding av alt rovvilt. Underforstått: Her skal jaktviltet - viktigast rype og rein

ha gode vilkår. Frå Setesdalssida bygde han veg ca. 12 km inn i heia, på Sirdalssida var det

han som stod for bygginga av 1,5 km veg opp til Suleskar. Det vart bygt jakthytter for å hyse

jegerane.

Samtidig sette han i gang ei storstilt marknadsføring i utlandet med føremål å få pengesterke

jegerar frå utlandet til sitt område.

For å realisere draumen sin vart Heiberg i ein periode den største arbeidsgjevaren for bygdene

rundt heia. Samstundes bygde seg opp sterke konfliktar med andre brukarar av heia: lokale

jegerar, turistforeiningane, driftegjætarane m.v.

I 1943 selde han eigedomen på 1 million mål til Quislingregimet, og den fekk namnet

"Njardarheim Veidemark".

Med sine oppkjøp av eigedomar og den store aktiviteten knytta opp til desse, opna Heiberg

opp for ein heilt ny måte å drive næring på i desse bygdene. For første gong var det mogeleg å

skaffe seg ei inntekt utan å drive gardsarbeid i tradisjonell forstand. Samstundes opna dette for

store konfliktar i lokalsamfunnet; konfliktar som ville ha enda opp med drap om ikkje

tilfeldigheitar hadde forhindra det.

Forskningsstatus

Det er skrive og arbeidd ganske mykje med tema knytt opp mot heia, men det er mest ikkje

gjort forsking på høgare nivå. Mykje av dette har meir karakter av samanstilling av fakta enn

analyse av kjelder. Det som er målet no, er å trengje djupare ned i stoffet.

Problemstilling, tema og tilnærmingsmåter

Området opnar for ei rekkje ulike problemstillingar, som t.d.

o Rovdyrutryddinga til Heiberg - økologisk katastrofe eller eit jakteventyr?

o Konfliktar omkring bruken av heia.

o Heia som økonomisk ressurs - samspelet mellom Heiberg og bygdefolket.

Arbeidet vil ha ulike tilnærmingsmåtar, og ein vil truleg vere tent med å kombinere

fagområde for å kunne gi utfyllande svar på dei problemstillingar som måtte kome fram under

vegs i arbeidet. Heibergs overordna mål var eit gigantisk jaktterreng, men effekten av dei

tiltak han sette i verk avspegla seg også på andre felt. Stikkord her kan vere økologisk

balanse, sysselsetjing, heia som turistområde, beitedyr m.m.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!