27.07.2013 Views

Regionalhistoriske forskningsoppgaver 07 - Universitetet i Agder

Regionalhistoriske forskningsoppgaver 07 - Universitetet i Agder

Regionalhistoriske forskningsoppgaver 07 - Universitetet i Agder

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

60

Hovedprosjekt: Pietistisk hegemoni? Kulturbrytninger på Agder ca. 1870-1940

KULT-P.7.3 Forsamlingshus, samværsskikkar og foreningsliv

Kontaktperson og institusjon Anne Tone Aanby, Aust-Agder kulturhistoriske senter

(AAks), Bjørg Seland, Universitetet i Agder (UiA)

Bakgrunn for emnet, begrunnelse for prosjektet

Frå 1830 / 40-talet og utover voks det frivillige lagslivet fram og blei ein viktig sosial arena,

både i by og bygd. Førmålet kunne vere politisk, næringsretta eller religiøst. Mot slutten av

1800-talet blei det også skipa foreiningar for idrett, musikk og andre fritidsføremål. Perioden

ca. 1870-1940 var glanstida for dei store folkerørslene. Organisasjonar for ytre og indre

misjon var drivkrefter i ei religiøs folkerørsle. Fråhaldsrørsla hadde sine organisasjoner med

ambisiøse sosialpolitiske mål. Forkjemparar for landsmålet og ungdom organisert i ”frilynde”

lag utgjorde kjernetroppene i det vi med ei fellesnemning kallar norskdomsrørsla. Den nye

arbeidarklassen utvikla sin faglege og politiske organisasjon.

Masserørslene representerte folkelege motkulturar – dvs dei utfordra på kvar sine måtar

elitens verdiar og storsamfunnets dominerande kultur. Ulike typar lag og organisasjonar

skaffa seg sine eigne forsamlingshus: Indremisjonsfolket bygde bedehus, den frilynte

ungdomslagsrørsla reiste ungdomshus. Fråhaldslag og skyttarlag kunne ha eigne hus,

arbeidarrørsla samla seg om Folkets Hus og frikyrkjelege samfunn fekk sine eigne kyrkjer og

møtelokale.

Forskingsstatus

Det finst ein del registreringar av bedehus i agderfylka (sjå t.d. opplysningar i Slettan 1992). I

Noregs ungdomslags arkiv finst nokre oversyn over ungdomslagshus drivne av frilynte lag

(sjå t.d. Hodne i Kløvstad (red.) 1995, Seland 2006). Ei systematisk registrering av

forsamlingshus på breidt felt har ikkje vore utført tidlegare.

Problemstilling

Registrering av forsamlingshus kan gje auka kunnskap om styrke og breidd i ulike

folkerørsler. Det er ei utfordring i seg sjølv å få gjort dette arbeidet nå, mens mykje av

kunnskapen framleis er levande i ”manns minne”. Klarlegging av historia kring ulike typar

forsamlingshus og studier av dei samværs- og samhandlingstradisjonane som desse husa

representerte, vil gje djupare innsikt i det kulturelle mangfaldet.

Reine kvantitative registreringar av ulike forsamlingshus med tidfesting av byggeår,

kommune for kommune, har verdi i seg sjølv. Studier over arkitektur og tradisjonar for bruk

opnar for ei rekke delspørsmål:

o Kven gjekk i brodden for byggeprosjekta? Sosial og ideologisk forankring.

o Var prosjektet / huset i konkurranse med andre bygg?

o På kva måte blei byggeprosjekta utførte? Var det dugnadsarbeid, kven utførte

fagarbeidet, leverte noen gratis tømmer osb.?

o Kva rammer ga arkitektur og innreiing for samlingane?

o Bruken av husa, kva var tillate og kva var forbode? Var det fri adgang til å leige

huset?

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!