27.07.2013 Views

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Huset på Straume som i dag har adresse Sælenveien 2. Løa lengst framme i bildet er riven.

Frå Kari Matres fotosamling.

frå. 45 I festekontrakten er det heile vegen

snakk om ei tomt, så Ingebrigt

Jensson har vore ein husmann utan

jord. Som husmann åtte han huset, men

ikkje grunnen det sto på. Fridomen

hans var formelt sett ganske innskrenka

ved at han måtte yta arbeid på garden

når eigaren måtte ønska det, og

ved at han måtte rekna med å forlata

staden om eigaren hadde noko å seia

på oppførselen hans. (Han blei likevel

sitjande på plassen lenge, og sonen

Jens overtok plassen som han hadde

fram til han døydde i 1893.) 46

At det står i kontrakten at husmannen

Ingebrigt skulle «gjøre Skyds» for

eigaren er ein indikasjon på at Christie

anten brukte garden aktivt og var tilstade

der, eller at han hadde ein intensjon

om å gjera dette – elles ville det vore

rart om kontrakten nemnde dette spesielt.

I følgje munnleg overlevering er

det også noko i dette – av rekka av

byfolk som eigde Straume skal Christie

ha vore den einaste som i periodar har

budd på garden. 47 Av tradisjonen og

festekontrakten kan ein såleis gå ut frå

at Christie faktisk har vore på garden.

Men kva har i tilfelle vore Christie sin

føretrekte veg til Straume, og kva har

Ingebrigt Jensson sin skyssplikt

konkret gått ut på?

Det var fleire vegar som førde til

Straume: Sjøvegen heile vegen frå Bergen

var kan henda vel strabasiøs og

tungvint. Ei anna rute gjekk frå Damsgård

og Laksevåg over Melkeplassen

til Sælen og derfrå med båt: Her var

laga ein veg av Hans Forman kring

1790, men denne blei i samtida knapt

sett på som farbar, i alle fall ikkje om

me skal tru Lyder Sagen: «Veien vil vi

ikke begi oss på, da man må gjennemgå

en skjærsild av bakker og vilde

chaotiske utmarker» . 48 Me gissar difor

på at Christie, som i så mangt anna,

heldt med sin gode ven Sagen, og då

står eit tredje alternativ att: Sidan 1760

-åra hadde det vore køyreveg frå Solheimsviken

til Fjøsanger, den eldste

Bergensposten 3 / 2012 27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!