27.07.2013 Views

Regionalhistoriske forskningsoppgaver 07 - Universitetet i Agder

Regionalhistoriske forskningsoppgaver 07 - Universitetet i Agder

Regionalhistoriske forskningsoppgaver 07 - Universitetet i Agder

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

KULT-P.8 Samlingsstader og danseplassar (fram til ca 1940)

Kontaktperson Anne Tone Aanby,

Institusjon Aust-Agder kulturhistoriske senter (AAks)

Fagområde og periode Kulturhistorie: folkelig tradisjon, 1800- og 1900-talet

62

Bakgrunn for emnet, begrunnelse for prosjektet

Fram til midten av 1800-talet fanst det så godt som ingen forsamlingshus på bygdene.

Ungdomen samla seg gjerne på stader der det var lageleg å danse, som til dømes i vegkryss

eller på bruer. Elles kunne t.d. faste holmar i skjergarden eller høgdepunkt til fjells vere

folkelege samlingspunkt St. hans og påskedagsmorgon. Frå 1830 / 40-talet og utover voks det

frivillige lagslivet fram og blei ein viktig sosial arena, både i by og bygd. Mot slutten av

hundreåret skaffa mange lag og organisasjonar sine eigne forsamlingshus; t.d. bygde

indremisjonsfolket bedehus, den frilynte ungdomslagsrørsla reiste ungdomshus. Dei gamle

samlingsplassane utandørs, som representerte det førmoderne samfunnet, gjekk dei fleste

stader ut av bruk.

Forskingsstatus

Systematiske registreringar eller annna fagleg handsaming av emnet er ikkje kjent.

Problemstilling, tema og tilnærmingsmåtar

Registrering og klarlegging av historie knytt til gamle samlingsplassar gir auka kunnskap om

det gamle samfunnets samværstradisjonar. Det er ei utfordring i seg sjølv å få gjort dette

arbeidet nå, mens noko av kunnskapen framleis kan vere levande i ”manns minne”.

Rein kvantitativ registrering av ulike typar samlingsplassar. Tidfesting av når plassane gjekk

ut av bruk og kvifor. Her kan også ligge til rette for komparative analyser mellom ulike

bygdelag, mellom kyst og innland, mellom aust og vest på Agder. – Delspørsmål

o Kva var det med denne plassen som gjorde han særleg eigna for samkomer?

o På kva måte var desse samlingsplassane med på å forme samversformene?

o Hadde ein samlingsplassar for ulike årstider?

o Var det ulike samlingsplassar for ulike alderssteg – t.d. at eldre folk hadde sin plass

med eigen benk, ungdomen hadde ein danseplass?

o Var det samlingsplassar for ulik bruk: t.d. sommaridrett, vinteridrett, danseplassar,

fiskeplassar osb.?

o Var det faste tider ein møttest? Var det faste innslag når ein møttest?

o Var det eigne samlingsplassar der ulike bygdelag møttest til bestemte tider?

Kjelder

Kjeldene må helst finnast lokalsamfunnet: Stadnamn kan seie noko om tradisjonar for bruk,

t.d. Påskedagsheia, St. Hans-holmen, Danseplassen, Tobakkshola. Intervju med lokale

heimelsmenn kan gje kunnskap om tradisjonar for bruk av plassane. Noko stoff kan også vere

å finne i bygdebøker.

Omfang, organisering og mulige samarbeidspartnarar

Oppgåver som kan eigne seg for lokale undersøkingar, for eitt eller fleire bygdelag. Lokale

sogelag vil kunne gje opplysningar om aktuelle heimelsmenn

Formidling Faglege artiklar, populærframstilling

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!