27.07.2013 Views

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

I tillegg til inntektene frå garden, kan

me også spørja oss korleis Christie

brukte garden sjølv.

Jakt og fiske

Om det var med tanke på å reisa ein

praktfull lystgard Christie kjøpte Straume,

var dette i alle høve noko han aldri

realiserte. Kva som var Christie sin

intensjon med kjøpet av gard er ikkje

godt å seia, men lokaliseringa ved

Nordåsvatnet, midt i området der dei

kondisjonerte borgarane hadde sine

sommarresidensar, gjer det ikkje urimeleg

å gå ut frå at dette var ein av

føremåla til Christie. I åra som følgde

kjøpet i 1811 – med gallopperande

inflasjon og pengenedskriving – var

det likevel neppe reising av herskapshus

som sto høgst på lista over gjeremål.

Opplysningar om verdien på huset

i 1858 tyder på at det var eit middels

verdifullt gardshus, og ikkje nokon

lystgard i nokon meiningsfull forstand

av ordet.

Likevel heiter det seg altså at Christie

var aktivt tilstade på garden. Om ein

skal tru Hjellestad var dette knytt til at

han var «ein svært interessert sportsfiskar»

. 57 Trass i at omgrepet «sportsfiskar»

nok meir reflekterer ordforrådet

på Hjellestad si tid enn hundre år

før, er det slett ikkje umogleg at det er

noko i dette. Det me veit frå andre kjelder

er i alle høve at Christie dreiv med

både jakt og fiske. I stordomstida til

lystgardane på midten av 1700-talet

nøyde ein seg helst med elegante og

symmetriske hageanlegg og den «ville

naturen» dugde i høgda som kulissar

til det meir regulerte og inngjerda forfina

selskapslivet. Vendinga mot den

ville naturen som objekt for fritidsaktivitetar

og estetisk nyting blir gjerne

mest forbunden med 1800-talet då romantikken

slo gjennom i Noreg (og

ikkje minst nasjonalromantikken på

midten av hundreåret), men ein kan òg

sjå ei slik dyrking av naturen,

«natursvermeri» , blant opplysningstenkarane

på 1700-talet. 58

Følgjande utdrag frå ein tale Christie

heldt for Quodlibet-krinsen i 1813 fortel

litt om synet hans på jakt:

Af alle de Tilbøjeligheder til Forlystelser

hvoraf Adams Børn plages,

forekommer mig Nimrods 59

Sønners at være den uforklarligste.

– Musik ryster Nervene, Commedier

forlyster Øjet og beskjeftiger

Indbildningskraften, Kortspil

saavelsom de fleste Spil, føder Dovenskab

og nærer Haab om Vinding.

– Hvad der gjør Elskov og

Drik saa saare tillokkende veed

enhver Mesterlectianer. – Men

hvad er det egentlig som gjør Jagten

saa behagelig? Ikke er det Profiten,

thi den egte Jæger bryder sig

kun lidet om det skudte, blot han

har havt den Fornøjelse at skyde

det. Jagtens Forlystelse torde

maaskee grunde sig i en, Mennesket

medfødt Lyst at gjøre ondt. 60

Den «ekte jeger» Christie her talar om

jakta blott til lyst, var ein form for jakt

som var knytt til dei høgare samfunnslaga

og som skilde seg klårt frå bøndene

si innstilling. For dei sistnemnde var

Bergensposten 3 / 2012 31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!