27.07.2013 Views

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

På Straume har ein veg fått namn etter

Wilhelm Frimann Koren Christie. Foto:

Runar Jordåen, oktober 2012.

ein situasjon som varte til 1858 då garden

fekk to sjølveigande brukarar. 41

I løpet av dei første tiåra på 1800-talet

fekk Straume òg to husmenn (ingen

husmenn var nemnde i 1801-teljinga),

begge nede ved sjøen ved straumen

mellom Nordåsvatnet og Sælenvannet.

Den første av desse blei rydda kort tid

etter 1801 og blei kalla «Knappestrømmen»

, den andre blei etablert i

1825 med namnet «Strømmestøen» . 42

I 1801 budde det som sagt to bondefamiliar

på garden. Kring 1830 var det

blitt fire familiar på Straume, to paktarfamiliar

og to husmannsfamiliar.

Christie dreiv altså garden med paktarar

og husmenn, men spørsmålet er om

han òg sjølv brukte og var til stades på

garden. Det finst ingen spor etter

kjøpstadhus på Straume på 1700-talet,

og me kan såleis slå fast at det ikkje

var nokon lystgard på dette tidspunktet.

Ein kan likevel spørja seg om Christie

kjøpte garden for å gjera han om til ein

lystgard, dette var jo midt i kjerneområdet

for slike gardar. For å komma

nærmare eit svar skal me først sjå på

ein husmannskontrakt frå 1825, deretter

på huset Christie sette opp på garden.

Husmann og skysskar for Christie

Vilkåra for plassen Straumestøa blei

sett opp i ein festesetel – ein husmannskontrakt

– mellom Christie og

husmannen Ingebrigt Jensson som kom

frå nabogarden Søreide, i 1825. Her

blei det kunngjort at Christie hadde

festa ein «husegrund» til Ingebrigt der

husmannen skulle få lov til å setja opp

eit våningshus på 7 x 3,5 meter (12 x 6

alen) mot at han årleg betalte ein spesiedalar

i grunnleie, gjorde skyss for

Christie og «Dagarbeide paa Gaarden

naar jeg maatte forlange det» for 24

skilling dagen. 43 Husmannen fekk ikkje

løyve til å ta ut skog frå garden,

men han skulle få lov til å «rive Lyng

og Ener i min Udmark vestenfor

Strømme-Elven» til eige bruk. 44 Om

det skulle skje at husmannen eller kona

oppførte seg slik at eigaren blei misnøgd,

skulle han på tre månaders varsel

seia opp tomta og flytta huset sitt der-

26 Bergensposten 3 / 2012

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!